EU vil ha toll på sko frå Kina og Vietnam

EU har planar om å innføre toll på importen av sko frå Kina og Vietnam.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: fiftiesweb.com)(Foto: fiftiesweb.com)

(NPK): Grunnen er at desse landa gjennom statleg hjelp sel skoa sine til utilbørleg låge prisar.

- Vi har prov på at Kina og Vietnam har intervenert i skoindustrien, seier handelskommisjonær i EU, Peter Mandelson til Dagens Nyheter.

EU-kommisjonen skuldar begge landa for mellom anna å gi skoindustrien billege lån, skattelette og leiger under marknadspris.

Tanken er innføre toll på kinesiske og vietnamesiske sko på rundt fire prosent frå 1. april, for så å auke den til nærare 20 prosent i september.

Unnataket vert barnesko og avanserte sportssko. (NPK)




Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy