– Sør-Korea er ikkje eit land for kvinner

INSPIRERT AV BELL HOOKS: Haein Shim meiner ein feminist er nokon som ikkje berre kjenner igjen sexisme, sexistisk utnytting og undertrykking, men som også aktivt kjempar for å få slutt på dette.
INSPIRERT AV BELL HOOKS: Haein Shim meiner ein feminist er nokon som ikkje berre kjenner igjen sexisme, sexistisk utnytting og undertrykking, men som også aktivt kjempar for å få slutt på dette. Foto: Synne Ulltang
Artikkelen fortsetter under annonsen

Haein Shim (30) kallar seg feminist i eit land der det er eit skjellsord.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der Framtida.no undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord.

– Då eg blei fødd, kom ingen i familien til sjukehuset for å sjå meg. Fordi eg var ei jente. Det høyrest ut som det skjedde for fleire generasjonar sidan, men eg er fødd i 1993, fortel Haein Shim.

Etter å ha snakka med andre, har ho forstått at dette ikkje berre skjedde i hennar familie. Framtida.no møter Shim i heimbyen hennar Gwangju sørvest i Sør-Korea. Byen med 1,5 millionar innbyggarar er kjent for Gwangju-opprøret i 1980. Då demonstrerte studentar mot militærstyret, som svarte med å drepe hundrevis av studentar og sivile. Befolkninga var sjokkert og rasande, og opprøret førte til at Sør-Korea blei meir demokratisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

No meiner fleire det er behov for eit anna opprør, eit opprør mot patriarkatet. Ei av dei tydelegaste stemmene for dette opprøret, er Haein Shim. Ho er heime på ferie, for til vanleg bur ho i Los Angeles. Til neste år begynner ho på Stanford University. Det var aldri ein del av planen.

– Eg vaks opp i ein låginntektsfamilie og hadde ikkje råd til å studere, fortel ho.

I Sør-Korea er det ikkje berre klasseforskjellar som styrer framtida. Dei fleste jentene ho gjekk på vidaregåande med, fullførte først ein universitetsgrad, før dei gifte seg, fekk barn – og blei heimeverande. Det er ikkje lett å kombinere karriere og familieliv i landet som har det største kjønnsgapet i inntekt blant OECD-landa . I 2022 var forskjellen i lønn mellom norske kvinner og menn 4,5 prosent. I Sør-Korea tente kvinner 31,2 prosent mindre enn menn. Avisa The Economist rangerte Sør-Korea som det verste landet for karrierekvinner blant OECD-landa i 2022, der dei nordiske landa var på topp.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– For meg var feminismen ein augeopnar, slår Shim fast.

Samtidig har det å sette spørsmålsteikn ved livet i Sør-Korea, kosta ho mykje.

Følte ho svikta familien og kulturen sin

Ein av grunnane til at Haein Shim er feminist, er oppveksten hennar. Då ho var rundt ti år, begynte ho å legge merke til at familien behandla ho annleis enn den yngre broren. I Sør-Korea er dei to største høgtidene chuseok, ein hausttakkefest, og seollal, ei nyttårsfeiring. Under desse feiringane lagar kvinnene mykje mat.

– I familien min, som i mange familiar, er det to spisebord under desse feiringane. Eit stort eit der mennene sit. Og eit mindre bord der kvinnene og barna sit og et restar. Eg begynte å stille spørsmål ved dette. Kvifor fekk broren min sitte ved det andre bordet, der dei diskuterte politikk og økonomi, og kvifor fekk ikkje eg sitte med dei?

Men det einaste svaret ho fekk, var: «Slik er det». Det var eit standardsvar under mange kranglar i familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg har eit nokså heftig temperament, så eg starta ofte diskusjonar, mens foreldra mine er meir rolege typar. Dei hadde mykje å handtere med meg, smiler Shim.

SKILDE SEG UT: Haein Shim begynte å stille spørsmål ved oppveksten i ti års-alderen. Foto: Synne Ulltang
SKILDE SEG UT: Haein Shim begynte å stille spørsmål ved oppveksten i ti års-alderen. Foto: Synne Ulltang

Sidan familien hadde dårleg råd, bestemte foreldra å prioritere broren si utdanning. For å betale for utdanninga hans begynte derfor Shim å jobbe etter vidaregåande. På eit tidspunkt hadde ho tre ulike jobbar. Ho selde gimbap, ein koreansk matrett, framfor undergrunnsstasjonen, ho var servitør og ho jobba med telefonsal.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg var glad for å gjere det. På den tida såg eg det som oppgåva mi å støtte familien og broren min si utdanning. Men i dag er eg lei meg for at eg ikkje prioriterte mi eiga framtid.

I løpet av tjueåra kom ho borti feminismen, og ho begynte å tenke annleis. Men det kosta å innsjå at måten ho vaks opp, ikkje var bra for ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det å bli klar over at eg har blitt behandla annleis fordi eg er kvinne, er kjempevanskeleg. Eg har følt at eg har svikta både familien min og kulturen min ved å ta opp desse diskusjonane. Det er krevjande å få kunnskap om feminismen og å bli verande i den same situasjonen. Det har ført til at eg både mista kontakten med familien min, og at eg flytta til USA.

Å klippe håret var ei politisk handling

Feminismen fekk Haein Shim til å reflektere over den snevre skjønnheitsstandarden i Sør-Korea.

– Det er så mange ting du må leve opp til som kvinne her. Du kan ikkje vere for tynn eller for tjukk, men til og med dei minste detaljar, som knea eller olbogane dine, må vere perfekte.

Ho pleidde å bruke mykje sminke og ha langt hår ned til midja. Men så begynte ho å innsjå at det lange håret betydde for mykje for ho.

FØR: Haein Shim pleidde å ha langt hår og bruke mykje sminke. Foto: Privat
FØR: Haein Shim pleidde å ha langt hår og bruke mykje sminke. Foto: Privat

– Eg begynte å tenke på kva det ville bety viss eg klipte håret kort. Og eg innsåg at det gjorde meg skikkeleg redd. Det kjentest nesten ut som at eg ville døy viss eg klipte håret, og at eg ville miste verdi. Eg fann ut at viss dette lange håret betyr så mykje for meg, så har eg ikkje noko verkeleg fridom med langt hår, seier Shim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då ho var 23 år, stod ho på badet og klipte håret til skuldrene.

– Då eg hadde gjort det, kjente eg meg verkeleg fri. Det var ei politisk handling for meg.

Shim ønskte endå kortare hår, så ho måtte til frisøren. Men ho besøkte tre ulike salongar før ho fann ein frisør som gjekk med på å klippe håret hennar med barbermaskin. Dei andre frisørane stilte spørsmål som: «Går det bra med deg? Har du akkurat slått opp med kjærasten?»

Til slutt fann ho på ei unnskyldning om at ho ønskte å klippe håret kort for å fokusere på studia. Det korte håret ville krevje mindre stell og derfor frigjere meir tid til å studere. Då gjekk ein av frisørane med på å klippe ho.

– Då barbermaskina klipte i nakken, kjente eg at det var ei av dei beste avgjerdene eg har tatt, seier Shim.

FRI: – Å klippe håret kort gjer at eg er heilt og fullt meg sjølv, seier Haein Shim. Foto: Synne Ulltang
FRI: – Å klippe håret kort gjer at eg er heilt og fullt meg sjølv, seier Haein Shim. Foto: Synne Ulltang

Etter at håret blei kort, har Shim innsett kor mykje tid ho har kasta vekk på å fokusere på sin eigen utsjånad. Rett etterpå merka ho at ho kjente seg annleis rundt folk som framleis brydde seg svært mykje om utsjånaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg dømmer dei ikkje, men eg prioriterer annleis no. Eg fann meg sjølv ved å klippe håret, og eg forstår korleis utsjånad set grenser for kvinner.

Ho anbefaler andre å prøve ut ein kort frisyre.

– Viss du klipper håret, kan du sove meir, smiler ho. – Og viss du ikkje liker den nye frisyren, så veks det ut igjen. Det er berre hår.

Ei bølge av feministar

Sjølv om kortklipte frisyrar berre er hår, så skaper dei debatt i Sør-Korea. 4. november angreip ein mann i 20-åra ei kvinne på same alder mens ho var på jobb i ein kiosk. Grunnen til angrepet var at ho hadde kort hår. «Du må vere ein feminist sidan du har kort hår. Feministar skal bli straffa,» sa mannen ifølge ein artikkel i The Korea Times.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er ikkje det einaste tilfellet av anti-feminisme i Sør-Korea. Haein Shim forklarar kvifor folk blir så sinte av ein frisyre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– I Sør-Korea betyr kort hår på ei kvinne at ho er ein rebell som ikkje følger reglane. Menn i 20-åra og 30-åra kjenner seg trua av at kvinner sine stemmer i Sør-Korea er høgare, seier Shim, som forklarar at det ikkje er berre lett å vere mann i heimlandet hennar heller:

– Det er mykje å vere frustrert over som mann i Sør-Korea. Dei har ei lang og krevjande militærteneste, det er stigande arbeidsløyse, og på grunn av den historiske preferansen for gutar, har det blitt fødd færre jenter. Så det er vanskelegare for menn å finne seg nokon å gifte seg med. Men i staden for å angripe systemet, ser mange menn kvinner med kort hår som eit lett mål for frustrasjonen sin.

DØGNOPNE KIOSKAR: Når Haein Shim reiser heim til Sør-Korea, inkluderer ho alltid eit besøk til ein av dei mange kioskane. Foto: Synne Ulltang
DØGNOPNE KIOSKAR: Når Haein Shim reiser heim til Sør-Korea, inkluderer ho alltid eit besøk til ein av dei mange kioskane. Foto: Synne Ulltang

Shim reiser årleg ein tur heim til Sør-Korea. I 2021 fekk ho ein førespurnad frå nokon som hadde starta ein feministisk organisasjon dei kalla Haeil, som betyr «tsunami» på koreansk. Gruppa trong nokon til å snakke med pressa. Sidan Shim var god i engelsk, lurte dei på om ho kunne hjelpe. Slik blei ho talsperson.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medlemmane i Haeil ønsker å vere anonyme fordi dei opplever trugslar ved å stå fram offentleg som feministar. Nettvald mot kvinner er eit problem både Human Rights Watch og Amnesty peiker på i sine årsrapportar om Sør-Korea. Samtidig har sosiale medium også blitt ein arena der mykje av arbeidet til feministar skjer i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Under koronapandemien skapte fleire merksemd rundt feminisme i sosiale medium. Folk gjer kva dei kan, på dei måtane dei kan, og du må ikkje nødvendigvis protestere i gatene for å vere feminist. Det å vere aktivist på nettet er også viktig, meiner Shim.

Ei tante i Amerika

Då Haein Shim vaks opp, hadde ho ikkje nokre draumar om framtida. Ho og vennene pleidde å vitse om at dei skulle ønske dei hadde ei imo, tante, i Amerika. Ei som sende fine gåver til dei og som dei kunne besøke. No ser Shim sjølv for seg ei framtid i USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen
FØREBILETE: På Gwangju Foundation for Women and Family finn vi ein illustrasjon av Na Hye-Sok, førebiletet til Haein Shim. Foto: Synne Ulltang
FØREBILETE: På Gwangju Foundation for Women and Family finn vi ein illustrasjon av Na Hye-Sok, førebiletet til Haein Shim. Foto: Synne Ulltang

– Folk spør meg om framtida til Sør-Korea, og då pleier eg å svare at eg trur på ei lys framtid for sørkoreanske kvinner – kor enn dei går. Men Sør-Korea er ikkje noko land for kvinner, meiner ho.

Det perfekte landet finst ikkje. Då Shim klipte seg i ein salong i nabolaget i Los Angeles, spurde ho kvifor ho måtte betale for ein dyrare kvinneklipp, sjølv om frisyren hennar var lik han som satt i nabostolen.

– Eg begynte å diskutere med frisøren. Kvifor må eg betale dobbelt så mykje for den same klippen? Er det nokon forskjell i måten du klipper på?

Frisøren gjekk til slutt med på at det ikkje var nokon større forskjell, og Shim fekk betale prisen for ein langt billegare herreklipp.

– Då eg var yngre, ønskte eg å endre verda. No ønsker eg heller å leve på ein måte som viser andre at det finst eit alternativ. Feminisme for meg er ein livsstil, seier Shim.