Forskar åtvarar mot avhengigheit av dataspel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskingssjef Arvid Skutle ved Bergensklinikken åtvarar mot overdrive dataspeling.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: starrysheep.com)(Foto: starrysheep.com)

Bergen (NTB): Ein kan få abstinensar og dataspeling kan samanlignast med pengespel eller narkotika, meiner han.

- Avhengigheit av dataspel kan samanliknast med pengespel eller narkotika. For eksempel kan det oppstå abstinensar viss ein går lenge utan å spele, og då bør varsellampene byrje å blinke, seier Skutle til Bergensavisen.

Han meiner det ikkje er fare på ferde så lenge folk innser problema før dei oppstår. Dei verkelege faresignala er når ein skjønar at ein spelar for mykje, men ikkje greier å gjere noko for å slutte, meiner han.

Skutle påpeikar at forskjellen mellom avhengigheit av dataspel og pengespel ikkje er stor.

- Ein som spelar på pengeautomatar vil bruke stadig meir pengar, mens ein som har mist kontrollen over dataspelinga vil tilbringe stadig meir tid foran skjermen, seier han.

Ifølgje bergensstudentane Kjetil Østhus (23) og Ole Brekke (23) er det stadig fleire som spelar så mykje at dei stryk på eksamen. Denne eksamensvåren er det dataspelet World of Warcraft som er verstingen. Østhus og Brekke spelar dette sjølve. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving