Førdefestivalen med full fysisk festival i juli

Miss Tatis Angola 70
Miss Tatis Angola 70 Foto: Sondre Eriksen
Artikkelen fortsetter under annonsen

7.-11. juli er Førdefestivalen, den største folkemusikkfestivalen i Skandinavia, tilbake med ein trygg, fysisk festival. På fem dagar viser artistar frå 24 land kva rikdom og mangfald som bur her i Norge.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire av artistane er leiande i sin sjanger, og fleire av konsertane og

framsyningane er urpremierar verda aldri før har sett. I år, som alltid, opnar Førdefestivalen døra til ein flik av verda du aldri har før høyrt.

Verda kjem til Førde i år også, men på ein litt annen måte, heiter det i ei pressemelding.

- Mange ulike arenaer

-Eit av varemerka for Førdefestivalen er at vi har mange ulike arenaer, og på dei aller fleste av dei kan vi ha sitjande sal. Det er eit gunstig konsept med tanke på smittevernreglane vi må rette oss etter i år, seier direktør Per Idar Almås.

Han er utruleg stolt over å presentere det store musikkmangfaldet Norge har å by på, og invitere til ekte festivalstemning og levande musikk frå 24 land.

I Førde kan du mellom anna oppleve Valkyrien Allstars, Kajsa Balto, Miss Tati's Angola70, FRIKAR, Anders Lillebo Trio, New Conception of Raga og Utla.