Forureining: Nei takk. Fengsel: Ja takk.

Aktivistar frå Greenpeace Norge aksjonerer mot Statoil si oljeleiting i Barentshavet, her på oljeriggen West Hercules.
Aktivistar frå Greenpeace Norge aksjonerer mot Statoil si oljeleiting i Barentshavet, her på oljeriggen West Hercules. Foto: Greenpeace

Før skulle me dusje mindre og slå av lyset. Så kom plastkvalen. Hausten 2018 kom det igjen nye krav frå miljørørsla: Heile verdssystemet må endrast. Og korleis? Sivil ulydnad.

Stockholm, juni 2018

32 år gamle Martin og x andre aktivistar har kledd seg ut som forretningsfolk med dress og spisse sko. Med seg har dei ein koffert som er alt for tung til å innehalde berre konferansepapir og laptoppar. Dei går inn i lokalet til AP3, Sverige sitt statlege pensjonsfond, midt i Stockholm.

Aktivistane tek heisen ein etasje opp og skiftar til vindaugsvaskarklede. Med bøtter og nalar tek dei heisen til topps, og opnar kofferten full av klatreutstyr. Alle veit kven som skal gjere kva, og på nokre minuttar har dei festa anker og fått på seg klatreselar. Dei tek av seg vaskeuniformen og på seg Greenpeace-skjorter.

Så firer dei seg ned. Eit femten meter breitt og ti meter høgt banner dekker kontorvidauga til dei tilsette. «Lyd lagen, flytta pengarna» – «Følg loven, flytt pengane».

Greenpeace meiner svenske myndigheiter sine investeringar i kol, olje og gass går imot grunnlova og Parisavtalen. Foto: Holger.Ellgaard [CC BY-SA 4.0]
Greenpeace meiner svenske myndigheiter sine investeringar i kol, olje og gass går imot grunnlova og Parisavtalen. Foto: Holger.Ellgaard [CC BY-SA 4.0]

Politiet og spesialstyrkene har fått varsel ti minuttar før aksjonen er i gong, og er raskt på plass. Dei spør fint om aktivistane kan fjerne seg, men aktivistane nektar. Aktivistane gjer ikkje motstand, men dei gjer heller ikkje som dei får beskjed om. Først når spesialstyrkane har rigga seg til med klatreutstyr, avsluttar dei aksjonen.

Les saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar her.

Ei trygg hamn

I ein 33 fots båt som ligg og duppar i Oslo-fjorden møter me Martin Johannes Reinholtz (32) og Johanne Mangschou (23). For nokre månadar sidan fekk dei også kvalpen Sommer, som no har blitt sju månadar gamal og nettopp har lært seg å klatre ut av båtluka sjølv.

Kvalpen Sommer byrjar å få sjøbein. Foto: Ida Johanne Aadland
Kvalpen Sommer byrjar å få sjøbein. Foto: Ida Johanne Aadland

I båten er det trangt, men plass nok til eit heilt liv og litt til. Kassar, knaggar og hyller rommar akkurat det dei tre treng, og snart skal dei også få vaskemaskina på plass. I bakgrunnen spelar musikken lågt, og kjærasteparet byr på vegansk kake.

Martin og Johanne er begge aktivistar med fleire års erfaring frå sivil ulydnad. Johanne har så langt klart å unngå fengsel, medan Martin har vore i arresten fleire gongar, både i Norge og Sverige. Vanlegvis vert han sloppe ut neste morgon, men ofte med ei bot hengande over seg.

Med huset på havet ser dei oppvaskvatnet renne rett ut. – Ein blir mykje meir bevisst på kva produkt ein brukar. Ein vil jo ikkje skylde zalo rett i havet, seier Johanne. Foto: Ida Johanne Aadland
Med huset på havet ser dei oppvaskvatnet renne rett ut. – Ein blir mykje meir bevisst på kva produkt ein brukar. Ein vil jo ikkje skylde zalo rett i havet, seier Johanne. Foto: Ida Johanne Aadland

– Her i demokratiske Norden er det trygt å vere aktivist, og ofte er også dommarane på ditt lag. Dei forstår at uretten eg har stoppa er større enn uretten eg sjølv har gjort. Men i Brasil risikerer du å bli drept eller å få bøter med skyhøge summar, seier Martin og rettar seg opp i sofaen.

Verken Martin eller Johanne er noko særleg glad i store mjuke sofaar, lukus og komfortsoner. Dei lever enkelt og klarar seg med oppsparte midlar, stipend og Johanne si førti prosent stilling. I tillegg til restaurantjobben tek Johanne ein samlingsbasert bachelor i internasjonal beredskap, medan Martin er på sitt fjerde semester på ein bachelor i organsasjonsledelse, etikk og innovasjon.

Førsteprioritet er likevel å vere med å bygge opp den nye klimaorganisasjonen Extinction Rebellion.

Johanne, Sommer og Martin trivst i den vesle heimen sin som gyngar i båthamna på Bygdøy. For litt sidan oppgradere dei frå ein 24 fots båt til ein 33 fots båt. – No føler me oss som kongar!, spøkar dei. Foto: Ida Johanne Aadland
Johanne, Sommer og Martin trivst i den vesle heimen sin som gyngar i båthamna på Bygdøy. For litt sidan oppgradere dei frå ein 24 fots båt til ein 33 fots båt. – No føler me oss som kongar!, spøkar dei. Foto: Ida Johanne Aadland

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

Friskt blod i klimakampen

FN sin klimarapport sette ein støkk i dei fleste. Ei gruppe britiske menneske klarte ikkje å riste det av seg, men svarte med å etablerte ein ny klimaorganisasjon: Extinction Rebellion. Dei vil bruke sivil ulydnad og la seg arrestere for tvinge politikarane til å reagere på klimakrisa. 17. november i fjor starta dei det heile med å lamme biltrafikken i London i timevis.

Kamplysta spreidde seg fort, og den norske greina som starta opp rett før jul har no meir enn tohundre medlemar. Dei har tre krav til myndigheitene:

At myndigheitene erklærer klimakrise og snakkar ærleg om at den sjette masseutryddinga er i gong.

At Norge reduserer utsleppa sine til netto null i løpet av 2025

At det vert etablert ei eiga gruppe personar som overvakar politikarane sitt klimaarbeid.

Modellane Extinction Rebellion arbeider etter seier dei må ha støtte frå 3,5 prosent av befolkninga for å få gjennomslag. Det vil seie 150.000 nordmenn. Men alle treng ikkje gå i fengsel: 400 arrestasjonar eller 40 fengslingar skal vere nok til å gjere inntrykk.

Med seg på laget har Extinction Rebellion både erfarne aktivistar som har sete i fengsel for aktivisme før, men óg dei heilt ferske som er villig til å setje resten av livet på vent for å ta fatt på verdssamfunnet si største utfordring: dei menneskeskapte klimaendringane.

Les også om at Extinction Rebellion allereie har kritisert dei noverande klimaorganisasjonane for å ha mislukkast: – Eg synest det er ein litt rar strategi når ein skal mobiliserer mange: å rakke ned på dei som allereie har halde på i femti år, svarar leiaren i Natur og Ungdom.

Polen, september 2017

Nesten sytti aksjonistar frå tolv ulike land har teke turen. Nokon lenker seg til maskinene, noko står i vegen for arbeidarane, andre har klatra opp i tretoppane. I eitt av trea heng Johanne.

Urskogen Bialowieza i Polen har stått på Unesco si verdsarvliste i snart førti år, men likevel held myndigheitene fram med å hogge ned kilometer etter kilometer med skog.

Sidan 2001 har aktivistar frå ulike miljøgrupper aksjonert for å verne skogen. Aksjon etter aksjon.

Foto: Greenpeace
Foto: Greenpeace

Dei har teke alle førehandsreglar. Om klatretauet vert kutta på den eine sida, må dei vere sikra på den andre. Helst skal ein henge ein plass der ingen kjem til. Med seg har dei mat og klede til å overnatte eit par dagar, oppe i trea. For så lenge det er sivilpersonar i skogen, har ikkje selskapet lov til å arbeide.

Etter nokre timar vert dei som har lenka seg til maskinene fjerna av «the forest guards». Klatrarane held blokaden i åtte dagar.

«The forest guards», eller skogvoktarane, er tilsett av den polske staten.

– Ironisk nok er dei der ikkje for å beskytte skogen, men for å beskytte maskinene som huggar ned skogen, sukkar Johanne medan ho fortel om aksjonen.

EU-domstolen har i ettertid lagt ned eit umiddelbart forbod mot meir hogst som følge av aksjonen. Selskapet som hogger får no 100.000 euro i bot kvar dag dei held fram med arbeidet.

Les også: Frå bustad med seks soverom til minihus på 18 kvadratmeter

Timane på planleggingsrommet

Å planlegge ein god aksjon kan ta månadar, år. Du skal ha eit spesifikt mål, aksjonen må kome på akkurat rett tid, du skal opptre profesjonelt og du skal ha ein aksjon der det er mogleg å oppnå noko, ikkje berre organisere eit klagekor. God kommunikasjon er vitalt, og alle skal til ei kvar tid vite kva som skjer og kva som kan skje. I etterkant skal du rydde opp, evaluere og ta vare på dei som var med. Og tryggleiken står alltid først på lista.

– Eg har vore med på aksjonar der det er kaos, og det er ikkje greit, seier Johanne.

– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne Aadland
– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne Aadland

Les også reportasjen om nederlendarane som skal køyre6000 kilometer med elbil: Frå kontinentet til polarsirkelen.

Oslo, januar 2019

Dag Kolstø (28) vinkar folk velkomen inn på møte, smilande og blid. Extinction Rebellion har eit av sine oppstartsmøte og skal prøve å få fleire med på opprøret mot myndigheitene sin ansvarslause klimapolitikk. Dei har berre kjent kvarandre nokre månadar, men klemmane sit allereie laust.

Dag såg ein video frå Extinction Rebellion på YouTube og fann ut at det å la seg arrestere kunne vere hans måte å tvinge fram endring på. Han las « how to win» av Roger Hallam, ein av grunnleggarane av organisasjonen, og bestemte seg for å bli med i den nyoppstarta norske gruppa.

– Eg har lenge forstått at klimaendringane er ein eksistensiell trussel, men eg har ikkje visst kva eg skal gjere før no, seier han.

Kvardagen som småbrukar gjev han litt ekstra tid til aktivisme i vinterhalvåret. Han har ingen erfaring med verken aktivisme eller sivil ulydnad, men no vil han i fengsel. For kloden.

Dag bur med kona og foreldrene sine på eit småbruk med geit, høner, ender, hundar og kattar i Vestfold. Dei er i stor grad sjølvforsynte på mat, i tillegg til å tene pengar på birøkting. Han kallar seg permakulturist: altså driv han garden med naturen, ikkje mot. Foto: Privat
Dag bur med kona og foreldrene sine på eit småbruk med geit, høner, ender, hundar og kattar i Vestfold. Dei er i stor grad sjølvforsynte på mat, i tillegg til å tene pengar på birøkting. Han kallar seg permakulturist: altså driv han garden med naturen, ikkje mot. Foto: Privat

Les også: Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019

Når kloden tippar

– Det handlar ikkje om kor dårleg kloden kan bli med ein, to eller tre grader, men om når me når tippepunktet. Blir det varmt nok vil kloden byrje å sleppe ut klimagassar sjølv. Tundraen og permafrosten smeltar, skogane som bind CO2 brenn opp og isen smeltar slik at me berre står igjen med endå meir svart hav som syg til seg varme.

Dag er redd for dei forsterka tilbakekoblingane, « Runaway climate change».

– Dette er ikkje ein atomkrig der nokon trykker på ein knapp og så skjer det. Her vil alt skje av seg sjølv om me berre let det gå langt nok.

Tidlegare har Dag vore støttemedlem i nokre av dei etablerte klimaorganisasjonane, men han har ikkje vore aktiv. – Eg mista trua når dei begynte å snakke om elektriske fly. Det er noko med å tru på den «teknofiksen», seier han. Foto: Ida Johanne Aadland
Tidlegare har Dag vore støttemedlem i nokre av dei etablerte klimaorganisasjonane, men han har ikkje vore aktiv. – Eg mista trua når dei begynte å snakke om elektriske fly. Det er noko med å tru på den «teknofiksen», seier han. Foto: Ida Johanne Aadland

Å bli pappa på ein kokande klode

I august skal Dag bli far for første gong. Han er redd for korleis framtida ser ut, og korleis oppveksten til minstemann vil bli på ein stadig varmare klode.

– Om me ikkje får til ei heilomvending no, trur eg ikkje våre barn kjem til å ha lyst på eigne barn, seier han.

– Kvifor er klima så viktig for deg?

– Alle gjer noko for framtida. Me et sunn mat, sparar pengar, jobbar. Pengane i banken er forgjeves om me ikkje har ein leveleg klode! Klimaspørsmålet handlar ikkje berre om framtidige generasjonar og det er ikkje ikkje eit filosofisk spørsmål. Det handlar om oksygen, mat, vatn – ting me tek for gitt!

For medan andre kampar kan setjast på vent, krev klimaendringane akutt handling.

– Velferd og rettferd er forgjeves om me går inn for å utrydde vår eigen eksistens. Skal me ofre menneskelegheita for økonomisk vekst? spør Dag.

Les også reportasjen om elevane som har klima- og miljøfag i skulen: – Faget påverkar vala våre i kvardagen ved at vi vert meir klimabevisste.

Vald er sjølvdestruktivt

Greenpeace-aktivistar gjekk om bord på Statoil sine oljerigg Transocean Spitsbergen for å gje tydeleg beskjed om at boring i Barentshavet ikkje er greit. Martin sit lengst til høgre. Foto: Greenpeace
Greenpeace-aktivistar gjekk om bord på Statoil sine oljerigg Transocean Spitsbergen for å gje tydeleg beskjed om at boring i Barentshavet ikkje er greit. Martin sit lengst til høgre. Foto: Greenpeace

Dag, Martin og Johanne set både karriere og fridom på vent for klimasaka, og er villige til å gå langt i sine protestar. Men vald er det nulltoleranse for i både Greenpeace og Extinction Rebellion.

– Eg gjer kva som helst, berre det ikkje er valdeleg, seier Dag.

Dei vil i fengsel, men dei vil ikkje i fengsel. Helst skulle dei sett at det fanst andre måtar å løyse problema på, men når ting ein gong er som dei er, er arrestasjonar og fengslingar det sterkaste verkemiddelet dei kan bruke for å vise politikarane alvoret.

På lag med politiet

Martin har vore med på «non-violent direct actions» i heile Europa. I snitt er han på tre større aksjonar i året. Ofte får han kort varsel. Mykje er hemmeleg, og skal ein vere med må ein setje alt anna på pause. Som oftast seier han ja. Atomreaktorar i Sverige, oljeriggar i Barentshavet og plastproblematikk i Bulgaria.

Blir det hardt mot hardt er det politiet som vinn. Men oppfører ein seg profesjonelt, trygt og respektfullt, spelar politiet på lag, fortel Martin.

– Dei vert av og til litt irritert fordi me brukar tida deira, men elles støttar dei oss stort sett. Dei brukar ikkje makt med mindre dei må, men spør fint om ein kan flytte seg. Dei er mest opptekne av tryggleiken og å fortast mogleg få ting tilbake til det normale, seier Martin.

Martin og Greenpeace-aktivistar frå 13 ulike land heng eit femti meter breitt banner som seier “ingen plast” frå Asparuhov-brua i Varna i Bulgaria. Foto: Ivan Donchev/Greenpeace
Martin og Greenpeace-aktivistar frå 13 ulike land heng eit femti meter breitt banner som seier “ingen plast” frå Asparuhov-brua i Varna i Bulgaria. Foto: Ivan Donchev/Greenpeace

Det er greit å bryte lova

Lovar er laga for alles beste. Likevel er Martin, Johanne og Dag stolt av å gå imot systemet og nølar ikkje med å bryte lova. Kva gjev dei «rett» til å bryte lova? Kvifor skal det vere greit for aktivistar å bryte lova, men ikkje for andre?

– Du kan samanlikne det med å gå forbi ein gloheit bil på sommaren. Du ser at det sit ein hund inne i bilen, og du er nødt å knuse ruta for å redde livet hans. Sjølvsagt gjer du det! Det er ikkje kriminelt å redde ein hund sjølv om du i teorien bryt lova, seier Johanne.

Martin rosar metaforen og legg til:

– Ein større urett kjem til å skje om me ikkje gjer noko.

Sivil ulydnad treng heller ikkje å betyr å bryte lova, men å bryte med normene. Det treng ikkje å vere fullt kaos og action, slik mange kanskje ser for seg når ein høyrer «opprør».

– Då dei første jentene tok på seg jeans på slutten av 1800-talet var det også ei form for sivil ulydnad. Dei braut ikkje lova direkte, men dei opprørte mange, seier Martin.

– Du kan ikkje forvente å gå på aksjon, kome på nyheitene og så ha løyst problemet, seier Martin som reknar seg som fulltidsaktivist. Foto: Ida Johanne Aadland
– Du kan ikkje forvente å gå på aksjon, kome på nyheitene og så ha løyst problemet, seier Martin som reknar seg som fulltidsaktivist. Foto: Ida Johanne Aadland

Les også: Tusenvis av svenskar med felles nyttårsforsett for klimaet

Ting tek tid

Sjølv om organisasjonen er i startgropa, vil me høyre mykje frå klimarebellane framover. I april skal det vere ei internasjonal aksjonsveke med aksjonar i alle dei 35 landa der Extinction Rebellion er representert. Akkurat kor og korleis den skal markerast, er ikkje bestemt, men at det blir leven er sikkert og visst.

Skal ein tru Johanne er sivil ulydnad stort sett harmlaust, så lenge det er godt planlagt. Det ein derimot må belage seg på, er at ting tek tid.

– Du får ikkje alltid Polen-reaksjonen. Som regel er det ein lang prosess du ikkje ser enden på, seier ho og refererer til kvinnerørsla.

År etter år med aksjonar, ofte utan løysingar og samarbeidsvilje frå motparten i sikte. Ikkje berre krev det enormt med planlegging og førebuing, men skal du risikere fengsel og rulleblad for saka, må du vite kvifor du gjer det. Du må tru på saka. Martin avsluttar:

– Du må stole på at det du gjer er meningsfullt nok, og vere klar over at det kan ta tid. Lang tid.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
22:23 Facebook med søksmål etter svindelannonser22:11 Mann utga seg for å jobbe i barnevernet for å komme i kontakt med alenemor – dømt for overgrep22:09 Venstre og KrF stemte mot økt jobbrett for ureturnerbare22:01 Silva fikk sparken i Everton21:58 Frisørkjede nekter å følge pålegg – møter ministeren21:25 – Vi kan ikke godta at en sykdom som var på vei til å bli utslettet, blusser opp på denne måten21:22 Pelosi langet ut mot journalist som spurte om hun hater Trump20:32 Mann alvorlig skadd etter å ha blitt skutt i Trondheim19:18 Skatteetaten endrer regler etter avsløring18:43 Tandrevold med kjempeløp og 4.-plass i Östersund18:38 Regjeringen åpner for midlertidig dobbeltflagging18:37 Frp-politiker nominerer NATO til Nobels fredspris18:20 Politivideo: Slik kommer migranter seg inn i Europa17:04 Nordmann skutt i Brasil16:46 Ulf Leirstein skal lede Stortingets PST-undersøkelser16:14 Kronprins Haakon om Mette-Marits Epstein-møter: – Hun beklager og er lei seg15:52 Britene er misfornøyd med norsk juletre15:49 Norsk hopper sendt hjem fra Russland uten gyldig visum15:45 To menn dømt for drap på tidligere MC-klubbmedlem i Asker15:26 Norsk kvinne druknet i turistparadis15:11 Økt press på Hauglie – Ap og SV truer med mistillit15:10 Mann i 30-årene siktet for voldtekt etter taxitur13:59 Nederland-duellen kan avgjøre veien videre for Norge13:55 Nytt skritt mot riksrett i USA13:50 – For tidlig å si om dette vil få konsekvenser for Kallmyr13:23 Bent Høie gir seg som nestleder i Høyre13:12 Sjuåring i Tromsø ikke utsatt for vold – døde av drukning12:57 Nye tall: Krise for jordbruksinntektene12:56 To menn dømt for heroinsmugling over svenskegrensa12:56 Savnet kvinne (85) funnet død12:40 Norsk turist kvalte mann til døde – nå blir han siktet for drap12:30 USA er like splittet som under Vietnam-krigen12:29 Karlsson og Halfvarsson står over i Lillehammer11:57 19 besetningsmedlemmer bortført fra gresk supertanker11:57 PST har drevet ulovlig innhenting av flypassasjeropplysninger11:56 Melania Trump mener professor misbrukte sønnens navn11:37 Algerammede lakseoppdrettere får øke produksjonen11:31 Mann dømt til fengsel for hjemmelaget bombe i Larvik11:16 Trumps advokat på tur til Ukraina11:09 Zlatan vil ha strengere straff for rasisme10:04 Nortura avvikler drift på Otta – 78 ansatte berørt10:03 New Zealand vil hindre terrorsiktet i å spre sitt budskap10:01 Fransk storstreik utvides09:24 Japan la fram økonomisk redningspakke09:23 Stabilt sykefravær – målet om nedgang på 10 prosent like langt unna08:53 SAS om 2019-resultatet: – Utilfredsstillende08:53 Nordmenn flest drikker alkohol kun i helga08:52 Over 20 prosent færre passasjerer for Norwegian07:27 Utslitte polfarere ønsker foreløpig ikke helikopter07:17 Bil truffet av gjenstand fra vogntog på Stordabrua – utenlandsk mann døde07:15 Mourinho: – United var ikke bare bedre enn oss. De var mye bedre07:11 Forsvaret forsøker å selge F-16 og Sea King07:11 Russland bygger avansert superbase for kampfly nær Arktis07:08 Flere fjelloverganger stengt06:30 Nær 100 utmarkskommuner refser forslag om kraftskatt06:24 To døde etter skyting i Norrköping i Sverige06:11 Frankrike vil gå i stå under storstilt protest mot pensjonsreform06:00 FN-støttet elprosjekt er blitt het potet for Venezuelas opposisjon06:00 Drømmeopplegg på gang for Norge i håndball-VM05:57 Huawei saksøker USA igjen05:53 Tidligere oljefond-sjef mener nytt styre mangler kompetanse05:50 Dette skjer i dag05:37 Dette skjedde i natt05:30 Trettebergstuen: – Mette-Marit har vist dårlig dømmekraft05:04 Skitten overraskelse traff bonden midt i fjeset05:03 Marineansatt drepte to sivilt ansatte på marinebase på Hawaii05:00 Frp ypper til oljestrid med Høyre04:52 Presidentvalget i Bolivia var manipulert03:39 40.000 marsjerte i protest i Colombia03:18 Full meslingkrise på Samoa – alle skal vaksineres03:12 Taus