To vinnarar i Gyldendals romankonkurranse

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gyldendal fekk inn over 60 manuskript i romankonkurransen om «Den nye politiske romanen». Vinnarane blei ein nordsjøarbeidar frå Oslo og ein tolk frå Istanbul.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vinnarane av Gyldendals romankonkurranse om «Den nye politiske romanen » blei Leif Henriksen og Izzet Naci Celacin. (Foto: Kari Mathilde Hestad)Vinnarane av Gyldendals romankonkurranse om «Den nye politiske romanen » blei Leif Henriksen og Izzet Naci Celacin. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

Torsdag offentleggjorde Gyldendal vinnarane av romankonkurransen. Staden dei hadde valt for å kunngjere den nye politiske romanen var neppe tilfeldig, nemleg Kafé Internasjonalen på Youngstorget.

Det blei to likeverdige vinnarar av konkurransen: tyrkiske Izzet Naci Celacin og nordsjøarbeidaren Leif Henriksen frå Oslo.

Begge dei to er skjønnlitterære debutantar.

Utlysinga av konkurransen om den nye politiske romanen møtte mykje motbør i fjor vinter. Syn og Segn-redaktør Hilde Sandvik kalla konkurransen for «gammaldags og snever» og ifølgje litteraturredaktør Bendik Wold er det unødvendig med ein slik konkurranse, sidan det politiske engasjementet etter hans meining allereie er svært utbreidd i norsk litteratur.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Like fullt har Gyldendal gjennomført konkurransen, og redaktør i Gyldendal, Kari Marstein, innleia pressekonferansen med å fortelje kva ho saknar i litteraturen:

- Det manglar noko i norsk samtidslitteratur. Vi les så mykje om familien, mødrer, døtrer, kjærleik, oppvekst; ikkje minst studentar les vi altfor mykje om, sa ho til eit småflirande publikum.

- Kvar finn vi den store røyndomen? Kvar finn vi dei arbeidande, verkande, levande menneska? I dag finn vi dei berre i krimlitteraturen.
Dagens litteratur skriv seg vekk frå samtalen med makta. Og kanskje vil ingeniørar, bønder og sjukepleiarar også delta?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

To vinnarar


Ifølgje jurymedlem Kjartan Fløgstad skal det vere stor spennvidde mellom dei to. Den første vinnaren, Izzet Naci Celasin, arbeidar som tolk i Oslo.

- Tyrkiske Izzet Naci Celacin har skrive ein gripande, medrivande roman om politisk aktivisme i Tyrkia. Boka inneheld også ei tragisk kjærleikshistorie, sa Fløgstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Leif Henriksen har skrive om kvardagen til nordsjøarbeidaren, han som arbeidar i «olja» som det heiter. Boka er svært aktuell og handlar om den mest omstridde delen av den norske røyndomen, nemleg korleis det nyrike Noreg blei til.

- Eg har skrive om dei harde arbeidsøktene og røyndomen blant stål og betong på oljeplattformen, sa Leif Henriksen, som sjølv arbeidar som sikringsleiar i Nordsjøen.

Politisk aktivisme i Tyrkia


- Boka mi, «Svart himmel svart hav» er ei hylling til min generasjon, kunne tyrkiske Izzet Naci Celacin fortelje til Neste Klikk.

- Eg var ein del av den politiske undergrunnsrørsla i Tyrkia, som gjorde opprør mot regimet på 70-talet. Vi var alle venstreradikale. Sjølv var eg - og er eg - marxist.

- Målet vårt den gongen var ein sosialistisk revolusjon. Men i 1980 kom militærkuppet som knuste alt opprør, alle ideal og draumar. Sjølv sat eg i fengsel i nesten seks år. Eg rømde landet etter prøvelauslatinga og kom ad omvegar til Noreg som kvoteflyktning, fortel Celacin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Boka hans handlar også om kjærleik.

- Kjærleikshistoria symboliserer korleis ein ønskjer seg noko veldig mykje, men ikkje får det, slik vi også ønskte oss revolusjonen. Begge prosjekta endar med desillusjon.

Trass i at Celacin har opplevd mykje av det han skriv om, så understrekar han at boka hans ikkje er nokon sjølvbiografi.

- Eg kallar det fiksjon basert på røyndomen, seier han og smiler lurt.

Premien på 50.000 kroner skal han bruke på ei reise til Cuba.

- Cuba har alltid vore draumen. Eg skal også skrive vidare, eg har allereie to nye prosjekt i hovudet, seier den glade vinnaren.