Uganda innfører livstid- og dødsstraff for homofile

Skeive ugandiske flyktningar i Kenya som er ferdige med ein handletur i juni 2020. I heimlandet deira er det ulovleg å vere homofil, og presset aukar på LHBT+-miljøa.
Skeive ugandiske flyktningar i Kenya som er ferdige med ein handletur i juni 2020. I heimlandet deira er det ulovleg å vere homofil, og presset aukar på LHBT+-miljøa. Foto: Brian Inganga / AP Photo
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye lova må signerast av presidenten og er ei av dei strengaste i verda når det kjem til homofili.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tysdag 21. mars stemte nasjonalforsamlinga i Uganda for ei ny lov mot homofili. Den nye lova er ei av dei strengaste i verda, og inkluderer både dødsstraff og livstid i fengsel.

Over 30 afrikanske land, inkludert Uganda, har allereie lovar mot likekjønna forhold og «homoseksuelle handlingar». Den nye lova er derimot den fyrste som gjer det ulovleg å identifisere seg som homofil.

Kva seier lova?

Nasjonalforsamlinga har ikkje offentleggjort heile lovforslaget. Det er likevel tydeleg at lova blandar saman likekjønna forhold mellom vaksne menneske, valdtekt og misbruk av barn.

Dette er noko av det som har kome fram i media, ifølgje BBC:

  • Det blir ulovleg å identifisere seg som homofil.
  • Familie og venar blir pålagde å melde frå om folk i likekjønna forhold.
  • Det blir ulovleg å «promotere homoseksualitet».
  • Det blir ulovleg å støtte organisasjonar som arbeider for LHBT+-rettar.
  • Såkalla «aggravated homosexuality» eller «grov homoseksualitet» kan straffast med dødsstraff. Dette blir definert på to forskjellige måtar:
  • – Dersom barn under 18 år eller «sårbare personar» blir seksuelt misbrukt av ein vaksen person av same kjønn.
  • – Dersom ein person som veit dei har HIV eller andre seksuelt overførbare sjukdommar har sex med ein person av same kjønn.
  • Huseigarar risikerer å bli sikta for bordellverksemd dersom eigedommen deira blir nytta av organisasjonar som kjempar for LHBT+-rettar, eller dersom det føregår «homoseksuelle handlingar» der.

Kriminelt å eksistere

Lovforslaget har blitt kritisert av fleire organisasjonar i Uganda, som seier at ordlyden er vag og bryt med dei grunnleggjande menneskerettane til ugandiske innbyggjarar.

– Ein av dei mest ekstreme tinga i det nye lovforslaget er at det kriminaliserer folk berre for å vere den dei er, i tillegg til å krenke rettane deira til privatliv, ytringsfridom og forsamlingsfridom, noko som allereie er under press i Uganda.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det seier Uganda-ekspert ved Human Rights Watch, Oryem Nyeko, ifølgje Al Jazeera.

Lova blir no sendt vidare til presidenten i Uganda, Yoweri Museveni, for å bli signert. Han kan i teorien stoppe den nye lova, dersom han ynskjer det.

Presidenten har ikkje kommentert lovforslaget til no, men signerte i 2013 den fyrste moderne lova i Uganda som kriminaliserte homofili.