Når Stoltenberg snakkar til folket

Statsministeren har lova å ikkje love så mykje i nyttårstala si denne gongen.(Foto: Scanpix)
Statsministeren har lova å ikkje love så mykje i nyttårstala si denne gongen.(Foto: Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsministerens nyttårstale kan ha ein funksjon, sjølv om den ikkje går inn i historia som ein av dei mest politisk viktige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
I nyttårstala frå 2007 kom statsministeren med desse lovnadene:

Innan 2014 skal Noreg få på plass den teknologien som trengst for å reinske klimagassutslepp, og det skal bli vår «månelanding», sa han 1. januar 2007. Samstundes lova han å kjøpe klimakvoter for regjeringa og statstilsette når dei reiser utanlands med fly.

Då 2007 nærma seg slutten, hadde regjeringa enno ikkje byrja kjøpe klimakvoter for utanlandsreiser. Og sjølv om statsministeren meiner at månelandingsprosjektet er intakt, medgjer han at det ikkje vil ligge an til like store lovnader for det kommande året.

2007 var året kor statsministeren lova både CO2-reinsking og kjøp av klimakvoter i nyttårstala si.

- Statsministeren var ikkje heilt heldig med løfta han gav i fjor, seier debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik.

Men om det betyr noko for folket, er ho ikkje sikker på.

- Nyttårstala er blitt meir av ei festtale, seier ho og meiner ei forklaring på det kan vere at vi har mista av syne at tala faktisk kan ha ei politisk tyding. Nasjonsbygginga si tid er over.

- Eg kunne til dømes ønskt at statsministeren ville brukt nyttårstala til å snakke alvorleg om korleis det er å byggje ei formue av den fornybare ressursen landet pumpar opp eller om tema som gjeninnføring av sosial bustadpolitikk.

Afghanistan

Eitt tema statsministeren neppe kjem unna i kveldens tale er Afghanistan, meiner debattredaktøren. Både i 2006 og i 2007 kommenterte statsministeren dei norske soldatane sin innsats i Afghanistan, og Sandvik er ikkje i tvil om at temaet må nemnast, etter at norske liv for første gong gjekk tapt i Afghanistan hausten 2007.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sandvik meiner dessutan det ville vore interessant å høyre Stoltenberg tale om korleis det er å vere politikar og kome med lovnader han veit er heilt umuleg å innfri, slik som den etter kvart så berømte månelandinga. Korleis det påverker ein politikar at han må snakke mot betre vitande fordi han er redd for å misse velgarar viss han seier det han eigentleg meiner.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Og så kunne han halde eit kurs i kor grensa går mellom korrupsjon og heilt vanleg golfspel.

Set ikkje spor etter seg

- Nyttårstala som sjanger er vanskeleg, seier medievitar og forfattarJens E. Kjeldsen.

- Tala blir alt for ofte eit årsoppgjer og handlar slik sett om alt og ingenting. Ei tale om mange ulike tema blir fort keisam og lite engasjerande

Kjeldsen ein av forfattarane av boka «Virksomme ord», ein antologi med norske politiske taler frå 1814 til 2005. Nyttårstalene til den norske statsministeren er ikkje ein del av talene som har sett store spor i ein slik samanheng, men det tyder ikkje at nyttårstala er uviktig eller upolitisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kanskje er det ikkje dei store politiske løfta som skal stå i høgsetet, seier Kjeldsen.

- I nyttårstala skal ikkje statsministeren først og fremst vere partiets eller regjeringas talsmann, han skal snakke til heile folket.

Tok ein Reagan

Ein lure tinga Stoltenberg har gjort, var då han i nyttårstala 2006 drog fram to elevar med utanlandsk bakgrunn, Farianne Rochan og Zaheer Ahmad, som hadde gjort det spesielt godt på skulen. Her føyer han seg ifølgje Kjeldsen inn i ein tradisjon som mellom andre den tidlegare amerikanske presidenten Ronald Reagan brukte med stort hell:

- Å namngi enkeltpersonar som har gjort noko særskild var eit godt grep. Men historia rundt personane må ha ein større lærdom for at det skal fungere.

- Er det nokre andre norske nyttårstaler som har gjort seg spesielt bemerka?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ein av dei vi hugsar, er kanskje tala kor dåverande statsminister Bondevik snakka om mobbing.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange var kritiske til nett denne tala, men Kjeldsen meiner styrken i tala var at Bondevik la mykje av seg sjølv som person i ho.

- Mobbespørsmålet var ikkje ei politisk sak, men ho betydde noko for fellesskapet. Dei færraste var vel i tvil om at Bondevik meinte det han sa.

At nyttårstala har og bør ha ein funksjon, er han ikkje i tvil om.

- Den er eit ritual, og bør vere eit samlande punkt. Dei har vi ikkje så mange av lenger.

Statsministerens nyttårstale blir sendt på NRK1, TV2 og NRK P1 i kveld klokka 19.30.