Bokmålsrevolusjonen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit statskupp i Noreg, der ein bokmålsmilits tar makta og innfører eit bokmålsdiktatur. Er det ein skrekkvisjon eller er det allereie ein realitet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Remi Neverdahl Birkenfeldt (14) vann førsteprisen i klassen for ungdomsskuleelevar i skrivetevlinga Noregs Mållag skipa til i samband med 100-årsjubileet sitt.

Remi synast at historier med tragisk slutt er best, og sørgjer som regel for at nokon blir drept i historiene han skriv på skulen. (Foto: Noregs Mållag)Remi synast at historier med tragisk slutt er best, og sørgjer som regel for at nokon blir drept i historiene han skriv på skulen. (Foto: Noregs Mållag)

Under Dei Nynorske Festspela hausta han og den andre førstepris- vinnaren Erlend Skjetne både premiar, lovord og applaus.

Neste Klikk ringde Remi og traff ein språkbevisst og positiv 14-åring. Han kjem frå Eidsbotn i Gulen Kommune i Sogn og fjordane, og er nettopp ferdig med niande klasse på Dalsøyra skule.

Bokmålsrevolusjonen

- Korleis kjennast det å ha vunne ein nasjonal skrivekonkurranse?
- Det kjennast veldig bra. Men eg gjekk for gull. Eg tenkte at eg måtte skrive noko som blei lagt merke til når eg først var med i ein skrivekonkurranse.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Både Remi og Erlend som vann klassen for vidaregåande skule, var på Aasentunet i Hovdebygda under festspela for å få premien sin, ein pc sponsa av Startsida.no.

- Det var kjekt å få eigen pc, og tekstane våre blei lest opp og fekk applaus, seier Remi, som også likte teksten til Erlend Skjetne godt.

Kjem igjen


- Eg fekk med meg meir av festspela og, sjølv om eg ikkje var der så lenge. Men eg skal prøve å kome meg dit neste år igjen, det var kjempegøy.

- Har det vore noko pågang av presse?
- Ja, faktisk. Det har vore nokre lokalaviser og slikt. Du er faktisk den tredje som ringer i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kanskje du må få deg manager snart, for å ta unna litt av pågangen?
- Ja, kanskje det, ler 14-åringen, men hittil går det no greit.

Remi Neverdahl Birkenfeldt (14) vann ungdomsskuleklassen, og Erlend Skjetne vann premien for vidaregåandeelevar i Mållaget si skrivekonkurranse som hadde «Språket mitt» som tema. (Foto: Noregs Mållag)Remi Neverdahl Birkenfeldt (14) vann ungdomsskuleklassen, og Erlend Skjetne vann premien for vidaregåandeelevar i Mållaget si skrivekonkurranse som hadde «Språket mitt» som tema. (Foto: Noregs Mållag)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å leve i eit bokmålsdiktatur


- Kan du seie noko om teksten du vann med?

- Eg fortel om eit Noreg der ein bokmålsmilits tar over makta.

- Korleis er det å leve under bokmålsdiktaturet?

- Det er skikkeleg ille. Nynorsk er forbode, nynorske bøker blir samla inn, og nynorskforfattarar blir sett i fengsel. Hovudpersonen er ein 15-åring som skriv dikt på nynorsk. Han blir også arrestert, saman med alle nynorskforfattarane. Det er jo kjekt for han å bli kjend med dei ekte forfattarane, men så blir dei drepne alle saman til slutt.

Remi fortel at han alltid lar nokon døy på slutten av historiene han skriv på skulen. Tragiske sluttar er best, syns han.

- Bokmålsrevolusjonen, er det ein slags skrekkvisjon? Eller er det ei beskriving av røynda?
- Eigentleg er det jo ei beskriving av korleis det er. Men det er jo veldig, veldig sett på spissen då.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Inspirert av Hitler


- Var du inspirert av eit historisk statskupp då du skreiv om bokmålsrevolusjonen?

- Ja, eg tenkte at eg måtte gjere det skikkeleg alvorleg. Så eg henta inspirasjon både frå Hitler og frå Midtausten.

- Korleis opplever du det å vere nynorskbrukar?
- Det er kjempegøy å vere nynorskbrukar. Eg er veldig glad for at eg skriv nynorsk, det er så mange morosame, fine ord ein kan bruke.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Er det eit aktivt målmiljø der du bur?
- Nei, det bur ikkje så mange her, og vi er berre fem i klassen. Eg melde meg inn i mållaget to veker før eg sende inn teksten. Det er nok eg som er ivrigast når det gjeld målsaka i klassen min. Bortsett frå norsklæraren min då, Kjellfrid Bøthun, ho er verre enn meg. Ho hjelpte meg med teksten og, så tusen takk til ho.

«Da Vinci-koden» og andre bøker av Dan Brown, det er lesetipset frå Remi.«Da Vinci-koden» og andre bøker av Dan Brown, det er lesetipset frå Remi.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal bli lærar


Sjølv har han også tenkt å bli lærar. Når han er ferdig med skulen om eit år, ser han føre seg at han tar eit år på folkehøgskule med musikk, dans og drama. Og så blir det nok å byrje på lærarskulen.

- Kva gjer du i sommar, skal du berre sitje inne og skrive?
- Ja, eg må i alle fall skrive ein tekst, for eg skal vere med på ein krimnovellekonkurranse. Elles blir det ein tur til Oslo, og så ein campingtur til Sverige kanskje.

Sommartips


Då eg spør Remi om han har eit lesetips for sommaren, så seier han med ein gong Dan Brown.

- Har du ikkje lese «Da Vinci-koden»? Det må du gjere med ein gong! Men eg likar mange andre forfattarar og, nesten alt som er på papir faktisk. Erna Osland er ein annan favoritt. Er det ho som har skrive novella «Vårnatt» tru? Den likte eg i alle fall svært godt.

- Kva er den ultimate sommarlåten?
- Då må eg finne på noko skikkeleg dårleg, som eg ikkje eigentleg likar men som gir den rette sommarstemninga. «Barbiegirl» med Aqua! Ja, det er den ultimate sommarlåten, avsluttar den engasjerte 14-åringen.


Les meir på nettet:

  • Meir om vinnarane av skrivetevlinga her

  • og her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving