Posh Spice blir alien

Artikkelen fortsetter under annonsen

Victoria Beckham skal spele utanomjordisk brud i Tom Cruise-filmen «The Thetan».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Victoria Beckham skal spele utanomjordisk i filmen «The Thetan». (Foto: REUTERS/Tony Gentile (ITALY))Victoria Beckham skal spele utanomjordisk i filmen «The Thetan». (Foto: REUTERS/Tony Gentile (ITALY))

Tom Cruise har planar om å lage ein scientologi-inspirert film, og skal ha bede Victoria Beckham om å spele bruda til ein alien-leiar, ein såkalla thetan, i filmen. I scientologien er ein «thetan» eit udødeleg, åndeleg vesen som bur i oss alle.

Drøymer om Hollywood


Fru Beckham skal visstnok vere svært ivrig etter å gjere det stort i Hollywood. Kjelder seier til DailyStar.com at det å få spele i «The Thetan», med hennar nære venn Tom Cruise i sjefsstolen, er ein perfekt avspark til ei filmkarriere for Posh Spice.

Victoria Beckham skal allereie vere på husjakt i Los Angeles, og ho skal og gå med planar om å byrje på Beverly Hills School of Dramatic Arts. Beckham debuterte på filmlerretet i 1997 med filmen «Spice World». Tom Cruise skal vere veldig begeistra for filmen og meiner Posh Spice har eit komisk talent.

Den ihuga scientologi-tilhengjaren Tom Cruise har så langt ikkje fått Hollywood med på å finansiere filmen og vil derfor finansiere han sjølv.