Brasiliansk ungdom vil endre landet

Torsdag demonstrerte ein million i gatene i Brasil. Her er det demonstrantar i Niteroi, like ved Rio. Foto: Fernando Frazão (ABr/CC BY 3.0 BR-lisens)
Torsdag demonstrerte ein million i gatene i Brasil. Her er det demonstrantar i Niteroi, like ved Rio. Foto: Fernando Frazão (ABr/CC BY 3.0 BR-lisens)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire millionar brasilianarar har gått i protesttog dei siste ti dagane. Fleirtalet er ungdom og unge vaksne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

BRASIL (FRAMTIDA.NO): – Eg trur at landet no er i endring. Det skjer meir og meir for kvar dag som går, seier Isabelli Gonçalves, som har delteke i demonstrasjonane i São Paulo.

Gonçalves (21) er frå Diadema i São Paulo og jobbar som ungdomsleiar for den norske organisasjonen Kolibri. Ho bur i eitt fattig område, såkalla favela. Her er dårlege skular og helsetilbod. Kriminaliteten er svært høg. Narkotikamafia styrer området.

Samstundes ser ho på at myndigheitene i Brasil bruker nær 90 milliardar kroner på å klargjere landet for neste års fotball-VM. Mellom 150 og 240 milliardar kroner forsvinn i korrupsjon kvart einaste år (2010-tal), syner ei kartlegging gjort av Federação das Indústrias i São Paulo.

Les også: Over 40.000 drepne kvart år

Syner styrke

Isabelli Gonçalves (21) har delteke på demonstrasjonane i São Paulo. Isabelli Gonçalves (21) har delteke på demonstrasjonane i São Paulo.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

No tek folk til motmæle mot makta.

– Demonstrasjonane er høgdepunkt for oss. Det er ein måte folket kan vise sin styrke på, seier ho.

Ho vil halde fram å delta i demonstrasjonane. Laurdag er det planlagt nye demonstrasjonar og i den kommande veka likeeins. Demonstrasjonane skjer parallelt med at prøve-VM, Confederations Cup, føregår i Brasil.

Les også: Idretten skyv fattige frå seg

Krev liv

Men kampane har kome heilt i skuggen av demonstrasjonane. To menneske har vorte drepne så langt i demonstrasjonane. I Ribeirão Preto blei ein 18 år gamal demonstrant overkøyrt av ein bil som køyrte inn i mengda med demonstrantar og i Belem omkom ein annan ungdom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er viktig nå at vi står saman, at informasjon når ut og at ein kan få protestaksjonane til verte til handling hjå myndigheitene, seier Isabelli.

I São Paulo har fleire hundretusen menneske protestert sidan demonstrasjonane byrja onsdag i førre veke. Dei fyrste demonstrasjonane byrja då det var foreslått å auke bussprisane i São Paulo med 20 centavos. Dette er no tatt tilbake. Allereie bruker lågtlønna brasilianarar heile 26 prosent av inntektene sine på transport, ifølgje Quartz.

Artikkelen fortsetter under annonsen

No har demonstrasjonane endra seg til å gjelde eit generelt misnøye med politikarar og korleis landet styrast. Brasil er kjent for ein svært høg korrupsjon.

Det har ikkje vore tilsvarande demonstrasjonar i landet på tjue år.

Les også: Prisen for dei fem ringane

Vil ha endring

Det har vore demonstrasjonar i rundt 80 brasilianske byar. I millionbyen Belo Horizonte nord for Rio de Janeiro, har det og vore daglege demonstrasjonar.

Systrene Stefany Perereira (14) og Magda Pereira (18) likar ikkje at nokre av demonstrasjonane utvikla seg til å verte konfrontasjonar med politiet.

– Eg støtter demonstrantane og ville gjerne vore med, men eg tør ikkje for det kan vere farlig, seier Stefany.

Ho peiker på at det er ei rekkje ting som burde vore endra i Brasil.

– Utdanningssystemet, kollektivtransport og helsesystemet bør betrast, seier ho.

Dei to håpar at folket i gatene kan klare å endre kursen til regjeringa.

– Vi har tru på at det kan verte betre.