19 skadd på jakt etter ost

Det går hardt for seg i det årlege osterulleløpet. (Foto: AFP/Scanpix)
Det går hardt for seg i det årlege osterulleløpet. (Foto: AFP/Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

19 personar blei skadd i årets osterulle-løp – Storbritannias mest absurde festival.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Deltakarane spring etter ein Double Gloucester-ost ned den stupbratte skråninga på Coopers Hill. Det skal nærmast vere umogleg å halde seg på beina, og det endar med knall og fall for dei fleste. (Foto: AFP/Scanpix)Deltakarane spring etter ein Double Gloucester-ost ned den stupbratte skråninga på Coopers Hill. Det skal nærmast vere umogleg å halde seg på beina, og det endar med knall og fall for dei fleste. (Foto: AFP/Scanpix)

Fryktlause jaga deltakarane ned ei stupbratt skråning under det årlege osterulleløpet på Coopers Hill, Gloucestershire.

Dekka av gjørme snubla deltakarane seg nedover den 200 meter lange bakken med den trillande kjempeosten framfor seg, og det endar med saltomortale, knall og fall for dei fleste av deltakarane i konkurransen.

Ifølgje organisatorane som står bak festivalen, skal regnvêr ha gjort bakken så blaut at risikoen for alvorlege skader skulle vere minimal. Men meir enn 30 frivillige hadde det travelt med å ta seg av dei 19 som blei skadde under løpet.

Christopher Anderson, 19, som vann det første løpet, blei boren vekk på båre etter å ha skada ryggen sin idet han fall hodekulls over mållinja.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Forholda var ekstremt dårlege, du måtte berre gi det du hadde og håpe på det beste, sa meddeltakar Shane Beard til avisa Daily Mail.

- Chris fauk av garde, han er fullstendig fryktlaus, men eg håpar han ikkje skada seg sjølv.

Festivalen trekk til seg deltakarar og tilskodarar frå heile verda, blant anna eit filmteam frå Brasil, og deltakarar frå fjernliggjande land som Australia, New Zealand og Japan.

Denne stakkaren fall rett på hovudet i jakta på kjempeosten. (Foto: AFP/Scanpix)Denne stakkaren fall rett på hovudet i jakta på kjempeosten. (Foto: AFP/Scanpix)