Alan Bennett: «En uvanlig leser» (Pax Forlag 2008, 117 sider)Bøker er makt

 
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pKongefamiliar generelt; litterært opplyst eller sauer i flokk?</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«En uvanlig leser» er ei lita og nett bok om ei lita, men dog mektig, dame og hennar lesemønster. Eg stiller meg spørsmålet om denne kongelige lektyra er skamlaus smiger eller eit litterært skeivspark til kongefamilier over heile verda.

Leser til dømes vår eiga Dronning Sonja bøker?

Dronning Elisabeth II av England ramlar tilfeldigvis over ein bokbuss i eigen hage, når ho er ute og lufter kongsbikkjene. Den vesle damen er godt oppdratt, og av rein skjer høflegheit, låner ho sjølvsagt ei bok. Ein seier at kunnskap er makt, og til tider kan også leselyst flytte fjell.

Sjølv om ikkje fysiske fjell vert flytta som resultat av lesinga til Storbritanias overhovud, er det mykje som vert endra på grunn av Dronninga si plutslege innsikt i den litterære verda, skal vi tru «En uvanlig leser». Hoffpersonalet i viktige stillingar får sparken, nokon blir «tilfeldigvis» omplasserte og andre misser makt som eit resultat av Dronning Elisabeth II si lesing. For Dronninga endrer både si eiga personlege innstilling til verda, sine politiske standpunkt samt styredømet på andre sida av fjorden, om vi skal tru forfattaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren Alan Bennett har skrive ei lita komedie av ei bok. At nærmast både kongehus og styresmakter har innsigelser på Dronningens gryande interesse for bøker, og at hennar veksande litterære interesse skaper ringverknader for dømmekraft i situasjonar som får ringverknadar for ein heil nasjon, blir formidla på ein artig, annleis og tergande måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

At stakkars Dronning Elisabeth II sine eigne meiningar og sjølvstendige tenkjemåte skal vere truande, og bli saboterte på ein slik gjennomførbar måte som den blir i boka - er greit å ha til ettertanke, om så berre for underhaldninga si skuld.

Kva makt har eigentleg kongefamiliane verda over? Er dei alle utstillingsdokker, marionetter? Har dei sjølve eigentleg noko dei skal seie og meine?

Boka gir innsikt i kva som skjer i kulissene i ein kvardag for kongefamilien i Storbritannia. Kanskje kan denne framsyninga om kven som eigentleg styrer dette sirkuset, også vekkje vår eiga Dronning? Men då må ho så klart få fatt i Alan Bennet si bok. Og det er ikkje sikkert det er så enkelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fleste har fått med seg Dronning Sonja si gryande interesse innen kunst og design. I tillegg til at Sonja sjølv er målar, har ho ei heilt unik samling med dyrebar, utsøkt, kunst. Ho har ei eiga spesiell interesse innan design, noko som hennar belevde svigerdatter og deler. Men spørsmålet om Hennar majestet Sonja les bøker, var vanskeleg å få svar på då eg ringte informasjonsavdelinga for ei stund sidan.


«En uvanlig leser» er ei bok som sannsynligvis ikkje flytter dei høgaste fjella. Ikkje er den av eit slikt kaliber at den endrer litteratur- eller kulturhistorie, mange kjem nok aldri til å høyre nyss om den ein gong. Men det er i grunnen litt synd, for boka er moro den, og eit lite lettlest sidesprang har ein alltid godt av. Og tenk om det er nettopp denne boka Dronning Elisabeth II ramler over på sin neste luftetur i parken sin. Kanskje kan det då tenkast at den gamle ler litt i skjegget, og fyl betre med ved neste framsyning.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og apropos vår eigen kongefamilie:

Slottets eiga boksamling inneheld 26.200 bind, opplyser kommunikasjonsrådgiver på slottet, Sven Gjeruldsen. Så ein skulle vel tru at det er litteratur for ein kvar smak på det Kongelige bibliotek. Også for vår eiga Dronning.

Les også:
Bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur


Les meir om litteratur på Startsiden