- Albert Åbergs førtiårskrise

- Albert Åbergs førtiårskrise
- Albert Åbergs førtiårskrise
Artikkelen fortsetter under annonsen

Boka om Albert Åbergs førtiårskrise er éin av 170 titlar på som Gyldendal byr på denne hausten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Bokhausten
Redaksjonssjef Kari Marstein presenterte i dag Gyldendals norske skjønnlitterære utgjevingar denne hausten. (Foto: Kari M. Hestad)

Kva skjedde eigentleg med Albert Åberg og far hans?

Johan Harstad, som i 2005 gav ut kritikarroste «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?» kjem i oktober med «Hässelby», der lesaren møter Albert Åberg på 90-talet, som vaksen mann i ein heller stusseleg forstad til Stockholm. Redaksjonssjef Kari Marstein kalla denne boka «ein varsla kultroman» under dagens presentasjon av Gyldendals haustliste.

Blant haustens debutantar frå forlaget finn vi blant andre Ingvild Rishøi (28), som har vore så heldig å bli valt til hovudbok i Bokklubbens Nye Bøker med novellesamling «La stå!».

Tyrkiske Izzet Celasins «Svart himmel, Svart hav» var ein av vinnarromanane i konkurransen om den nye politiske romanen og kjem ut i løpet av hausten. Boka tar for seg den politiske uroen i Tyrkia i 1978, der unge studentar stod mot eit brutalt millitærstyre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Debutanten Geir Stian Orstein Ulstein har skrive bok om bestefar sin. I 1943 blei han arrestert og sendt i fangenskap til Tyskland. Som attanåring fekk Geir Stian høyre bestefaren fortelje om dei dramatiske hendingane, som no har blitt til boka «Piggtrådroser».

Andre titlar som det kan vere verdt å bite merkje i, er Erik Grønners «Brent B», ein business-thrillar om Statoils indre liv som blir utgjeven ein av dei nærmaste dagane, og Margit Walsøs romandebut «Kjære Voltaire».

Walsø er forlagssjef i Samlaget, men prøver seg no som forfattar med denne historiske forteljinga om kvinna Émilie du Châtelet, som blir nær ven med opplysningsmannen Voltaire.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mads Larsen. (Foto: Gyldendal)Mads Larsen. (Foto: Gyldendal)

Provoserande

Mads Larsen vil garantert få mykje presseomtale for si komande bok, som har fått det mediavennlege namnet «Lesbisk nigger». Larsen blei kjendisforfattar då han i 2003 gav ut den provoserande romanen «Pornopung», og mykje talar for at årets utgjeving vil bli like omdiskutert.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje forlaget skal boka handle om den lesbiske mannen Robin, som tilhøyrer «verdas raskast veksande seksuelle minoritetar», og skal vere ei provoserande, humoristisk og tankevekkjande bok om ein mann som kan få alle kvinner, bortsett frå dei han verkeleg kan elske, nemleg lesbene.

Ung, tragisk kjærleik

Av dei mange biografiane forlaget kan by på i haust, finn vi blant andre Jan Erik Volds « Ruth Maier: En jødisk flyktning i Norge». Ruth Maier kom til Noreg før krigen der ho blei kjend med lyrikaren Gunvor Hofmo.

Jan Erik Vold (Foto: Scanpix)Jan Erik Vold (Foto: Scanpix)

Vennskapet gjekk over til kjærleik, men tragisk nok blei Maier i 1942 tatt av den store jøderazziaen og frakta til Auschwitz, der ho blei gassa i hel berre 22 år gammal. Vold skal ha jobba med boka i ti år, og blant anna nytta seg av dagbøkene til Maier som Gunvor Hofmo tok vare på, samt snakka med slektningar av jenta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sigrun Slapgard er aktuell med ny biografi om den 1,80 høge, storrøykjande og kaffidrikkande nobelprisvinnaren Sigrud Undset. «Dikterdronningen» skal innehalde ei mengd nye kjelder, ifølgje Marstein.

Håkon Moslet har skrive bok om bandet Turboneger, som kjem i midten av oktober. Og elles skal det i løpet av hausten sleppast biografiar om så ulike personar som Rosemarie Köhn, Wenche Foss og Sven O. Høiby.

Søvnlause netter

Redaktør Janneken Øverland lovar nordmenn søvnlause netter i november.

Då kjem nemleg Stieg Larssons tredje og siste bok om journalist Mikael Blomkvist og datanerden Lisbeth Salander, «Luftslottet som sprengtes».

Les også:

Kyrre Andreassen vann Sult-prisen