Eige homobibliotek i Oslo

Artikkelen fortsetter under annonsen

Homohuset i Oslo får sitt eige bibliotek.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LHH) i Oslo og Akershus har fått 50.000 kroner i støtte av Stiftinga Fritt Ord til å få i gang biblioteket.

- Tilskotet vi har fått gjer det mogleg å realisere ein draum vi har hatt lenge, nemleg å etablere eit bibliotek med skeiv litteratur og filmar, slik dei har i Tyskland, Sverige og Danmark, seier Christian Møllerop i LLH.

Biblioteket er eit samarbeid mellom LLH sentralt og LLH Oslo og Akershus, skriv Blikk.