Klart for ny bok, men ikkje den du ventar på

Vinteren kjem ikkje i år, seier forfattar av bokserien A Song of Ice and Fire, George R.R. Martin Foto: Helen Sloan/HBO
Vinteren kjem ikkje i år, seier forfattar av bokserien A Song of Ice and Fire, George R.R. Martin Foto: Helen Sloan/HBO

The Winds of Winter kjem ikkje i år heller. Den sju år lange venteperioden blir endå lenger.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

– Nei, vinteren kjem ikkje… ikkje i 2018, i alle all. De må halde fram med å vente på The Winds of Winter, skreiv forfattar George R. R. Martin på nettsida si i går.

Allereie i førre sesong av TV-serien Game of Thrones, gjekk handlinga forbi det som er publisert i bokform. Enkelte har venta med å sjå TV-serien, for ikkje å få hint om kva som skal skje i bøkene, no må dei vente endå lenger om dei skal halde på den strategien.

Sju år sidan førre bok

Siste sesong av TV-serien skal sendast 2019, og mange hadde håpa at den sju år lange venteperioden sidan førre bok, A Dance With Dragons (2011) , skulle vere over før den tid. Då Martin gjekk ut med at han skulle sleppe to nye bøker snarleg, begynte rykta å gå på nytt, og mange håpa på eit slepp hausten 2018.

LES OGSÅ: – Norsk tronstrid var som Game of Thrones

No er det klart at neste bok ikkje kjem i år heller, sjølv om Martin lovar å gå tilbake til arbeidet:

«As for me, I’m returning once again to THE WINDS OF WINTER», skriv han på nettsida si i ein artikkel der han annonserer kva bok som faktisk kjem i år.

Publiserer bok om Targaryen-huset

I staden for The Winds of Winter, kjem den første av to bøker om Targaryen-huset. Fire and Blood skal vere klar 20. november i år. Den skal innehalde mello anna 75 svartkvit-teikningar av dragar, teikna av Doug Wheatley som også har teikna bokomslaget.

Omslaget til Fire and Blood. Illustrasjon: Doug Wheatley
Omslaget til Fire and Blood. Illustrasjon: Doug Wheatley

Boka skal vere på 989 sider og ta føre seg historia frå Ageon I (the Conquerer) til regjeringstida til Ageon III (the Dragonbone), men også konene deira, krigar, søsken, venner, rivalar, lover, reiser og anna.

Tar tilbake karakter *spoiler*

TV-serien har allereie gjort val som skil seg frå bøkene. Og sjølv om Martin er konsulent for serieskaparane, vil serien halde fram med å ta eigne val for den siste sesongen.

LES OGSÅ: Ho er Nordens beste cosplayar

For dei som vil sjå serien no, er det kanskje ei trøyst at bøkene kan komme til å ta andre vendingar. Mellom anna er vil truleg Lady Stoneheart, zombie-versjonen av avdøde Catelyn Stark, halde fram med ei viktig rolle i bøkene, sjølv om ho så godt som har vore skriven ut av serien fram til no. Ei endring Martin skal ha kjempa mot:

– I den sjette boka kjem eg til å halde fram med å skrive om ho. Ho er ein viktig karakter i bøkene. Å behalde henne i TV-serien er kanskje den endringa eg helst ville gjort, har Martin sagt i eit intervju med den kinesiske utgåva av Esquire.

Flere saker fra ABC Nyheter

Personvernpolicy