Ny på Stortinget:Emilie Mehl (Sp): – Me skal vera veldig glade for at me har eit humant fengselsvesen i Noreg

Emilie Enger Mehl hadde akkurat fått jobb som advokatfullmektig i Elverum. Men veljarane i Hedmark hadde andre planar for 24-åringen.
Emilie Enger Mehl hadde akkurat fått jobb som advokatfullmektig i Elverum. Men veljarane i Hedmark hadde andre planar for 24-åringen. Foto: Runar B. Mæland
Artikkelen fortsetter under annonsen

Emilie Enger Mehl (24) trur ikkje strengare straffer er ein quick fix på noko som helst. Me har intervjua den yngste Sp-politikaren på Stortinget.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg hadde mykje familie som var spreidd rundt i Noreg, både i Hedmark, Akershus, Østfold og Hordaland. Alle hadde veldig ulik sosial bakgrunn og kvardag. Då kjente eg at det var viktig for meg at alle skulle kunna ha det best mogleg, uansett kor dei held til, seier Emilie Enger Mehl.

Den spreidde geografiske bakgrunnen førte ikkje berre til at Emilie som tenåring skreiv særemne om dialektforskjellane mellom indre og ytre luten i Kvinnherad i Hordaland medan ho gjekk på Solør vidaregåande skule i Hedmark.

Fartinga mellom aust og vest på feriar og familietreff gjorde også sitt til at tenåringen meldte seg inn i Senterpartiet.

– Der har eg skjønt i ettertid at eg trefte godt, smiler Mehl frå kontorstolen sin på Stortinget.

Aldri degradert

Mehl hadde nett gjort ferdig jussutdanninga ved Universitetet i Oslo og sikra seg jobb som advokatfullmektig i Elverum då veljarane i Hedmark sendte henne til Stortinget i september. Det politiske engasjementet hennar byrja då ho kom heim frå eit år på utveksling i USA på vidaregåande, og kjente at ho måtte bruka kreftene sine på noko konstruktivt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter å ha lese dei ulike partiprogramma, blei Senterungdommen det naturlege valet. Og ungdomspolitikken gav raskt meirsmak.

– Det var veldig morosamt å oppdaga at eg kunne få gjennomslag for noko eg meinte, og at det faktisk hadde noko å seia. Til dømes var me veldig offensive på klimapolitikk på den tida, og jobba for at Hedmark Sp skulle vedta god klimapolitikk. Når ein då lukkast, er det veldig moro, seier Mehl.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Slik ville Stortinget ha sett ut om førstegongsveljarane fekk bestemma

Frå starten i fylkeslaget i Senterungdommen har Mehl stige raskt i gradene, til å bli nestleiar i organisasjonen og medlem i fylkestinget i Hedmark. Alderen har aldri vore ei stor hindring, meiner den no 24 gamle politikaren.

– Heilt sidan eg blei med i Senterpartiet har eg blitt godt tatt imot og tatt på alvor. Eg har aldri følt at eg har blitt degradert fordi eg er ung.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Bør 16-åringar få stemmerett?

– Nei. Men eg er for å ha prøveprosjekt ved kommune- og fylkestingsval. Det å stemma er viktig, og ein må ha eit godt avgjerdsgrunnlag for å vera klar over viktigheita av å stemma. Eg trur eit større fleirtal av 18-åringane har det enn dei som er yngre, seier Mehl – som innrømer at ho sjølv nok kunne ha tenkt seg å stemma då ho var 16.

– Men det er mange måtar å engasjera seg i samfunnet utan å stemma. Viss ein er så engasjert at ein vil påverka samfunnet, så kan ein gjera det på andre måtar, seier Mehl.

Fryktar kaldare samfunn

Som jurist var det naturleg for Emile Enger Mehl å ta plass i justiskomiteen på Stortinget. Der skal ho dei neste fire åra jobba med spørsmål som kven som skal straffast, for kva, korleis og kor lenge.

På spørsmål om hjartesakene hennar innan justispolitikken, kjem Mehl raskt inn på ressursane til Politiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det å sikra at me har eit politi i heile Noreg er noko me har tatt som ei sjølvfølgje. Men no er det for få ressursar til at det er praktisk mogleg, seier Mehl, som meiner ressursmangelen heng saman med at regjeringa har underfinansiert sin eigen politireform.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me var imot politireforma i utgangspunktet, fordi det er inneber ei sentralisering av politiet. Når ho i tillegg ikkje blir følgt opp med økonomiske midlar til å tilsetja fleire politifolk, er det ganske tragisk.

Mehl trur både tilliten til politiet og tryggleiken ute i landet står på spel.

– Mange stader er det sånn at politiet er langt unna, og viss dei må rykkja ut ein stad, er det veldig store område som blir utan bemanning. Viss ein har det sånn over tid, vil det gå ut over tilliten politiet har, og me får eit kaldare og hardare samfunn, meiner Sp-politikaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen quick fix

I kjølvatnet av #metoo-kampanjen har debatten om korleis samfunnet kan få bukt med overgrep og seksuell trakassering blussa opp på nytt. Fleire tar til orde for at straffenivået for valdtekt bør aukast for å senda eit kraftigare signal om at dette ikkje er greitt.

Den nyutdanna juristen og nyvald justispolitikaren Emilie Enger Mehl trur ikkje at strengare straffer er vegen å gå.

– Viss ein skal auka straffene må det ha ei hensikt og ei fagleg forankring. Det er ingen som kan visa at det blir mindre seksuell trakassering berre fordi ein aukar straffene for valdtekt. Ein kan tenkja seg at det vil skje, men ei straff har så mange verknader og sider at å berre slenga ut det som ein quick fix på ting, det er eg veldig imot, seier Mehl, og spør retorisk:

– Skal me straffa berre for å straffa? Det blir eit veldig forenkla svar på spørsmål som eigentleg handlar om haldningar i samfunnet. Eg trur måten å få bukt med seksuell trakassering på må vera å byrja tidleg med god seksualundervisning og gode haldningar blant barn og unge.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Seksuell trakassering skjer også i skulen

Mehl minner om at det er mange sider ved straff ein må vurdera, også kva konsekvensar det har å setja folk i fengsel – både for den som blir straffa, og for samfunnet rundt. Å berre sjå straff som hemn, blir for enkelt, meiner ho, og fortel om noko ho ein gong fekk høyra frå ein innsett.

– I Noreg dømer me ikkje folk til livstid, og me har ikkje dødsstraff. Dermed skal alle ut igjen i samfunnet. Då kan ein tenkja: Vil du ha denne personen som nabo når han har sona ferdig? Eg trur ingen er tente med at me skaper harde kriminelle og set hardt mot hardt.

– Ein del folk blir provoserte av at «dei har det så godt i fengsel»…

– Eg trur me skal vera veldig glade for at me har eit humant fengselsvesen i Noreg, men eg trur òg det er stor ressursmangel i mange fengsel, slik at mange fangar ikkje får nok aktivitet og oppfølging. Det er også uheldig, for det går utover korleis dei blir som menneske, seier Mehl.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Behandling framfor straff

Eit anna område justiskomiteen jobbar med, der mange no har forventingar til ein ny politikk, er det som gjeld ulovlege rusmiddel. Bergens Tidende har slått fast at tida er inne for eit paradigmeskifte i ruspolitikken , og Dagbladet-kommentator Ola Magnussen Rydje meiner me aldri har vore nærare ein rusreform enn me er no.

Emilie Enger Mehl fortel at ho er gjerne med på å danna fleirtal for ein ny narkotikapolitikk som i større grad ser rus som eit helseproblem framfor eit kriminalproblem – men vil ikkje bli med på ein reform som fjernar noko forbod mot narkotiske stoff.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg meiner det er feil å avkriminalisera eller legalisera cannabis, men eg meiner ein må byrja å sjå på korleis ein kan behandla dei som er avhengige i staden for berre å straffa dei, seier Mehl.

– Er ikkje avkriminalisering nettopp ein måte å få til det på?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur ikkje det er løysinga. Eg trur det fører til meir utbreidd bruk, og cannabis kan fort vera ein inngang til andre stoff, seier Mehl, før ho kjem inn på sine eigne inntrykk frå utveksling.

– Det er vanskeleg å samanlikna mellom land, fordi det er så mange faktorar som er ulike, men eg har budd eit år i Michigan i USA og har framleis mykje kontakt med familien der. Det er så mykje marihuana der; eg var der ein tur i sommar, og det var overalt, heile tida. Eg ønskjer ikkje å ha det slik i Noreg.

Les også: Marihuana-bruken i USA dobla på eit tiår

– Dette er eit område der det skjer mykje; det er fleire statar og byar i USA har legalisert eller avkriminalisert, og det er fleire og fleire parti i Noreg som diskuterer det same.

– Viss eg skal spå noko, så trur eg ikkje me kjem til å legalisera i Noreg. Men eg trur det er ganske brei politisk semje i Noreg om at oppfølginga av rusavhengige må handla om behandling, ikkje straff, seier Mehl – og sluttar med eit hjartesukk om den norske rusdebatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– No har eg vore i debattar i heile valkampen, og spørsmålet er alltid «Er du for eller imot legalisering?» – som om dei som er mot legalisering, er mot å gjera noko med ruspolitikken. Det meiner eg er feil. Eg ser ikkje at legalisering vil gjera alt betre, og eg meiner det vil føra til meir rus og fleire tragiske skjebnar.

Les også: Studentar seier nei til cannabis-legalisering