Homolova i Uganda opphevd

OFFISIELT LOVLEG: Den ugandiske homorettsaktivisten Frank Mugisha vann ein viktig siger i dag. Foto: Facebook.
OFFISIELT LOVLEG: Den ugandiske homorettsaktivisten Frank Mugisha vann ein viktig siger i dag. Foto: Facebook.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Grunnlovsdomstolen i Uganda har erklært dei strenge anti-homo-lovene i landet ugyldige. – No er eg lovleg, seier den profilerte aktivisten Frank Mugisha.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dr. Frank Mugisha er ein ugandisk homorettsaktivist og vinnar av Rafto-prisen i 2011. I ettermiddag kom han med ei nyhende som kan tyde mykje for LHBT-personar i Uganda, skriv Framtida.

Grunnlovsdomstolen i Uganda har erklært dei strenge anti-homo-lovene i landet ugyldige. Dommarane kom fram til at lova var vedteke på ulovleg vis, og derfor er i strid med grunnlova, melder Associated Press.

Bakgrunn: Presidenten i Uganda signerte lov om homofili

Saman med andre aktivistar har Mugisha kjempa imot styresmaktene sine harde anti-homo-lover. Nyleg begjærte dei grunnlovsdomstolen om å erklære lovene ugyldig.

Ugandas mangeårige president Yoweri Museveni underteikna i februar den kontroversielle lova, som rammar homofile i landet hardt.

Les også: Forbyr omvending av homofile

Lova inneberer livsvarig fengsel for homofil praksis, og gjer det straffbart å ikkje melde homoseksuell og lesbisk praksis. Lova gjer det også straffbart å sponse og oppmode til homofili.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aktivistane har hevda at lova vart vedteke utan det naudsynte fleirtalet. I tillegg hevdar dei at lova bryt den grunnlovsfesta retten til privatliv og verdigheit, i tillegg til retten til å ikkje bli diskriminert.

Les også: Ugandisk tabloidavis navngir 200 homoseksuelle

Lovforslaget har møtt fordømming verda over, og den amerikanske utanriksministeren John Kerry har samanlikna lova med antisemittisk lovgjeving under nazistregimet i Tyskland.

Les også: Lite homosex i norske skulebøker