Vil felle FrP etter to veker

<p class="hidden">KLAR FOR KRIG: Lars Sponheim vil bruke stortingsalen for å hindre at Frp klarer å gjennomføre sin politikk i regjering. </p>
KLAR FOR KRIG: Lars Sponheim vil bruke stortingsalen for å hindre at Frp klarer å gjennomføre sin politikk i regjering.

<pLars Sponheim gleder seg til å felle ei regjering med FrP etter to veker, dersom ikkje Siv Jensen legg frå seg kjernesakene. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Venstre-leiaren oppheld seg på hytta på Finse i sommaren med mobiltelefon og fiskestang. I helga kjem Jens Stoltenberg på opninga av Hallingskarvet nasjonalpark. Då har Sponheim invitert statsministeren på fisketur i fjellheimen. Kva dei skal prate om er hemmeleg, men dei to har eit uttalt felles mål: Å hindre Frp å få makt i Noreg.

Dei siste meiningsmålingane tyder på at dagens regjering mister fleirtalet og at Frp blir rekordstort. Sponheim har garantert veljarane at han ikkje vil støtte danninga av ei Frp-regjering. Den garantien er absolutt, og står fast, seier Sponheim. Samtidig innser han at med eit Frp nær 30 prosent vil det vere umogleg å hindre partiet tilgang til regjeringskontora. Men han har strategien klar.

Frp VS Stortinget

- Poenget mitt er at det slett ikkje er noko fleirtal for politikken til Frp i Noreg. Dei store forlika på Stortinget og synet på handlingsregelen er breitt forankra på Stortinget, seier Sponheim til ABC Nyheter.

Scenariet han skisserer er som følgjer: Store politikkområde som skatt, pensjon, klima og bruken av oljepengar er forankra i fleirtal på Stortinget – med unntak av Frp og delvis SV. Dersom Frp kjem i regjering med Høgre eller åleine, vil partiet måtte ta stilling til desse forlika. Frp har fleire gonger hevda at dei ikkje vil styre etter for eksempel handlingsregelen. Dersom dei held fast ved kjernesakene som bryt med forliket, vil Sponheim sørgje for at Stortinget bind opp regjeringa på desse områda.

- Etter Stortingsvalet går det 14 dagar før du har ein regjeringserklæring. Vi ønskjer ikkje å støtte ei regjering frå yttarste høgre. Då vil vi leggje fram vårt syn på avgjerande område. Mellom anna vil vi utfordra regjeringa på handlingsregelen. Då er spørsmålet om Frp vil gå på talarstolen og seie at dei kan leve med dette. Eg vil ikkje eingong spekulere i kva dei kjem til å gjere, seier Sponheim.

- Forlik ligg milevis frå Frp

Han understreker at dette er noko Venstre kjem til å gjere åleine, utan å samrå seg med venstresida.

- Venstre har bare seks prosent, og det er nok mange som vil hevde det no høyrest ut som om eg har 90 prosent bak meg. Men ingen skal ta ifrå meg retten til å gjennomføre det mandatet eg har. Vi vil vere veldig konstruktive i så måte, seier Sponheim.

Frp kunne styre unna fleirtalsviljen, meiner Sponheim.

- Då vil alles blikk vere retta mot Venstres politikk. Eg vil møte ei slik regjering allereie på regjeringserklæringa, når det gjeld arbeidsinnvandring og ein nøktern finanspolitikk. Då vil det fort gå dit hen at Arbeidarpartiet og andre vil henge seg på den type vedtak og krav. Det vil ligge milevis frå det Frp vil kunne regjere på, trur Sponheim.

- Må gå bananas

Det vanskeligaste for Frp vil vere å ikkje bryte handlingsregelen, som avgrensar bruken av oljepengar.

- Eg trur nok at Frp kan fire på enkelte av sine politikkområde. Men dei må gå bananas med pengar. Dei vil seie at dei kan fire på alt, men at dei må bruke meir pengar for å sitje i regjering, seier Sponheim.

Dei vil seie at dei kan fire på alt, men at dei må bruke meir pengar for å sitje i regjering, seier Sponheim.

Han meiner Frp då vil bli stilt overfor eit dilemma.

- Då kan Frp utslette viktige delar av eigen politikk, eller seie at dette vil dei ikkje, og at limousinar er det viktigaste for dei. Då rykkjer vi tilbake til start, seier Sponheim.

- Frp kan halde seg i ro

Valforskar og Ap-medlem Frank Aarebrot meiner Sponheim har rett i store politikkområde er styrt av breie forlik. Men det er ikkje dermed gitt at Frp vil forsøke å utfordre fleirtalet.

- Her er Sponheim litt vel kjapt ute. Det er ikkje gitt at Frp vel å konfrontere Stortinget med det same dei kjem til makta. Alternativet er jo at Frp ikkje seier noko som helst om desse forlika i ein regjeringserklæring, seier Aarebrot.

Frp kan seie at limousinar er det viktigaste for dei

Dessutan vil det bli eit spørsmål om kven som skyt først mot ei Frp-regjering, og kva for skyts som vert brukt.

- Man må regne med at SV vil framstille mistillitsforslag fort som faen, på ideologisk grunnlag. Då må jo Sponheim ta stilling til om han skal støtte eit slikt mistillitsforslag, på ideologisk grunnlag, seier Aarebrot.

Personvernpolicy