Opptil 14 meter høge brøytekantar

Opptil 14 meter høge brøytekantar Med 12-14 meter høge brøytekantar, har brøytemannskapane frå Risa ein tøff jobb, sjølv midt i juni månad. Foto: Svein Tore Tveitane
Opptil 14 meter høge brøytekantar Med 12-14 meter høge brøytekantar, har brøytemannskapane frå Risa ein tøff jobb, sjølv midt i juni månad. Foto: Svein Tore Tveitane
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vegmannskapa har vore nøydde til å bruka sprengstoff for å koma seg gjennom snømassane på fylkesvegen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kalenderen kan koma til å visa juli før Fylkesveg 520 mellom Sauda og Røldal blir opna. Det er i så fall rekordseint.

Då lokalavisa Ryfylke snakka med Risa sin oppsynsmann i Sauda, Svein Tore Tveitane, i slutten av mai hadde han eit håp om at vegen over Røldalsfjellet kunne vera ferdig brøyta rundt 10. juni. No ser det ut for at denne planen går i vasken.

– Det går nok eit par veker til, seier Tveitane til Framtida.no.

Tveitane fortel at han sjølvsagt skulle ønska at han alt hadde opna Røldalsvegen, men peikar på at dei store snømengdene på fjellovergangen har gjort brøytearbeida uvanleg krevjande. I fleire parti er det mellom 12 og 14 meter høge brøytekantar. Enkelte stader har ein måtta bruka sprengstoff for å koma seg gjennom snømassane.

– Me freser kvar dag, men det tar tid.

LES OGSÅ: Kva skjer med klimaet i Noreg fram til 2100?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vanskelig å forutsi

Når brøytinga er ferdig, er det opp til vegvesenet å vurdera om vegen skal opnast for trafikk.

– Om Ekkjeskaret er trygt er ei vurdering som må gjerast når brøytinga er ferdig. Difor er det vanskeleg å seia noko om kva tid vegen kan opnast, seier Risa sin oppsynsmann i Sauda.

Sjølv har han vore med på å rydda vegen sidan 2011. Korkje han, eller andre han har snakka med, har opplevd liknande forhold over fjellvegen.

LES OGSÅ: Vegvesenet bruker rifle mot is

Åtvarar mot storflom

Fjellet mellom Sauda og Røldal er ikkje den einaste staden der det er mykje snø i fjellet. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om stort sannsyn for stor snøsmelteflom på Vestlandet. Einskilde stader høgt til fjells er det no meir snø enn det var for ein månad sidan, medan det lågare enn 1000 meter over havet har smelta ein del snø den siste veka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er òg meir snø enn vanleg i fjellområda nord i Nord-Trøndelag og i indre strauk av Nordland og Troms. NVE oppmodar regulantene i vassdrag med store snømengder til å vurdera behov for tiltak. Vêrforholda under snøsmeltinga er enno avgjerande for korleis årets snøsmelteflom utviklar seg.

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no.