veidirektør vil først snakke i januar02:39 Stavanger-lege fratatt autorisasjon for tredje gang02:13 Hevder Iran har utviklet kortdistanseraketter01:59 Skredsak mot Osterøy kommune henlagt01:18 58 migranter døde da båt sank utenfor Mauritania01:07 De rødgrønne enige om å øke matsikkerhet00:15 En person omkom i trafikkulykke i Nordland00:04 Telenor gransker svindel i pakistansk bank23:54 Mané herjet da Liverpool vant målfest mot byrivalen23:53 Dropper omstridt metode for å stoppe nettmobbing22:47 Abraham tilbake med scoring og målgivende i Chelsea-seier22:45 Fire personer i arbeidsulykke i Nordland – kan ikke hentes på grunn av været22:44 Åtte savnet etter at bygning raste sammen i Polen22:30 Rashford-dobbel reddet Solskjær i Mourinho-møtet på Old Trafford21:40 Mann (33) siktet for drapsforsøk i Sverige – tiltalt for politivold i Norge21:14 Norsk båt stjålet av menneskesmuglere21:00 Stor økning i pasientvold på Ullevål sykehus20:58 Mann pågrepet i Russland for å ha lurt migranter med falsk finskegrense20:44 200 ansatte har fått permitteringsvarsel i Risa AS20:33 Kolonial.no endrer praksis: – Glad for at kundene har pushet på19:57 Tybring-Gjedde om pølseservering: – Første gang jeg har fått gjennomslag i norsk politikk19:21 Raserte dugnadsprosjekt på togstasjon: – Jeg hadde bare lyst til å gjøre noe hyggelig og morsomt19:02 Drama på Grønland: På fem timer forsvant to tredjedeler av innsjøen18:48 Passasjerer satt to timer i mørkt tog18:42 EØS stoppet palmeolje-forbud: – Viktig at vi går videre18:31 Trump mener riksrettsrapporten er en vits18:21 Fourcade knuste Bø-brødrene på normaldistansen i Östersund18:18 Julie (20) vil ikke skifte med gutta – nå skal hun få slippe16:57 Blodig skikk sjokkerer verden: – Det er ingen medfølelse16:53 Person funnet med stikkskader på Grorud i Oslo
Siste nytt
22:23VerdenFacebook med søksmål etter svindelannonser22:11NorgeMann utga seg for å jobbe i barnevernet for å komme i kontakt med alenemor – dømt for overgrep22:09NorgeVenstre og KrF stemte mot økt jobbrett for ureturnerbare22:01SportSilva fikk sparken i Everton21:58PengerFrisørkjede nekter å følge pålegg – møter ministeren21:25Helse og livsstil– Vi kan ikke godta at en sykdom som var på vei til å bli utslettet, blusser opp på denne måten21:22VerdenPelosi langet ut mot journalist som spurte om hun hater Trump20:32NorgeMann alvorlig skadd etter å ha blitt skutt i Trondheim19:18PengerSkatteetaten endrer regler etter avsløring18:43SportTandrevold med kjempeløp og 4.-plass i Östersund18:38NorgeRegjeringen åpner for midlertidig dobbeltflagging18:37NorgeFrp-politiker nominerer NATO til Nobels fredspris18:20VerdenPolitivideo: Slik kommer migranter seg inn i Europa17:04VerdenNordmann skutt i Brasil16:46NorgeUlf Leirstein skal lede Stortingets PST-undersøkelser16:14NorgeKronprins Haakon om Mette-Marits Epstein-møter: – Hun beklager og er lei seg15:52VerdenBritene er misfornøyd med norsk juletre15:49SportNorsk hopper sendt hjem fra Russland uten gyldig visum15:45NorgeTo menn dømt for drap på tidligere MC-klubbmedlem i Asker15:26VerdenNorsk kvinne druknet i turistparadis15:11PolitikkØkt press på Hauglie – Ap og SV truer med mistillit15:10NorgeMann i 30-årene siktet for voldtekt etter taxitur13:59SportNederland-duellen kan avgjøre veien videre for Norge13:55PolitikkNytt skritt mot riksrett i USA13:50Politikk– For tidlig å si om dette vil få konsekvenser for Kallmyr13:23PolitikkBent Høie gir seg som nestleder i Høyre13:12NorgeSjuåring i Tromsø ikke utsatt for vold – døde av drukning12:57NæringslivNye tall: Krise for jordbruksinntektene12:56NorgeTo menn dømt for heroinsmugling over svenskegrensa12:56NorgeSavnet kvinne (85) funnet død12:40VerdenNorsk turist kvalte mann til døde – nå blir han siktet for drap12:30StemmerUSA er like splittet som under Vietnam-krigen12:29SportKarlsson og Halfvarsson står over i Lillehammer11:57Verden19 besetningsmedlemmer bortført fra gresk supertanker11:57NorgePST har drevet ulovlig innhenting av flypassasjeropplysninger11:56VerdenMelania Trump mener professor misbrukte sønnens navn11:37PengerAlgerammede lakseoppdrettere får øke produksjonen11:31NorgeMann dømt til fengsel for hjemmelaget bombe i Larvik11:16VerdenTrumps advokat på tur til Ukraina11:09SportZlatan vil ha strengere straff for rasisme10:04PengerNortura avvikler drift på Otta – 78 ansatte berørt10:03VerdenNew Zealand vil hindre terrorsiktet i å spre sitt budskap10:01PengerFransk storstreik utvides09:24PengerJapan la fram økonomisk redningspakke09:23Helse og livsstilStabilt sykefravær – målet om nedgang på 10 prosent like langt unna08:53PengerSAS om 2019-resultatet: – Utilfredsstillende08:53Helse og livsstilNordmenn flest drikker alkohol kun i helga08:52PengerOver 20 prosent færre passasjerer for Norwegian07:27NorgeUtslitte polfarere ønsker foreløpig ikke helikopter07:17NorgeBil truffet av gjenstand fra vogntog på Stordabrua – utenlandsk mann døde07:15SportMourinho: – United var ikke bare bedre enn oss. De var mye bedre07:11NorgeForsvaret forsøker å selge F-16 og Sea King07:11NorgeRussland bygger avansert superbase for kampfly nær Arktis07:08NorgeFlere fjelloverganger stengt06:30PengerNær 100 utmarkskommuner refser forslag om kraftskatt06:24VerdenTo døde etter skyting i Norrköping i Sverige06:11VerdenFrankrike vil gå i stå under storstilt protest mot pensjonsreform06:00VerdenFN-støttet elprosjekt er blitt het potet for Venezuelas opposisjon06:00SportDrømmeopplegg på gang for Norge i håndball-VM05:57VerdenHuawei saksøker USA igjen05:53PengerTidligere oljefond-sjef mener nytt styre mangler kompetanse05:50NorgeDette skjer i dag05:37NorgeDette skjedde i natt05:30KulturTrettebergstuen: – Mette-Marit har vist dårlig dømmekraft05:04VerdenSkitten overraskelse traff bonden midt i fjeset05:03VerdenMarineansatt drepte to sivilt ansatte på marinebase på Hawaii05:00NorgeFrp ypper til oljestrid med Høyre04:52PolitikkPresidentvalget i Bolivia var manipulert03:39Verden40.000 marsjerte i protest i Colombia03:18Helse og livsstilFull meslingkrise på Samoa – alle skal vaksineres03:12NorgeTaus veidirektør vil først snakke i januar02:39NorgeStavanger-lege fratatt autorisasjon for tredje gang02:13VerdenHevder Iran har utviklet kortdistanseraketter01:59NorgeSkredsak mot Osterøy kommune henlagt01:18Verden58 migranter døde da båt sank utenfor Mauritania01:07NorgeDe rødgrønne enige om å øke matsikkerhet00:15NorgeEn person omkom i trafikkulykke i Nordland00:04PengerTelenor gransker svindel i pakistansk bank23:54SportMané herjet da Liverpool vant målfest mot byrivalen23:53KulturDropper omstridt metode for å stoppe nettmobbing22:47SportAbraham tilbake med scoring og målgivende i Chelsea-seier22:45NorgeFire personer i arbeidsulykke i Nordland – kan ikke hentes på grunn av været22:44VerdenÅtte savnet etter at bygning raste sammen i Polen22:30SportRashford-dobbel reddet Solskjær i Mourinho-møtet på Old Trafford21:40NorgeMann (33) siktet for drapsforsøk i Sverige – tiltalt for politivold i Norge21:14NorgeNorsk båt stjålet av menneskesmuglere21:00NorgeStor økning i pasientvold på Ullevål sykehus20:58VerdenMann pågrepet i Russland for å ha lurt migranter med falsk finskegrense20:44Penger200 ansatte har fått permitteringsvarsel i Risa AS20:33PengerKolonial.no endrer praksis: – Glad for at kundene har pushet på19:57NorgeTybring-Gjedde om pølseservering: – Første gang jeg har fått gjennomslag i norsk politikk19:21NorgeRaserte dugnadsprosjekt på togstasjon: – Jeg hadde bare lyst til å gjøre noe hyggelig og morsomt19:02VerdenDrama på Grønland: På fem timer forsvant to tredjedeler av innsjøen18:48NorgePassasjerer satt to timer i mørkt tog18:42PolitikkEØS stoppet palmeolje-forbud: – Viktig at vi går videre18:31VerdenTrump mener riksrettsrapporten er en vits18:21SportFourcade knuste Bø-brødrene på normaldistansen i Östersund18:18NorgeJulie (20) vil ikke skifte med gutta – nå skal hun få slippe16:57VerdenBlodig skikk sjokkerer verden: – Det er ingen medfølelse16:53NorgePerson funnet med stikkskader på Grorud i Oslo
Populært