Bli med på skrivetevling!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Førstkomande torsdag er det igjen duka for nettmøte her på Startsida.no. Vi har tjuvstarta litt og har snakka med to jenter som tek nynorsken på alvor!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du klar for skrivetevling? (Illustrasjonsfoto: Hege Lothe)Er du klar for skrivetevling? (Illustrasjonsfoto: Hege Lothe)

Noregs Mållag har sett i gang skrivetevling. Svarfristen er ikkje før 7. april, men allereie førstkomande torsdag 2. mars frå klokka 17:00 til 19:00 er det nettmøte med ekspertar frå mållaget. Då får du svar på alle moglege spørsmål - frå kløyvd infinitiv til dialekt!

Men kven er disse uoppdaga skribentane som skal tevle om førsteplassen? Vi har teke ein prat med to av jentene som vil vere med i kampen om heder, ære og ein flunkande ny pc.


Engasjerte i språket sitt


Maria Svendsen går på Oslo Katedralskole. Ho går i 2. klasse og er 17 år. Ho har byrja å tenkje på kva ho kan skrive om til skrivetevlinga, men tykkjer det er litt vanskeleg.

- Kanskje eg kunne skrive om urettferdigheita mellom bokmål og nynorsk. Det er jo slik at ein ikkje har noko val. At nokon andre avgjer kva språk du skal bruke, seier Maria Svendsen.

- Likar du å skrive?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Maria Svendsen er 17 år og går på Oslo Katedralskole. Ho er ei av dei som skal vere med på Noreg Mållag si skrivetevling. (Foto: Trine Østereng)Maria Svendsen er 17 år og går på Oslo Katedralskole. Ho er ei av dei som skal vere med på Noreg Mållag si skrivetevling. (Foto: Trine Østereng)

- Eg er ikkje så veldig glad i å skrive skulestilar. Eg tykkjer det er mykje kjekkare å skrive til aviser - til dømes. Då er det ei meining med skrivinga, seier Maria.


Dialektspørsmål


- Kva vil du spørje om på nettmøtet?

- Eg kunne tenkt meg å spørje om kvifor det har blitt slik at vi har alle dialektane? Kvifor folk er så opptekne av dialektar? Kva som skjer når kommunar bestemmer seg for kva slag målform dei vil bruke? Og kvifor nokre kommunar vel målform som ligg langt ifrå dialekten som vert brukt i kommunen?

Maria Svendsen er i frå Oslo og bytte til nynorsk hovudmål, då ho byrja i andre klasse.

- Då er du vel heilt aleine om å ha nynorsk som hovudmål?

- Nei, det er ein annan gut i klassa som også har bytt til nynorsk. Dessutan er det ein i parallellklassa mi som skal skifte til nynorsk. Det er fleire elevar i 1. klasse som har sagt at dei tenkjer på det same.

- Eg trur det er fleire som byrjar å tenkje at dei har lyst til å skrifte hovudmål, når dei ser at det faktisk er nokon som har gjort det, smiler Maria Svendsen, som nett er ferdig med sin første skuledag etter vinterferien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå ei solseng på Gran Canaria


Mildred Marita Ramberg Røthe er 17 år og går på Inderøya vidaregåande skole. Denne veka har ho vinterferie, så ho svarer gjerne på spørsmål frå ei solseng på Gran Canaria.

- Likar du å skrive?

- Eg får gjort det altfor lite. Mor mi er forfattar, så eg har vakse opp med mykje skriving rundt meg, men eg får gjort det altfor lite. Det er terskel å kome over, å setje seg ned å skrive, seier Mildred Marita.

- Oppgåva heiter Språket mitt. Viss du skriv ein tekst - kva vil du då skrive om?

- Då vil eg skrive om det å få lov til å skrive språket mitt - utan at det vert så mykje bråk om det. Eg tykkjer det er så mykje nedarva motargument mot nynorsken, seier Mildred Marita.

- Ho er i frå Sparbu i Nord-Trøndelag, men går no på vidaregåande skule på Inderøya. Ho har nynorsk som hovudmål.

- Vi er to i klassa mi som har nynorsk som hovudmål. Eg er eigentleg overraska over kor mange på skulen mi som er positive til nynorsk, smiler Mildred Marita gjennom røyret.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lurer på mykje


- Kva spørsmål vil du melde inn til nettmøtet?

- Eg har veldig lyst til å høyre om kva Språkrådet held på med for tida. Dessutan lurer eg på korleis ein brukar kløyvd infinitiv! Både Mildred Marita og Maria er klar på eit spørsmål: Om dei skulle ønskje seg ein premie, så peikar førstepremien seg ut; Ei berbar datamaskin hadde vore flott å vinne.

Men det er enno fleire månader til den premien vert delt ut på Dei nynorske festspela. Først gjeld det å få med seg

nettmøtet på Startsida.no torsdag 2. mars frå klokka 17 til 19.

Spørsmåla du vil stille kan du allereide byrje å sende inn no, til skrivetevling@startsiden.no.

(Kjelde: Hege Lothe, Noregs Mållag)


Fikk du ikkje med deg forrige nettmøte? Det finn du her

Les meir:


  • Om skrivetevlinga

    her

  • Om Noregs Mållag her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv

Reise og oppleving