Kvinnene rømmer frå distrikta

Kvinnene rømmer frå bygda, og ser liten grunn til å komma tilbake. Illustrasjon: Alexander Slotten
Kvinnene rømmer frå bygda, og ser liten grunn til å komma tilbake. Illustrasjon: Alexander Slotten
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og dei kjem ikkje tilbake. Møre og Romsdal og fleire andre distrikt lir av kvinnemangel, og rekrutterer aktivt. Men er det livmora eller kompetansen som er målet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spørsmålet blir stilt av Maria Dyrhol Sandvik, i teksten ho nyleg skreiv for nettavisa Røyst.

– Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken?

– Det er eit slags hjertesukk. Målet med teksten var eigentleg å belysa ei problemstilling eg har kjend på sjølv.

– Eg kan berre snakka om mitt eige fylke, men eg trur mange som har flytta frå Møre og Romsdal har kjend på det same. Dei flyttar vekk for å ta høgare utdanning og innser etter kvart at sjølv om ein har lyst til å flytta heim så er det ikkje plass til deg der. Det er ikkje gode jobbar, og det er heller ikkje eit viktig tema for lokalpolitikarane, sjølv om det burde vera det, seier Sandvik.

Problemet som Sandvik snakkar om, er ho ikkje åleine om å sjå. Ein rapport frå Møreforsking frå i fjor haust bekrefta mistankane til Sandvik, og statistikken syner det same: Møre og Romsdal lir av kvinnemangel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Dårlegast på likestilling

Verst i landet

– Ja, me må innrømma at me har eit betydeleg kvinneunderskot – spesielt på kvinner mellom 20 og 39 år, i fertil alder – det gjer det litt vanskeleg for oss, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), med eit tungt sukk.

– Og skal me vera heilt ærlege, så er det størst i landet. Det er nok det, held han fram.

I Møre og Romsdal er det berre to kommunar med like mange kvinner som menn i alderen 20-39 år. I fleire kommunar er det overskot av menn, industrikommunar som Ulstein har berre 80 kvinner per 100 menn i denne aldersgruppa. Aasen peikar på fleire grunnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Bakgrunnen er nok ikkje berre at jentene reiser frå oss, men me har betydeleg arbeidsinnvandring i fylket. Det er stort sett polakkar, menn frå Baltikum. Då får me tal som i Ulstein.

Slikt blir det mannsdominerte samfunn av. Fylkesordføraren kjenner igjen noko av det Maria Dyrhol Sandvik har merka seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– At ein blir møtt av eit mannsdominert samfunn er det ingen tvil om. Og det kan stemma at ein ikkje finn ein like interessant arbeidsmarknad om ein samanliknar med Oslo, Bergen og Trondheim. Men det er mange interessante arbeidplassar her og, Møre og Romsdal er eit fylke med høg kompetane på mange område, seier Aasen.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet

Lengselen forsvinn

Sandvik er ein av kvinnene i fertil alder som har flytta frå heimfylket for å auka kompetansen – bli klokare og meir attraktiv for arbeidsmarknaden. Men også ho blir råka av heimlengsel av og til.

– Det er mange grunnar til å lengta heim, men når ein ser på fakta fristar det ikkje like mykje likevel, seier ho.

– Eg trur det har noko med arbeidsmarknaden å gjera. Dei som flyttar ut skaffar seg kompetanse det ikkje er bruk for heime. Eg meiner utfordringa og er spesiell for Møre og Romsdal, men eit mannsdominert næringsliv og lokalpolitikk. Dei har også ei utfordring på likestillingsfeltet, for dei er ikkje attraktive for unge kvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: – Menn forstår økonomi betre enn kvinner

– Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken, spør Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Julie Brun Bjørkheim/Studvest– Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken, spør Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Julie Brun Bjørkheim/Studvest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den lange vegen

Korleis skal ein eigentleg lokka kvinnene tilbake til distrikta, når dei rømmer ut for å auka kompetansen, og aldri kjem heim igjen?

– Det er ikkje gjort over natta, men eg trur ein må tenkja på kva ein vil at kvinnene skal bidra med i Møre og Romsdal med den kompetansen dei har. Ein må fokusera meir på arbeid og mindre på oppvekstvilkår, seier Sandvik. Gode oppvekstvilkår for born er ein grunn til å flytta heim, men ein treng og jobbar, legg ho til.

Samstundes er heiltidsjobbar eit problem – kvinner vil òg jobba heiltid, men Møre og Romsdal er fylket med høgast andel kvinner som jobbar deltid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Samferdselsløysinga

For fylkesordføraren er håpet om ei ferjefri E39 ei gudegitt gåve. Det trur han kan løysa mange av rekrutteringsproblema fylket har.

– Her har me tre middels store byar og fleire tettstader, men om du ser på kartet vil du sjå mykje fjordar og ferjesamband. Mellom Ålesund og Molde er det berre sju mil, men turen tek to timar, seier Aasen.

Han er klar på kvifor samferdsel er så viktig, også i rekrutteringa av kvinner til fylket.

– Eit par kan ha heilt ulike yrke, men begge skal kunne finna jobb i Møre og Romsdal. Om ein er fagarbeidar i Ulsteinvik eller Haram skal den andre kunne vera akademikar ein annan stad. Men det er vanskeleg for oss å tilby i dag, seier Aasen.

– Det betyr at me må legga oss i selen. Me må rekruttera meir kjønnsnøytralt til studiestadene våre, og så må me tora å seia at me treng meir urbane forhold. Jentene er nok meir urbane enn gutane, legg han til.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Bygdedyret

– Mange vil sei at den urbaniseringa ein ser er ei naturleg utvikling det er umogleg å snu. Og til ei viss grad er det sant. Likevel trur eg at Møre og Romsdal har ein del å gå på i korleis ein går fram i rekrutteringa. Det handlar ikkje berre om frieriet, men og om korleis ein legg opp sitt eige samfunn, seier Maria Dyrhol Sandvik.

Samfunnet er meir enn arbeidsplassar og gode vegar utan ferjer. I eit fylke som Møre og Romsdal kan lokalkulturen ha mykje å seia.

– Eg har alltid meint at ein skal ta lokalkulturen på alvor, men at lokalpolitikarane ofte ikkje tek likestillinga i politikken og arbeidslivet alvorleg, fordi det berre er slik. Det bidreg til eit bilete av Møre og Romsdal der mennene har størst plass, seier Sandvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg lever Bygdedyret godt, noko Sandvik tek opp i innlegget sitt i Røyst. Ho siterer rapporten frå Møreforsking, der den fokuserer på korleis Bygdedyret skremmer kvinnene frå å flytta heim.

– Interessant nok var det ikkje gubbekulturen dei frykta, men kjerringkulturen. Dei meinte det i stor grad var dei busette og etablerte kvinnene på heimstaden som bestemte kva som høvde seg for kvinner og kva som ikkje gjorde det.
LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

– Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken, spør Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Julie Brun Bjørkheim/Studvest– Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken, spør Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Julie Brun Bjørkheim/Studvest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje livmorjakt

Men tilbake til opningsspørsmålet. Når Møre og Romsdal aktivt rekrutterer kvinner aktivt – er det for å få kompetansen dei sit med, eller for å pynta på fødselsstatistikken?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me er så absolutt ute etter den kompetansen kvinner kan komma med, og eg håpar verkeleg ingen let det skinna gjennom at dei har andre motiv enn det, svarar fylkesordføraren.

– Sjølv om nokon seier at dersom ein ikkje får fleire kvinner, så reiser mennene og, så håpar eg me er ærlege og tydelege på at det er kompetansen og ikkje noko anna me er ute etter.

Møre og Romsdal er i full gang med å rekruttera fleire kvinner. I år blir det lagt totalt ti millionar kroner i ein pott som skal betra buforholda i Molde, Kristiansund og Ålesund.

– Me skal ikkje skriva kommuneplanen, men me kan hjelpa dei godt på veg, seier Aasen om satsinga.

LES OGSÅ: Sjukt lite likestilt