«Greven» hovudperson i ny storfilm
Filmen har førebels arbeidstittelen «Lord of Chaos», og er basert på boka med same namn. Filmen vil ta for seg «Greven» og drapet på Øystein Aarseth, i tillegg til å fortelje om heile det norske black metal-miljøet på 90-talet.
Debut
- Drapet på Aarseth, eller «euronymous» som han var kjend som i metal-miljøet, er kjend over heile verda. Black-metalmiljøet var stort blant ein engare krets på 90-talet, seier den norskamerikanske Hans Fjellestad, som står bak prosjektet, til NRK.
Filmen blir spelefilmdebuten til Fjellstad, som tidlegare har laga musikkdokumentarar.
Moderne western
- «Lord of Chaos» blir ikkje nokon rein dokumentarfilm, men ein fiksjonsfilm basert på det som faktisk skjedde. Eg ser på dette som ein slags moderne westernvariant der to vener blir uvener, seier Fjellstad.
21 år
«Greven» sit framleis inne for mordet på Øystein Aarseth, som han fekk 21 års fengsel for i 1994. I følgje NRK bruker han blant anna tida i fengselet på å publisere rasistiske og fascistiske tekstar på nettet.