Mi tv-helg(18): Blir gift i Vegas

Artikkelen fortsetter under annonsen

Venner, film, musikk og dyremoro: Alle ingrediensane til ei god helg er der.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Gifta oss?!? Korleis skjedde det? (Foto: journalnow.com)- Gifta oss?!? Korleis skjedde det? (Foto: journalnow.com)

«Friends» la ned for to år sidan, men er framleis eit trufast innslag i tv-kvardagen. I dag kan du sjå episoden kor sekskløveret reiser til Las Vegas for å spele på casino, drikke seg fulle og kanskje gifte seg.

Bra start på helga, dette, og det skjer på TV2 kl. 16.35.

Brett frå Italia


Skeleton er det engelske ordet for skjelett, men det er også ei idrettsgrein, tru det eller ei. Men kva handlar det om? Me har funne ut at det er ei form for aking, og vår kjelde meiner det som skil denne akinga frå anna aking, er kva veg akarane sit - framoverlent eller bakoverlent - og kor mange dei er på eit akebrett (eller kva det no heiter).

For å få klarheit i dette, kan me sjå skeleton for menn i Torino direkte på NRK2 klokka 19.10.

Natasha Kinski var ei av dei største indie-skodespelarane på åttitalet. (Foto: cinematheque.be)Natasha Kinski var ei av dei største indie-skodespelarane på åttitalet. (Foto: cinematheque.be)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Paris, Texas


Åttitalsikonet Natasha Kinski får runde av fredagskvelden i filmen «Paris, Texas» på TV2 kl. 00.15.

Denne filmen frå 1984 handlar om Travis som prøver å bli gjenforeint med kona etter eit heftig samanbrot i ekteskapet, om kona hans som jobbar i ei strippebule kor ho tilbyr einsame menn samtalar bak eit einvegsspeil og andre meir eller mindre sære skikkelsar i regissør Wim Wenders si verd.

Filmen fekk gode kritikkar den gongen den kom, og han har ein slags kultstatus i filmverda.

I'll be there for you


Laurdag kan me velje å treffe våre venner for livet i «Friends» att. TV2 sender programmet om korleis «Friends» vart til, om skodespelarane og dei andre involverte rundt denne serien, og kanskje kan ein finne ut noko om Chandler og Phoebe og desse andre som ein ikkje visste frå før. Klokka 16.10 går programmet «Historien om Friends» på TV2.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Blir dei betre?


Laurdag kveld passar det med litt musikk, ikkje sant? For dei som har levd lenge nok til å hugse eit tiår og to bakover, er det alltid kjekt å sjå att gamle, gode musikkheltar. På VH1 klokka 20.30 kan du sjå fleire slike godbitar, og du kan sjå korleis dei gjer seg nå.

Sonen til Far. (Foto: kairosfilm.de)Sonen til Far. (Foto: kairosfilm.de)


Med eit slikt samanlikningsgrunnlag kan me som publikum så vurdere om heltane har blitt betre med åra, eller om dei berre surfar på gamle hit'ar. «Then & Now» heiter programmet.

Sær, norsk film


NRK 2 syner denne kvelden den norskproduserte filmen «Eggs». Ikkje akkurat nokon feelgood-film, dette her, men nok ein film med sære karakterar og absurd og komisk handling.

Dei to eldre brørne Moe og Far lever i lag i eit heller monotont tilvære heilt til Fars ukjende, vaksne son bankar på hjå dei og blandar seg i livet deira. Filmen varar i ein time og 25 minutt, og byrjar kl. 22 på NRK2.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Moderne 70-åring


Charlie Chaplin var mannen som tok stumfilmen frå rein underhaldning og løfta han opp på eit meir politisk og samfunnskritisk nivå. Søndag kan me sjå «Modern Times» på NRK1 klokka 15.00.

«Modern Times» var Chaplin sin siste film. (Foto: amazon.com)«Modern Times» var Chaplin sin siste film. (Foto: amazon.com)

Denne filmen er faktisk 70 år gamal i år, og han er ikkje ein heilt stum film, det vart lagt på litt tale i etterkant av produksjonen.

Dette er ein slags «man vs machine»-film og han kan ha mykje å seie oss i dag også om (arbeids)livets store
utfordringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skummelt stjerneteikn


Skorpionar og andre «Insekter fra helvete» er neste tema på søndagens anbefalingar. Det dei fleste av oss veit om skorpionen, begrensar seg vel til at han er eit stjerneteikn og at han er skikkeleg farleg, så det kan kanskje vere greitt å få utvida horisonten sin på det området.

Kunnskap om dyr er nyttig og interessant, meiner no me i redaksjonen, og peikar til National Geographic Channel klokka 19.30.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er dette? Boklöw-stilen? (Foto: escarpment.org)Kva er dette? Boklöw-stilen? (Foto: escarpment.org)

Vinterleikar for dyr


Og dermed er me over på siste program for helga: «Dyras vinterleker» på NRK 1 klokka 22.10. Dette BBC-produserte programmet tar for seg dyra sine evner til å greie seg i naturen sett opp mot menneska sin «leik».

Det nordamerikanske reinsdyret, t.d., elskar visst å ete ein sopp som nok hadde sørgja for at han hadde blitt diska i Torino etter første og beste urinprøve.

Korfor dette programmet går såpass seint på søndag kveld, forstår me mindre, for dette må då vere eit program for dyreglade folk i absolutt alle aldrar. NRK er herved utfordra.

God tv-helg!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving