Roar Uthaug var 19 år og skolelei. Så dukka det opp ein lapp på arbeidskontoret

I dette actioneventyret følger vi Lara Croft på sin reise for å løse mysteriet rundt farens forsvinning. Filmen er basert på videospillet «Tomb Raider».
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då han starta i tredje på vidaregåande vart det nok skole for Roar Uthaug (44). No er han ein av Noregs største filmregissørar, og er headhunta til Holllywood.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han starta med å lage små skrekkfilmar med kompisane på ungdomsskola. Det var på 80-talet, mobiltelefon var eit framandord, og ein hadde ikkje så lett tilgang på utstyr som no i dag. Skulle dei filme måtte dei låne videokamera på skolen eller via kompisar som hadde heime.

– Filmane var forsåvidt veldig dårlege, minnest Roar Uthaug (44).

Filmane vart vist for klassekameratane og læraren. Og læraren var alltid opmuntrande.

– Sjølv om det gjekk i øksemord og liknande, så fekk vi veldig skryt for kreativiteten. Det trur eg hadde mykje å seie. Vi hadde det veldig gøy, og at vi fekk god tilbakemelding og kunne gjere som vi ville betydde mykje. Det var ikkje noko snobberi i tilbakemeldinga, seier han.

Skolelei

Då han skulle starte på vidaregåande hadde dei tre val. Allmennfag, handel og kontor eller yrkesfag. Valet fall på handel og kontor, då dei to andre studieretningane ikkje interesserte han. Etter kvart gjekk han lei, og då han byrja i tredje klasse var det nok.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då slutta eg på skolen. Eg tenkte at eg ikkje ville sitte på noko kontor. Eg var skolelei og droppa ut av vidaregåande. Eg anbefalar det ikkje, seier Uthaug.

(Saken fortsetter under)

Roar Uthaug Foto: Foto: Anders Flatland
Roar Uthaug Foto: Foto: Anders Flatland

– Koss var det den gongen, å slutte på vidaregåande?

– Det vart veldig sett ned på. Eg skjønar det på ein måte. På fritida hadde eg småjobbar og var litt arbeidsledig, og det såg ikkje så lovande ut, ler han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Uthaug var registrert på arbeidskontoret, det som i dag heiter NAV. Ein dag såg han ein lapp på veggen. Det var Mediefabrikken i Akershus som lyste ut ti plassar på eit eittårig filmkurs for arbeidsledige ungdommar.

Lærte å filme og klippe film

Der fekk han plass, og i løpet av eitt år lærte han og dei andre om å filme og klippe, og han fekk verkeleg smaken på å drive med film. På Mediefabrikken vart han i to år. Då skjønte han at det var film han ville halde på med, og bestemte seg for å søke filmskole. Då var òg motivasjonen høg nok til å fullføre vidaregåande på eitt år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

VIDEO: Roar Uthaug hadde sansen for groteske scener allereie då han laga film på Mediefabrikken i 1994

Då Uthaug var ferdig på vidaregåande fanst det ikkje noko filmskole enno i Noreg, så han søkte til Danmark og Sverige. Der kom han ikkje inn. I 1997 opna filmskolen på Lillehammer. Då kom han til intervju men ikkje inn på første forsøk. To år seinare fekk han plass på regilinja.

Då var Roar 27 år. Han minnest skolen som ei fin tid, og mykje var på grunn av medelevane.

– Det var veldig fint å gå på skole med andre som hadde samme brennande interesse som eg sjølv hadde. Det eg fekk mest ut av var å vere med dei andre elevane. Vi knytta band, og seinare var det dei eg jobba med då eg lagde «Fritt Vilt» og reklamefilmar.

– Tenkte du nokon gong at å bli filmregissør var ein for utrygg veg å gå?

– Ikkje eg. Men foreldra mine tenkte det nok. Det er jo eit veldig usikkert yrke. Det er mange om beinet, både for å komme inn på filmskolen og for å få jobb etterpå. Det er ikkje noko trygt karriereval, og ein må verkeleg brenne for det, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Thelma er det mest utfordrande eg har gjort

Headhunta til Hollywood

Og brenne for det, gjorde han. Han regisserte skrekkfilmen «Fritt Vilt» (2006), var med å produsere «Fritt Vilt 2» (2008) og lagde fleire reklamefilmar. Allereie då var det amerikanske produksjonsselskap som tok kontakt med Uthaug. Då han nokre år seinare lagde «Bølgen» (2015), vart han Oscarkandidat for Noreg. Då vart filmbransjen i Hollywood verkeleg interesserte. No er han i full gang med innspeling av «Tomb Raider» i Hollywood, med premiere i mars.

– Kva er skilnaden på å jobbe med film her i Noreg og i Hollywood?

– Det er eigentleg ikkje så stor forskjell. Det er berre fleire folk, tilgang på fleire ressursar og vi har betre tid, seier Uthaug.

(Saken fortsetter under)

VIDEO: «Bølgen» var den første katastrofefilmen laget i Skandinavia, basert på det faktum at fjellpartiet Åkneset en dag vil rase ut og skape en kraftig flodbølge på over 80 meter som vil knuse alt på sin vei før den treffer land i Geiranger

Artikkelen fortsetter under annonsen

Som filmregissør er ingen dagar like

– Får du nokon gong prestasjonsangst av å jobbe så stort?

– Det hender jo. Men det som er bra med å jobbe med film, er at ein gjer det i små bitar. Så ein fokuserer på den vesle biten ein har framfor seg. Ein kan ikkje gjere alt på ein gong.

Som filmregissør er han kunstnerisk leiar, og er med i heile prosessen i ei filminnspeling. Han jobbar med manusforfattar i forkant, jobbar med fotografen, instruerer skodespelarane, er med i klipperommet når filmen skal klippast saman. Og han samarbeider med dei som jobbar med lyden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ingen dagar er like, og det er utruleg variert. Det blir aldri keisamt, seier han.

Men det er ingen åtte til fire-jobb.

– I går jobba eg frå ni på morgonen til ti på kvelden. I morgon skal eg jobbe til to på natta. Det er vanskeleg å kombinere med familieliv og vener, og det er veldig altoppslukande, seier Uthaug.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Uthaug fortel at noko av det gøyaste er å vise fram det han har laga til publikum.

(Saken fortsetter under)

Roar Uthaug under innspeling av «Bølgen». Foto: Eirik Evjen / Fantefilm
Roar Uthaug under innspeling av «Bølgen». Foto: Eirik Evjen / Fantefilm

Råd til deg som vil jobbe med film

– Kva råd har du til ungdommar som har lyst til å drive med film?

– Eg ville øvd meg så mykje som mogleg. No er det jo så lett å få tilgang til kamera og klippeutstyr. Eg trur det er det eg har lært mest av- å berre å øve og gå ut og filme, klippe det saman, sjå på det, og gå ut og filme igjen. Ein lærer noko nytt for kvar gong.

– Kva er dei viktigaste eigenskapane til ein filmregissør?

– Hm, ein må vere litt arbeidsleiar. Alle i teamet ser opp til deg i forhold til kva dei skal gjere. Ein må formidle sin visjon rundt filmen. Og så må ein vere uthaldande. Fordi det tek lang tid og er ein komplisert prosess, seier Uthaug.

Les også: Iram Haq: – Det er frykt som driv sosial kontroll vidare

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no