Minnest Madonna naken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje alle har eit levande minne av Madonna som dansar naken. Men det har Al Pacino.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Al Pacino har gode minne frå den gongen han spelte inn film med Madonna. (Foto: celebrity9.com)Al Pacino har gode minne frå den gongen han spelte inn film med Madonna. (Foto: celebrity9.com)

Skodespelaren Al Pacino fortel i den nye biografien om eit svært kjært minne han har om Madonna:

- Ho dansa for meg og ho var naken under frakken.

Dette skjedde i 1990 då dei båe spelte i filmen «Dick Tracy». Og det skjedde privat, ikkje på filmlerretet.

- I løpet av dansen vart ho inspirert og opna frakken. Og der var ho!, fortel han. - Ho har ein fantastisk vakker kropp, som om ho er hogd i elfenbein.

Salig smil


Madonna sin kjærast på den tida, Warren Beatty, spelte og i same filmen. Han visste truleg ingenting om den svært private dansen.

Den no 66 år gamle Al Pacino ser i den autoristerte biografien for seg korleis det blir når han blir gammal og sit på verandaen i rullestolen sin:

- Viss eg har eit salig smil om munnen, er det nok denne dansen eg tenkjer på.

Kjelde: Female First

Meir kjendiseri i Neste Klikk.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving