IT-bransjen tar skia fatt på kvinnedagen

Artikkelen fortsetter under annonsen

IKT-NM på ski vert skipa til for IKT-bransjen og kundane deira. Til neste år går den uhøgtidelege meisterskapen av stabelen på sjølvaste kvinnedagen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Godt å få brukt skia i alle fall ein gong i løpet av vinteren. «Datanerdane» sin skidag er sett til 8. mars mars neste år. (Foto: Lunderlad/ Flickr.com)Godt å få brukt skia i alle fall ein gong i løpet av vinteren. «Datanerdane» sin skidag er sett til 8. mars mars neste år. (Foto: Lunderlad/ Flickr.com)

At tilskipinga hamna på kvinnedagen, er nok noko tilfeldig, men på ingen måte upassande.

- Vi nyttar gjerne dette poenget til å understreke at vi ønskjer endå fleire kvinner inn i bransjen, seier konserndirektør Tom Scharning i EDB til

IDG.no

.

Kvinnerekrutteringa har vore betre dei siste åra, fortel han, men det er absolutt plass til mange fleire kvinner i IKT- bransjen.

Strenge reglar


Sjølv om tilskipinga er uhøgtideleg, er reglane strenge. Bedriftene stiller med firemannslag, og på kvart av laga må det vere minst ei kvinne, ein toppleiar og ein person over 50 år. Laga stiller i fire ulike klassar (leverandørar, kundar, journalistar og andre) men alle konkurrerer med kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Scharning håpar IKT-NM kan stimulere IT-selskapa og kundane deira til meir fysisk fostring og betre miljø internt i bedriftene. Det er mykje stress og høgt tempo i arbeidslivet i dag, og kanskje spesielt i IT-bransjen. Då kan det hjelpe å få seg ein skitur, i alle fall éin gong i året. Kanskje kan IKT-NM også få bedriftene til å trene på førehand, håpar Scharning.

Lapskaus


I år var det eit lag frå Telenor som gjekk av med sigeren i Noregsmeisterskapen, som også til neste år går føre seg på Skullerud i Oslo, og blir avslutta med premieutdeling og lapskaus på Skullerudstua.

Kjelder:


ABC Startsida: