Kultur-klikk: Vil berre skrive

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss ho var kulturminister ville Noregs mestseljande forfattar, Frid Ingulstad, prøvd å få bukt med åndssnobberiet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Namn:


Frid Ingulstad

Alder:


71 år.

Bur:


I Oslo

Jobbar med:


Forfattar

Sivilstatus:


Gift, tre barn og fem barnebarn.

- Kva bok les du for tida?


- «Arbeideren i norsk diktning» av Arvid G. Hansen.

- Kva er den beste filmen du har sett?


- Den beste filmen er «Quo Vadis».

- Kva CD vil du anbefale?


- Det må bli «En vakker dag» av Bjørn Eidsvåg.

- Kan du nemne tre ord du assosierer med kultur?


- Litteratur, bildekunst og musikk.

Frid Ingulstad skriv om munkar i Nidarosdomen og om livet kring Akerselva i tidlegare tider. (Foto: ingulstad.no)Frid Ingulstad skriv om munkar i Nidarosdomen og om livet kring Akerselva i tidlegare tider. (Foto: ingulstad.no)

- Kva vil det seie å vere kulturell?


- Ein som er interessert i desse tre.

- Brukar me for mykje eller for lite pengar på kultur her i landet?


- Eg synast vi brukar dei på feil område av og til.

- Brukar du sjølv mykje pengar på kultur (konsertar, bøker, teater osb)?


- Eg brukar mykje pengar på bøker.

- Viss du vart kulturminister, kva er den første saka du ville tatt tak i?


- Då ville eg forsøke å bli kvitt åndssnobberiet.


- Er det felt innan kulturen du ikkje kjenner, men som du kunne tenkje deg å bli betre kjend med?


- Eg veit lite om opera og skulle gjerne visst meir.

- Kva kulturperson kunne du tenkje deg å ha piknik med? Kva skulle de finne på, utanom å ete?


- Hans Olav Brenner frå «Bokprogrammet» på NRK. Etter at me hadde ete, ville eg at me skulle diskutert litteratur.


- Kva yrkje innan kulturlivet kunne du tenkje deg å prøve?


- Eg kunne ikkje tenkje meg noko anna enn å vere forfattar.

- Er TV kultur eller ukultur? Er det nokre spesielle TV-program du følgjer med på?


- TV kan vere begge deler, det kjem an på programmet. Eg likar å sjå Holmgang og program med diskusjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva er spesielt for norsk kultur?


- Åndssnobberiet.

Frid Ingulstad:

Ho jobba tidlegare som radiotelegrafist og flyvertinne, og 29 år gammal debuterte ho som forfattar. Ingulstad har skrive både barnebøker og dokumentarromanar, men ho er mest kjend for seriane «Sønnavind» og «Ingebjørg Olavsdatter». I «Sønnavind» hentar Ingulstad historier frå Sagene i Oslo. Med denne serien har ho blitt landets mestseljande forfattar. (Kjelde: damm.no)

Forfattaren si eiga heimeside.


Meir om litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving