Medlemsrot i kyrkjesamfunn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bortimot 100.000 personar er registrerte som medlemer i fleire enn eitt trus- og livssynssamfunn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er resultatet etter at Brønnøysundregistra, på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet, har samanlikna personnummer i medlemsregister.

I underkant av 24.000 av dobbeltregistreringane finst mellom trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medan nær 75.000 er registrerte som medlemer både i Kyrkja og eit anna samfunn.

Sletting

Fungerande direktør i Kyrkjerådet, Gerd Karin Røsæg, seier at initiativet frå Kultur- og kyrkjedepartementet nok mest dreiar seg om å sikra at det offentlege ikkje betalar for mykje i støtte.

- Men det gjev også ei kvalitetssikring av medlemsregistera våre. Dette er ei opprydding vi lenge har arbeidd for å få gjennomført, uttalar ho til Kyrkjas informasjonsteneste.

Kyrkjerådet går inn for at dobbeltregistrerte vert fjerna frå kyrkja sine medlemsregister dersom den enkelte ikkje sjølv stadfestar medlemskapen. Arbeidet med å finansiera ei utsending av informasjon til alle dei nær 75.000 feilregistrerte er allereie i gang.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alvor

Røsæg understrekar at det ikkje ville hatt økonomiske konsekvensar for Den norske kyrkja å slette alle dei 74.000 dobbeltmedlemene med det same.


- Vi får ikkje offentleg støtte basert på medlemstal. Grunnen til at vi ønskjer å skriva til alle dobbeltmedlemene, er at vi tek medlemskap i trus- og livssynssamfunn på alvor.

Andre trus- og livssynssamfunn har krav på offentleg støtte per medlem tilsvarande det dei offentlege budsjetta for Den norske kyrkja utgjer per kyrkjemedlem.

Stortinget fatta våren 2005 vedtak om lovendringar som inneber at trus- og livssynssamfunn må senda inn oversikter over fødselsnummer for alle medlemer dei søkjer om statleg eller kommunalt tilskot for.


Den norske kyrkja har 3.900.000 medlemer. Det tilsvarar om lag 85,7 prosent av innbyggjarane i Noregs. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk