Minimalt med nynorsk i Oslo

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nynorskandelen på Musikkhøgskolen i Oslo er på null prosent. Heller ikkje dei andre lærestadene i hovudstaden følgjer mållova.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rektor ved Musikkhøgskolen, Eirik Birkeland, lovar å skjerpe seg. (Foto: Musikkhøgskolen)Rektor ved Musikkhøgskolen, Eirik Birkeland, lovar å skjerpe seg. (Foto: Musikkhøgskolen)

Mållova krev at alle statlege organ skal bruke minst 25% nynorsk. Men utdanningsinstitusjonane i hovudstaden greier ikkje å følgje lova. Verst av alle er Musikkhøgskolen som ikkje brukar nynorsk i det heile, melder

Universitas

.

Leiar i Studentmållaget i Oslo, Ylva Tyssing, håpar at ein raskt kan kome seg ut av dette uføret.

Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet slår fast at Mållova blir oversett, etter den årlege runden der alle statlege organ rapporterer sin bruk av nynorsk. Ho hadde venta at særleg kunnskapsinstitusjonane hadde teke ansvaret for språket meir på alvor, men rapporteringane viser dessverre det motsette.

Idrettshøgskolen flinkast


Det er no berre Idrettshøgskolen av utdanningsinstitusjonane som oppfyller kravet om 25% nynorsk. Verstingen er altså Musikkhøgskolen med 0%, mens dei andre vitskapelege høgskolane har ein nynorskprosent på mellom 0 og 5,6 prosent.

Rektorane på dei ulike skulane lovar å betre situasjonen. Eirik Birkeland, rektor ved Musikkhøgskolen, trur han skal greie å kome opp på 25% i løpet av dei to neste åra.

- Vi har gjort nokre grep, og vil følgje opp samvitsfullt, seier han til Universitas.

Han fortel at årsmeldinga for 2005 allereie er kome på nynorsk, og at fleire publikasjonar er i arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Frist til 2008


Stortinget har sett ein frist på to år for at at statsorgana skal innfri kravet. Språkrådet håpar dette vil setje fart i institusjonane, men har førebels ikkje noko myndigheit til sanksjonar. Dermed er det lite å tape på å ikkje følgje lova.

Institusjonane er heller ikkje ivrige til å rapportere om nynorskbruken sin. Språkrådet måtte purre fire gongar før dei endeleg fekk rapporten frå Universtitetet i Oslo (UiO) no i august. Fristen for å levere rapporten gjekk ut 31. januar.

Ikkje imponert


Tala frå UiO er ikkje ferdig handsama endå, men Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet fortel at tidlegare rapportar har vist dårlege resultat.

Ylva Tyssing synst ikkje nynorsksatsinga ved UiO er noko å rope hurra for, og ho håpar på ei opprydding innan fristen.

- Det hadde vore fint viss Universitetet kunne gitt litt meir plass til nynorsk både i det dei utgir og på nettsidene sine, seier ho.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving