«Den statiske mannen» av Klaus Hagerup. Aschehoug, 238 sider.Tomromskrisa

(Foto: Scanpix)
(Foto: Scanpix) 
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pNår du blir seksti år, syt for at livet ditt har vore alt anna enn tomt.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Victor Abel er kontorist i Fredrikstad. Ein lubben, tynnhåra mann med fast jobb i teknisk etat, utan ein einaste nær ven. Han er ein grå mann som ikkje kjenner seg som ein av storhopen, men som likevel ikkje blir lagt merke til.

Ein dag møter Abel ein gateartist på torget i Fredrikstad som lever av å stå heilt stille. «The static man» stirrer lenge på Abel utan å blunke, og Abel avgjer der og då at han og vil bli ein statisk mann. Kort tid etter søker han permisjon frå jobben og legg ut på ei togreise frå by til by i Europa.

Kvilelaus

Abel vil høyre heime utan å måtte oppføre seg som ein alminneleg mann, seier han. Han vil ha åtgaum, og den sosialt klønete Abel tabbar seg ut i dei mest lattervekkande situasjonar der han prøver seg som statisk mann. Kvar gong blir han satt ut av tanken på å bli på ein stad der han har tabba seg ut. Kvar gong hentar han kofferten sin på hotellet, sjekkar ut og tek toget vidare til neste by. Sjekkar inn, sjekkar ut igjen før han får nytta rommet og reiser vidare. Kvilelaust, utan å knyte seg til stadane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Står stille

Reisa er som ein kortversjon av Abel sitt liv til no. Ingen nære vener, ingen nær familie, aldri nøgd med tilveret som grå mus, men tek heller aldri dristige valg. Difor har han heller aldri opplevd noko meiningsfylt. Det første dristige valget han tar er når han som sekstiåring søker permisjon frå jobben og hiv seg på toget. Abel seier til seg sjølv at ruinane av livet hans vil vere som ei handfull støv, ikkje eit storslått minne over eit storslått liv. Han vil gjerne bli hugsa, men for kva? Og kven skal hugse han?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skilnaden mellom livet og reisa, er at undervegs på reisa flyktar han vidare kvar gong han blir lagt merke til. Kanskje fordi han aldri før har blitt lagt merke til. Når han står på gata som statisk mann, får Abel tid til å tenke. For første gong i livet står Abel stille utan å haste. Ei grå mus, med Abels syn på seg sjølv som spesiell og viktig, må til slutt møte seg sjølv i døra. Dette møtet er morosamt lesestoff.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vittig lesestoff

Klaus Hagerups fjerde roman for voksne, er ei bok som får deg til å le høgt. Eg tar meg sjølv i å sitte og skratte høglydt over snedige formuleringar og uventa setningar. Hagerup har ei morosam stemme som leier deg gjennom Abels tilsynelatande tomme, eventuelt heilt vanlege liv. Ei grå mus, med Abels syn på seg sjølv som spesiell og viktig, må til slutt møte seg sjølv i døra. Dette møtet er morosamt lesestoff.

Boka kan dermed lesast som artig underhalding med eit snev av alvor, eventuelt kan ein velge å ta ho som ein advarsel om at tida fyk forbi. Eg tek ho som ein kombinasjon. Ein dag vaknar du opp, er seksti år og skjønar at livet snart er forbi. Du har ikkje lenger noko å tape, kjøper deg den rosa motorsykkelen du alltid har drøymt om, forlet den kjedelege mannen din og dei ubrukelege barna, og startar rockeband. Då skal alt opplevast, men er det for seint? Er det dette som kallast overgangsalderen, eller midtlivskrisa? Eventuelt kan ein kalle det tomromskrisa, når ein innser at livet ein lever er stappa fullt av tomrom, tett innpakka i eiga frykt for å ta sjansar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skriv med tanke på karakterane

Eg har lese intervju etter intervju der mann etter mann, og kvinne etter kvinne, vedgår at dei skulle ha brukt mindre tid på jobben, meir tid på ungane, mindre tid på fylla, meir tid på hesten sin og så vidare. Desse intervjua kjem meg meir eller mindre ramlande i hug når eg les denne boka. Og eg trur ikkje det var det som var meininga med «Den statiske mannen». Boka er nok skriven med tanke på dei personane Hagerup skriv om, og ikkje med tanke på å få oss til å vakne frå våre eventuelle tomrom.

Pass opp. Før du veit ordet av det sit du på eit tog til Europa. Ein merkar korleis Hagerup er djupt inne i sin karakter, korleis han manar Abel fram. Han er ein sjølvopptatt, verken lukkeleg eller ulukkeleg person som fint kan underhalde deg nokre flyktige ettermiddagstimar. Ein person som ikkje opplever store sorger og store gleder, men som flyt rundt i ei slags tåke før han sovnar på sofaen saman med katten. Du kan le over fiffige formuleringar før også du fell i søvn på sofaen, vaknar av katten som klorer deg på låret, tassar ut på kjøkkenet og koker deg kaffi før du igjen hastar videre i ditt eige liv. Pass opp. Før du veit ordet av det sit du på eit tog til Europa.