Lei av å høyre om høge bustadprisar i Oslo? No kan du få byprisar også på bygda

Bustadprisane i Sogndal sentrum nærmar seg det ein ser i dei store byane i Noreg.
Bustadprisane i Sogndal sentrum nærmar seg det ein ser i dei store byane i Noreg. Foto: Tim Bunce, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilflytting, mangel på einebustader og få nye tomter pressar bustadprisane i Sogndal i vêret. – Unikt, seier lokal eigedomsmeklar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For ein førstegongskjøpar kan prisane i dei norske byane vere skremmande. Då er ein av fordelane med å bu i distriktet at ein gjerne har ein mykje venlegare bustadmarknad.

I Sogndal sentrum er derimot situasjonen ein litt annan. Der har tilflytting og mangel på einebustader drive prisane høgt opp.

– Her har vi prisar på nivå med Bergen og Oslo. Det er nesten umogleg å få tak i einebustader, særleg som førstegongskjøpar. Har du eit budsjett på 5 millionar, får du eit oppussingsobjekt, seier Stine Thue, eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

I leilegheitskomplekset Lerum Brygge, som er under bygging no, kan ein få leilegheiter for mellom 3,1 og 8,9 millionar kroner. Dei minste av desse har kvadratmeterpris heilt opp i 98.000 kroner. Det er over snittet for blokkleilegheiter i Oslo kommune i 2021 (92.000 kroner).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Samstundes er prisen vel å merke langt over snittet i Sogndal sentrum i 2021 (53.500 kroner). Såleis er dei splitter nye leilegheitene med fjordutsikt eit unntak heller enn regelen i saftbygda.

– Kan overraske

Thue meiner at situasjonen i Sogndal er unik. Ho viser til stor tilflytting til Sogndal som følge av spanande arbeidsplassar, eit godt studietilbod, gründermiljøet og nærleiken til friluftsliv. Kommunen har vedteke å fortsette bebygginga i sentrumskjernen, men det er avgrensa med ledig plass.

For tilflyttarar kan det vere overraskande å møte på desse prisane i Sogn, seier ho. Prisane har også byrja å smitte over til naboane i byråkratbygda Leikanger, som ligg 20 minutt unna med bil. Der melde Sogn avis nyleg om prisrekord.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Stine Thue er eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Foto: Privat
Stine Thue er eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Foto: Privat

Må fire på krava

Thue fortel at unge som vil inn på bustadmarknaden, som regel må gå ned i storleik, eller ut av sentrum.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– I Sogndal sentrum er det vanskeleg å komme seg inn på marknaden. Du må anten kjøpe i lag med nokon andre, eller fire på krava. Men det finst nokre små studioleilegheiter, også nybygde, som kan vere passande for nokon, fortel ho.

Thue seier at ein fordel med å kjøpe i regionen deira, framfor i byane, er at du kan finne noko til ein rimelegare sum, så lenge du er villig til å bevege deg vekk ut av sentrum. For mange er det overkommeleg å sitte 10 eller 20 minutt i bil.

– Er det mange som må gi opp husleitinga?

– Dei må kanskje gi opp det dei drøymer om av plassering og storleik. Eg har treft på kjøparar som har vore på visingar i eit års tid utan å finne det dei vil ha.Men ein treng ikkje bevege seg så langt ut av sentrum for å finne noko rimeleg.