Kebab-fanatisme på nynorsk!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Høyrt om Kebabologisk institutt? Ikkje? Vi tok ein prat med gründeren bak den sære nettstaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slutt å tulle, tenkte eg først då tipset om Kebabologisk Institutt tikka inn på mailen min tidleg ein morgon. Kor feil kan ein eigentleg ta? Kebab er nemleg eit dønn seriøst tema for somme, og no har alle dei som elsker kebab fått sin eigen nettstad.

Kebabologisk Institutt kjemper kebaben si sak!Kebabologisk Institutt kjemper kebaben si sak!

Nettstaden inneheld eit eige kebab-forum, kebab-leksikon, eigne fem på topp-lister, nyhende, konkurransar og oppklaringar av kebab-språklege forvirringar. Her finn du til og med eit eige kebab-oversyn med meldingar frå land og strand. Du kan til og med sjølv bli reporter!


Kebab opp og ned i mente


Sidene er oversiktlege og greie, og du kan lett surfe rundt i kebaben si eiga verd. Et du kebab fleire gongar om dagen? Vel, her er du tydelegvis mellom vener ...

Döner er kebabvarianten som har slått knock-out på samtlige fastfood-kjeder i Tyskland.Döner er kebabvarianten som har slått knock-out på samtlige fastfood-kjeder i Tyskland.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hjerna bak Kebabologisk Institutt er Bjørn Urtegård, som kan fortelle at han har fått god respons frå landets kebabfanatikarar.

- Kebabfanatikarar er opptekne av stader der ein sel kebab og gir disse kultstatus. Eg opplever at det er fleire som prater seg i mellom og rangerer smaken av kebab, enn kva tilfellet er for hamburgarar.

- Dessutan kan ikkje kebab samanliknast med anna «fast food», smaken varierar veldig og det er eit breidt spekter av ulike retter frå den arabiske kulturen.

Kebab til folket


Men korleis kom du på ideen til nettstaden?
- Det var fleire som diskuterte temaet i min eigen omgangskrins, og eg fann derfor ut at nokon måtte gjere noko med dette sjølv.

- Namnet Kebabologisk Institutt valde eg fordi namnet er fengande og det kjem fram at sida er ei kunnskapsbase. Dette er seriøsitet kring eit svært smalt tema.

- Målet er Kebab til folket, å heve statusen kebaben har, informere om kva kebab eigentleg er; eit kultivert måltid på byen.

Men du då, et du kebab sjølv?
- Ja, i periodar et eg fleire kebab om dagen, men no prøvar eg å halde det på eit forskningsnivå, avsluttar Bjørn.

Alle foto er henta frå Kebabologisk Institutt sine sider.



Kebabologisk Institutt sine

heimesider

.

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk