Vil gifte seg med programleiar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje berre bøndene i TV-serien «Jakten på kjærligheten» som får friarbrev. Mange vil også gifte seg med programleiar Katrine Moholt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Bjørn Erik Larsen / SCANPIX)(Foto: Bjørn Erik Larsen / SCANPIX)

- Det dumpar inn brev både i postkassa heime på Nannestad og hjå filmselskapet. Men eg trur at dei fleste som skriv innerst inne veit at eg er godt gift, seier Moholt til Nationen.

Programleiaren er gift med barndomskjærasten - som visstnok berre ler av friarbreva. Nokre av dei som skriv til Moholt får svar, men slett ikkje alle.

- Eg prøver å svare på hyggelege brev. For eksempel er det mange som vil ha autografen min. Dei andre breva giddar eg sjeldan å bruke tid på, seier Katrine Moholt. (ANB)