Nynorsk journalistpris til Linda Eide
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(Foto: Ragnhild Margretha Taranger)
(NPK): Prisen vart delt ut for første gong under Dei nynorske Festspela i Ørsta.
Om prisvinnaren sa juryformann Gry Beate Molvær at Eide er mest ein eigen sjanger i norske media.
Ho er tydeleg stolt av nynorsken sin, og har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i media, sa Molvær mellom anna.
Prisen er 50.000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim. (NPK)