Å leite etter meir olje er verken solidarisk eller kunnskapsbasert

Edvard Grieg-feltet er et oljefelt som ligger på Utsirahøyden i Nordsjøen.
Edvard Grieg-feltet er et oljefelt som ligger på Utsirahøyden i Nordsjøen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Utsleppa frå nye oljepattformar går imot Parisavtalen. 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Åsmund H. Eikenes
Forskningsformidler, forfatter og førstelektor ved Universitetet i Oslo

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Gjennom Parisavtalen har verdssamfunnet blitt einige i å halde oppvarminga til under 1,5 grader, og Noreg har forplikta seg til å bidra. Det viktigaste verkemiddelet vårt er å redusere utslepp av CO2. Planlagde utslepp frå nye, norske oljeplattformar gjer det globale arbeidet endå vanskelegare.

Koplinga mellom CO2 i atmosfæren og temperatur på jordoverflata er godt kjent, og det er mogleg å rekne ut kor mykje meir CO2 vi kan sleppe ut før vi når smertegrensa på 1,5 grad. Denne mengda vert omtala som det globale CO2-budsjettet.

Les også: Trump ut mot Parisavtalen

Ingen utslepp etter 2050

FNs klimapanel estimerer at CO2-budsjettet er på om lag 400 til 600 gigatonn CO2 for dei neste 30 åra. Etter 2050 bør verda helst vere karbonnøytral.

Jo meir CO2 vi slepp ut, jo mindre sannsynleg er det at vi vil klare å avgrense oppvarminga til berre 1,5 grader. Vi har 4-600 gigatonn CO2 igjen å sleppe ut. Etter det: helst ingen ting.

Sjølv om CO2-budsjettet viser til framtidige utslepp, så ligg vi diverre ikkje så bra an. I sommar kom ei gruppe amerikanske og kinesiske forskarar med ein urovekkande konklusjon som svar på følgande spørsmål: Kor mykje CO2 kjem eksisterande infrastruktur, slik som kraftstasjonar, industrianlegg og motorvegar rundt om i verda, til å sleppe ut i framtida?

Vi treng vindkraft og solceller, og løysingsorienterte debattar om kjernekraft og globalt energibehov.

Forskarane reknar med at bruken av infrastrukturen blir om lag den same dei neste tiåra som den har vore dei forrige tiåra, og dei gjer også ei lang rekke lokale tilpassingar for å få dataene til å bli så presise som mogleg.

Eit sprengt CO2-budsjett

Svaret dei kjem fram til er at kraftverk, industri og transport kjem til å sleppe ut om lag 650 gigatonn CO2 til atmosfæren. Legg forskarane til kraftverka som er planlagt og under utbygging, kjem dei til om lag 850 gigatonn CO2. Utsleppa frå eksisterande infrastruktur er altså mykje meir enn budsjettet vårt på 4-600 gigatonn CO2.

Over halvparten av dei framtidige utsleppa kjem frå infrastruktur knytta til produksjon av straum. Kol, olje og gasskraftverk. Forskarane er difor tydelege på at vi må pensjonere og erstatte eksisterande infrastruktur med klimanøytrale alternativ. Vi treng vindkraft og solceller, og løysingsorienterte debattar om kjernekraft og globalt energibehov.

Konklusjonen til forskarane er denne: for å nå målet om berre 1,5 grader oppvarming, så kan vi bygge svært lite eller ingen ny infrastruktur som fører til utslepp av CO2. Ingen nye kolkraftverk, ingen nye industrianlegg, ingen nye rullebaner, ingen nye oljeplattformar.

Les også: Macron: – Nekter å signere Mercosur-avtale

Usolidarisk symbolpolitikk

Noregs bidrag for å nå måla i Parisavtalen bør vere drastiske kutt i CO2-utsleppa våre, ikkje kortsiktig symbolpolitikk. Vi må løfte blikket frå bompengar, plastsugerør og eigedomsskatt.

Det er valg om nokre veker. Bruk stemmeretten din.

Det er ein stor kontrast mellom forskarane sine konklusjonar om at bygging av ny infrastruktur ikkje er i tråd med Parisavtalen, og utbygging av stadig nye oljefelt på norsk sokkel. For sjølv om den nye prestisjeplattformen på Johan Sverdrup-feltet skal drivast med straum frå fastlandet, så kjem oljen likevel til å sleppe ut tonnevis med CO2 når den blir brukt til å lage straum i eit kraftverk, sjølv om det skjer ein annan plass enn i Noreg.

Johan Sverdrup-feltet skal etter planen vere i drift i 50 år. Ambisjonen er å hente opp olje lenge etter at verda har satt seg mål om å vere klimanøytrale. Oljen kjem til å gi enorme inntekter til Noreg, men den kjem også til å gi enorme klimautslepp som påverkar heile kloden. Det er verken ein solidarisk eller bærekraftig klimapolitikk.

Det er valg om nokre veker. Bruk stemmeretten din.

Personvernpolicy