Svenneby skal ha ros for å tore å løfte ein viktig og vanskeleg debatt

Ida Johanne Aadland deler nokre av Unge Høgre-leiar Ola Svenneby sine bekymringar, men åtvarar mot innvandringsstopp.
Ida Johanne Aadland deler nokre av Unge Høgre-leiar Ola Svenneby sine bekymringar, men åtvarar mot innvandringsstopp. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg er einig med Svenneby i at dagens asylsystem har mange svakheiter, og at det går utover både folk på flukt og mottakarlanda. Men «innvandringsstopp» er ei usolidarisk og uansvarleg løysing.

Stemmer: Ida Johanne Aadland
Student

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby foreslår å innføre «innvandringsstopp» for å løyse integreringsutfordringane i Noreg. Han meiner me skal slutte å ta imot kvoteflyktningar, avgrense familieinnvandringa og gå vekk frå dagens asylsystem.

Dagens asylsystem fungerer ikkje

Eg er einig med Svenneby i at dagens asylsystem har mange svakheiter, og at det går utover både folk på flukt og mottakarlanda. Eg deler også bekymringa hans for dei negative konsekvensane dårleg integrering har både for innvandrarar sjølv og landa dei kjem til. Men «innvandringsstopp» er ei usolidarisk og uansvarleg løysing.

I dag er det ein menneskerett å søke asyl. Dei med behov for vern får opphald, mens dei utan blir returnerte. Det er i utgangspunktet rettferdig, men det fungerer ikkje like bra i praksis.

For det første er det berre mogleg å søkje asyl på sjølve grensa. Å kome seg dit er ofte dyrt, farleg og vanskeleg, og dermed er det berre dei mest ressurssterke som får sjansen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For det andre er asylsystemet uføreseieleg for mottakarlanda, fordi det ikkje finst ei øvre grense for kor mange som kan søkje asyl i eit land. Ein veit heller ikkje når det kjem nye år som 2015 og 2022 det kjem store grupper menneske med openbert behov for vern som ein er forplikta til å ta imot. Det gjer at det er vanskeleg å planlegge gode mottakssystem, i tillegg til at det skapar ei kjensle av å ikkje ha kontroll, som igjen kan auke framandfrykta i befolkninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre få statar blir ståande åleine med hundretusenvis av asylsøknadar, medan andre, som Noreg, knapt får nokon.

For det tredje skapar mangelen på forpliktande fordelingsmekanismar ei enorm geografisk skeivfordeling, der nokre få statar blir ståande åleine med hundretusenvis av asylsøknadar, medan andre, som Noreg, knapt får nokon. At Europa ikkje har klart å bli einige om ei rettferdig intern fordeling av asylsøkjarar, har også ført til eit «kappløp mot botn» der politikarar i dag konkurrerer i å behandle asylsøkjarar og innvandrarar dårlegast mogleg for å skremme folk frå å søkje asyl i akkurat deira land.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Resultatet er at me i dag har eit Europa som skryt av menneskerettane sine, samstundes som me brukar milliardar av skattekroner på å forsøke å hindre folk i å søkje asyl: me bankar opp dei som forsøker å krysse grensene, me unngår å redde folk som druknar, me straffeforfølgjer frivillige hjelpearbeidarar og me betalar libysk og gresk kystvakt for å dytte folk valdeleg vekk frå grensene. Altså: systematiske, statsfinansierte menneskerettsbrot.

Å ikkje ta imot kvoteflyktningar er usolidarisk

Derfor er eg einig med Svenneby i at asylsystemet bør endrast. Men at Noreg i tillegg skal slutte å ta imot kvoteflyktningar, meiner eg er uansvarleg og usolidarisk.

Kvotesystemet, der FN vel ut dei mest sårbare flyktningane og tilbyr dei direkte overføring til mottakarland, hjelper dei som treng det mest, samstundes som det skapar føreseielegheit og ei kjensle av kontroll i landa som skal ta imot.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dersom Noreg – eit av verdas rikaste og mest ressurssterke land – ikkje skal bidra i denne internasjonale dugnaden, er det djupt usolidarisk ovanfor både folk på flukt og resten av det internasjonale samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis ser ein «innvandringsstopp» ut i praksis?

Dagens asylsystem fungerer altså verken for folk på flukt, eller for landa som skal ta imot, og me treng eit betre alternativ. Men eg trur ikkje ein full «innvandringsstopp» er eit betre alternativ.

For korleis meiner Svenneby og dei som støttar forslaget hans, at ein full «innvandringsstopp» skal handhevast i praksis, utan å forkaste fleire av menneskerettane i same slengen?

Skal dei som kjem til grensa verte returnert til heimlandet utan at me først undersøker om dei risikerer å bli drepne, torturerte eller forfølgde der? Skal dei kriminaliserast, bøteleggjast og fengslast? Kva er i så fall prisen for å søkje tryggleik og moglegheiter?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal me stoppe folk fysisk på grensa? Europa har forsøkt å «stenge» grensene sine sidan 2015, men verken høgre murar, valdelege grensevakter eller avansert overvakingsteknologi har klart å stoppe folk frå å ta seg over, det har berre gjort det farlegare. Og kva skal me gjere med alle dei som likevel klarar å krysse grensene – skal dei leve her som papirlause og rettslause?

Eller skal me betale andre for å ta imot folka me ikkje vil ha? Finst det nok – om nokon – «trygge tredjeland» som er villige til å ta imot alle dei Noreg og andre europeiske land ikkje vil ha? Storbritannia har allereie forsøkt å betale seg ut av det ved å sende asylsøkjarane sine til Rwanda, men planane har blitt stoppa av omsyn til menneskerettane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva med eit reint kvotesystem?

Andre har også foreslått alternativ til dagens asylsystem. UDI-sjef Frode Forfang og den svenske forskaren Joakim Ruist har til dømes teke til orde for å avvikle asylretten og heller erstatte den med eit reint kvotesystem. Dei meiner det vil vere meir rettferdig ovanfor folk på flukt, og meir berekraftig for velferdsstatane som skal ta imot.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan me ikkje heller byggje vidare på det forslaget, i staden for å låse oss inne, kaste nøkkelen og satse på «survival of the fittest»?

Ein viktig debatt

Dagens situasjon er uhaldbar og uverdig, og me er nøydde til å diskutere kva alternativ som finst. Svenneby skal derfor ha ros for å tore å løfte ein viktig og vanskeleg debatt.

Argumenta hans er saklege og konstruktive – ikkje «skadelege» og «fordummande» – og for menneska på flukt som treng at verdssamfunnet finn ei løysing kan me håpe at debatten held fram slik.

Uavhengig av kva me gjer med asylsystemet bør me bidra meir i nærområda, i tillegg til å gjere alt me kan for å hindre at folk må flykte (som til dømes å kome i gong med klimatiltak som monnar, slik at me unngår at endå fleire område blir ulevelege).

Det kan me og bør me ta oss råd til – både politisk og privat.

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Denne kommentaren ble først publisert på Framtida.no).

(Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den).