- Start tidlegare med nynorsk

- Dersom styresmaktene meiner alvor med at negative haldningar til nynorsk må endrast, må opplæringa starta tidlegare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: nm.no)(Foto: nm.no)

(NPK): Nynorskundervisninga må ta til på barnesteget på skulen, krev Noregs Mållag.

Mållaget viser til Sidemålsgranskinga til Utdanningsdirektoratet, som syner at bokmålselevane som startar tidleg med nynorskopplæring, likar nynorsk betre og blir flinkare til å skrive nynorsk, enn dei som startar seint.

- Dette må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet fylgja opp med tiltak, krev Mållaget i ei pressemelding.

- Undersøkinga syner så klare samanhengar at det må få fylgjer for praksis i skulen.

- Tendensen er klar: Di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget. Dette provar det Noregs Mållag lenge har hevda: Nynorskopplæringa må byrja tidlegare, seier Hege Myklebust, nyvald leiar i Noregs Mållag. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy