Magisk musikk og merkedagar opp av sekken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Magiske rytmar og gamle merkedagar kjem opp av den kulturelle skulesekken når musikarar i Sogn og Fjordane no på nyåret dreg ut på turne til elevar i barneskulen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

Erik Halvorsen og Lena Skjerdal tryllar med musikk. (Foto: , Sogn og Fjordane Fylkeskommune)Erik Halvorsen og Lena Skjerdal tryllar med musikk. (Foto: , Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Dei to neste vekene skal Lena Skjerdal og Erik Halvorsen trylle fram musikk saman med elevar i 1.-4. klasse Luster og Naustdal. Programmet heiter «Sy songar, sy saman - Simsalabim».

Ved hjelp av ein tryllestav får elevane vere med å trylle fram musikk med utgangspunkt i tre songar frå ulike kulturar. Musikken vert magisk, plutseleg mørk, plutseleg lys, framlengs og baklengs.

Lena Skjerdal er lektor i musikk og faglærar i drama. Ho jobbar mykje med jazz, pop/rock og etnisk musikk. Erik Halvorsen er frilansmusikar med base i Bergen, der han mellom anna er involvert i prosjekt med Olav Dale og Sondre Lerche.

Musikalsk primstav


Hanne Oftedal og Elin Grytting fortel om Primstaven gjennom song, musikk og dans. (Foto: , Sogn og Fjordane Fylkeskommune)Hanne Oftedal og Elin Grytting fortel om Primstaven gjennom song, musikk og dans. (Foto: , Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

9. januar startar programmet «Primstaven» reisa si. I første omgang er det skular i Gaular, Høyanger og Fjaler som får besøk. Primstaven var ein slags kalender dei brukte i gamle dagar. Sidan dei færraste kunne lese og skrive rissa ein strekar og figurar på ein stav av tre og kalla han primstav. Slik kunne ein halde orden på og hugse høgtidsdagar og gjeremål i kvardagen.

Musikkpedagog og folkemusikar Elin Grytting og musikkterapeut, blokkfløytist og høgskulelærar Hanne Oftedal har laga eit program om primstaven, som dei viser til elevar frå 1. til 4. klasse.

Elevane får vere med på ei reise gjennom heile året og markerer ulike merkedagar gjennom song, musikk, rytme, dans, drama, forteljingar og improvisasjon.

Den kulturelle skulesekken er i regi av Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving