Mystisk stein i Odda avslører dato for ny Netflix-serie

Viss du er god på runeskrift, så kan du finna ut kva tid Netflix-serien Ragnarok har premiere. Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad
Viss du er god på runeskrift, så kan du finna ut kva tid Netflix-serien Ragnarok har premiere. Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad
Artikkelen fortsetter under annonsen

I løpet av natt til onsdag dukka det opp ein stor mystisk stein med runer og Netflix-logo nede ved sjøkanten i Odda i Hordaland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Over Netflix-logoen står det ein beskjed i runeskrift om kva tid den nye serien Ragnarok har premiere: «Ragnarok kjem 31. januar 2020».

Netflix stadfestar til Hardanger Folkeblad at det er dei som har sett opp steinen.

– Etter all velviljen som er vist frå lokalsamfunnet under innspelinga ville me at dette skulle vera den første staden i verda som fekk vita når serien kjem, får lokalavisa stadfesta frå ein representant frå Netflix si presseteneste i Noreg.

Klimaendringar

Ragnarok er den første norskspråklege storsatsinga til Netflix, og går føre seg i den fiktive småbyen «Edda». Serien blir skildra som ei moderne oppveksthistorie med røter i norrøn mytologi.

På Netflix sine eigne nettsider blir serien omtalt som ein action- og eventyrserie, og klimaendringar vil truleg spela ei rolle i serien.

– Varme vintrar og valdsame regnbyger fører ei lita norsk bygd nærmare eit nytt Ragnarok – med mindre nokon grip inn i tide, står det i skildringa av serien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du budd på Ragnarok?Test dine kunnskapar om norrøn mytologi her!

SKAM-skodespelarar

Blant skodespelarane er David Stakston og Herman Tømmeraas frå Skam. Både Henriette Steenstrup, Odd-Magnus Williamson og Bjørn Sundquist har vore i Odda i samband med serien, ifølgje Hardanger Folkeblad.

Både i vår og i sommar har serien blitt spelt inn på offentlege stader i Odda, på ungdomsskulen og i private heimar.

I vår var Framtida.no i Odda og snakka med fleire tiandeklassingar som hadde fått seg jobb som statistar i serien. Dei kunne fortelja at deler av innspelinga var krevjande.

Les også: Møt hovudrollene i Netflix si norskspråklege storsatsing

Møt skodespelarane frå Netflix-satsinga Ragnarok. Frå venstre: Herman Tømmeraas, Ylva Bjørkaas Thedin,Theresa Frostad Eggesbø, Emma Bones, Jonas Strand Gravli and David Stakston. Foto: Pressefoto.
Møt skodespelarane frå Netflix-satsinga Ragnarok. Frå venstre: Herman Tømmeraas, Ylva Bjørkaas Thedin,Theresa Frostad Eggesbø, Emma Bones, Jonas Strand Gravli and David Stakston. Foto: Pressefoto.