Aksjonerer mot bensinstasjonar

<p>Illustrasjonsfoto: Scanpix</p>
Illustrasjonsfoto: Scanpix

Nyheita om at bensinprisen kan kome opp i 17 kroner har ført til ein omfattande SMS- og e-post-aksjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ein aksjon mot høge bensinprisar går no landet rundt.

I pdf-fila som følgjer den anonyme e-posten, står det:

«Hei, jeg har hørt at bensinprisen i løpet av kort tid kan bli NOK 17,00. Vil du at bensinprisen heller skal senkes? Det er mulig! Men man må handle NÅ! På riktig måte!»

Høgare bensinprisar

I går sa oljemarknadssanalytiker Torbjørn Kjus i DnB NOR Markets til Dagbladet at norske bilistar må førebu seg på mykje høgare bensinprisar. Han utelukka ikkje ein pris på 17 kroner literen.

«Hvis vi står sammen kan vi starte en priskrig!» står det vidare i aksjons-e-posten, følgt av ei oppfordring om ikkje å kjøpe bensin av selskapa Statoil eller Shell.

«Når de 2 største selskapene ikke lykkes å selge bensin lenger, blir de tvunget til å senke prisen for å få kundene tilbake. Dette fører til priskrig, og alle andre selskap vil bli tvunget til å følge med.»

Mottakarane av e-posten blir oppmoda til å sende meldinga vidare til 30 personar.

Forstår frustrasjonen

- Vi har registrert initiativet som er tatt til denne aksjonen. Eg har sjølv motteke denne og også ein svensk versjon frå gode venner, seier fungerande informasjonssjef Knut Hilmar Hansen i StatoilNorge til Bergens Tidende.

Han seier vidare at han har stor forståing for at nordmenn synest drivstoffprisane er høge.

- Dei har aldri vore så høge som no. Høg oljepris og ein etterspurnad som er større enn tilbodet er med på å presse dei internasjonale prisane opp. Det er internasjonale forhold som styrer bensin- og dieselprisane, sier Hansen til avisa.

Facebook-gruppa «Protestaksjon mot bensinpriser» har fått 50.000 medlemmer på to veker, melder E24.

Kva synest du om bensinprisane? Skriv di meining i kommentarfeltet under.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus