Bøkko jakta på 1000 meter-rekorden - og tok han
Salt Lake City, Utah (NTB): Han gjekk inn til 1.10,57 og sette den andre norske juniorrekorden sin for dagen, for tidlegare på søndag forbetra han sin eigen juniorrekord på 500 meter til 36,33 sekund.
- Det var greit å setje rekorden, men det var vel berre på grunn av rekorden at eg gjekk denne 1000- meteren. Det var berre den rekorden eg mangla i samlinga mi, sa Håvard Bøkko til NTB.
Han slo den gamle rekorden med to sekund, så det var ingen tvil.
- Eg må seie meg overraska over at det har gått så bra på sprinten her i Salt Lake City, for det er jo i første rekkje 1500 og 5000 meter eg har sikta meg inn på denne sesongen.
At eg skulle klare å gå dei første 100 metrane av 500-meteren på 10,11 sekund er også overraskende, for det har eg aldri vore i nærleiken av før, sa juniorløperen som av mange blir rekna for å vere det største norske skøytetalentet på mange, mange år.
- Eg er godt nøgd med denne helga. Hovudmålet mitt var å slå juniorverdsrekorden på 1500 meter, og det gjekk jo greitt, sa Bøkko.
Han gjekk 1500-meteren på 1.46,07 fredag, og så fort har ingen junior nokonsinne gått denne distansen. (©NTB)