Kappløpet til Sørpolen:

Roald Amundsen var kjent som «den siste vikingen»

Google feirar Roald Amundsen Slik markerer Google 105-årsdagen for den første velluka ekspedisjonen til Sørpolen i dag.
Google feirar Roald Amundsen Slik markerer Google 105-årsdagen for den første velluka ekspedisjonen til Sørpolen i dag. Foto: Skjermdump

I dag er det 105 år sidan nordmannen vann kappløpet til Sørpolen. Det fortener ein Doodle.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

14. desember 1911 nådde Roald Amundsen og teamet hans fram til Sørpolen. Det var den første vellukka ekspedisjonen til det sørlegaste punktet på jordkloten.

I dag markerer Google 105-årsdagen for polferda med ein Doodle – ein illustrert versjon av Google-logoen, laga for eit spesielt høve.

«Den siste vikingen»

«På doodlen ser me teltet til Amundsen og mannskapet hans på Polheim, som dei kalla basen sin på Sørpolen. Over teltet vaiar silhuetten av det norske flagget.

Slik såg det ut på ekte: Roald Amundsen, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting ved teltet på Sørpolen. Foto: Olav Bjaaland
Slik såg det ut på ekte: Roald Amundsen, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting ved teltet på Sørpolen. Foto: Olav Bjaaland

«Amundsen var kjent som 'den siste vikingen', ein livslang eventyrar med ei gåve for organisering og planlegging», skriv Google i høve markeringa.

Amundsen og eit mannskap på 19 reiste frå Noreg med polarskuta «Fram» 9. september 1910.

100 grønlandshundar

Med god hjelp av 100 grønlandshundar vann dei kappløpet om Sørpolen mot den britiske Terra Nova-ekspedisjonen leia av Robert Falcon Scott, som møtte det norske flagget då dei nådde polpunktet 18. januar 1912.

Les også: Amundsens polarskute hevet etter 85 år

Gjenåpner luksushotell i Antarktis

Britisk eventyrer døde etter to måneder alene på Antarktis-ferd

«Fram» fotografert i Antarktis. Skuta hadde tidlegare blitt brukt i arktiske ekspedisjonar av Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup.
«Fram» fotografert i Antarktis. Skuta hadde tidlegare blitt brukt i arktiske ekspedisjonar av Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup.

Personvernpolicy