- Narkopusharar er gode menneske

- Narkopusharar er gode menneske
- Narkopusharar er gode menneske
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jonas T. Bengtsson entra heroinmiljøet då han skreiv si siste bok «Submarino». Moralen la han att heime.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Jonas T. Bengtsson (f.1976)

Forfattaren fekk den danske debutantprisen i 2005 for sin kritikerroste roman "Aminas Breve" (norsk utgåve 2007) og vart nominert til Weekendavisens Litteraturpris. "Submarino" er hans andre roman. Denne har og fått overveldande god mottaking.

Bengtsson er født og vaks opp i Brønshøj. Han har tidlegare arbeida med barneprogramm i dansk fjernsyn, spelt barneteater og studert arabisk ved Københavns Universitet. I dag bur han med si dansk-marokkanske kone og eit barn i København.

Meir om Jonas T. Bengtsson: Submarino.dk

-Det er sant, seier han.

- Dei som sel heroin, som brukar heroin; mange er svært gode menneske. Og miljøet er veldig spesielt, basert på tillit frå ende til annan. Det er eit miljø som søkjer å unngå vold.

Jonas T. Bengtsson festar blikket. Den anerkjende danske forfattaren har to boksuksessar friskt i minne.

Under arbeidet med si siste bok «Submarino», som er ute på norsk i desse dagar, fekk han innpass i narkotikamiljøet i København.

- Eg var så heldig å bli kjend med leiaren i ein dansk organisasjon for aktive rusmisbrukarar. Han tok meg med inn miljøet og introduserte meg for fleire menneske der. Skikkelige folk, legg han til, som hadde ei historie å fortelje.

- Eg sat sjølv og såg på korleis folka eg blei kjend med fiksa sine eigne skot. Menneske som har vore narkomane i mange år og som har opplevd heroinmisbruket på kroppen, dei beundrar eg. Det inneber ei heilt særeigen livsvilje. Du er ikkje eit dårleg menneske sjølv om du er heroinmisbruker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Steroide torpedoar og bakmenn med karma

Forfattaren meiner at film gir eit misvisande bilete av desse tunge miljøa.

- Heroinmiljøet er ikkje som på film. Under skriveperioden blei eg kjend med både narkotikalangarar og narkomane. Eller, ein kan vel seie at desse er i same gruppe. Det er nemleg slik at om lag alle som sel heroin, brukar det sjølv.

- Å deale med heroin er ei bedrift slik som alle andre. Og det er faktisk ikkje slik at store steroide menn kjem og skal krevje inn gjelda di om det skjer seg, fortel han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Var det ikkje vanskeleg å sitje som observatør og sjå på dei som satte skot med heroin, når du veit kva skade dette gjer?

Han dreg litt på det:

- Nja... Men moralen måtte eg jo leggje igjen heime, ikkje sant?

Han blir stille.

- Det har mykje med korleis du tenkjer. Som kunstnar og forfattar har eg kome fram til at eg må gå inn i ting fullstendig utan fordommar. Eg kan vere svært fordomsfull som privatperson, men som kunstnar kan eg ikkje det. Og observatør vil eg ikkje seie at eg var - for som observatør skal ein jo ikkje blande seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Egoistiske svik

I «Submarino» treff vi to brødre, to historier og to stemmer. Nick drikk, løftar vekter og lev eit tilsynelatande meiningslaust liv. Om natta drøymer han om abortar, døde hundar og barnevogner fulle av barnelik. Historia om Nick minner om ei moderne utgåve av klassikaren «Om mus og menn». «Submarino» inneheld mykje omsorg og mykje omsorgssvikt.

- Det er så enkelt å seie at det er samfunnet som sviktar. Det er jo eigentleg menneskelege svikt det er snakk om, seier forfattaren.

Nicks bror er tung narkoman og far til vesle Martin. Det er ei rolle som er vanskeleg å kombinere. Begge brørne har vakse opp i eit samfunn med ein familie som har svikta. Svika er mange også i det vaksne livet.

I «Submarino» har Bengtsson valt å ikkje gi namn til den narkomane broren.

- Det er så lett å tru at det å bli narkoman aldri kan hende ein sjølv eller dei rundt ein. Men sanninga er at slike personlege tragedier kan hende oss alle. Ved å ikkje namngi bror til Nick, ønskjer eg å understreke akkurat det. Slik kan alle identifisere seg med han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv er Jonas T. Bengtsson ein kjend mann i heimlandet Danmark. Før debuten med «Aminas Breve» i 2005, skreiv han for Barne-TV og var sjølv i mange år eit kjend fjes frå Barne-TV og barneteater.

- Det var så vanskelig å snakke så pent, innrømmer han.

- Eg hadde ei trong for å fortelje vaksne historier til vaksne mennesker.

- Kvifor så destruktivt?

- Nick har et destruktivt samfunnsyn, som eg diverre langt på veg deler med han, seier han med eit smil. Mange lesarar forstår hovudpersonen i «Submarino», men få vil innrømme det.

Tittelen «Submarino» viser til at hovudpersonane har «hovudet under vatn» og er i ferd med å drukne. Han viser også til «Slaget ved Algeri» frå 1965, ein kjend krigsfilm som blei brukt som undervisningsmateriell i tortur i Sør-Amerika, på ein skule for bødlar. Den same filmen vart også brukt til å skulere Amerikanske soldatar i Vietnamkrigen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nick hadde fungert utmerka i ein krig. Slik som andre unge menn utan noko å leve for, treng han noko å kjempe for. Han har så mykje sinne, energi og hat inne i seg, men ikkje nokon stad å gjere av det. Nick hadde fungert mykje betre om han hadde høyrt til ein annan tidsalder, som mellomalderen eller rundt siste verdskrig. Men han hadde vore mot overmakta, trur Bengtsson.

- Eg blir fascinert av kulturen som er i dag, med treningsstudio og vektløftning i sentrum. Alle desse unge mennene som ikkje har noko å gjere, ingenting å leve for, som slåss med seg sjølv og har ingenting å bruke energien sin på anna enn på å løfte tunge vekter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein er ikkje verdt noko

- Alle treng ein indre kamp. Før eg gjekk i gang med å skrive var eg ikkje på vei nokon stad. Eg visste ikkje kva eg ville og trudde ikkje at eg syntes så godt, eg kjende meg nærmast usynleg. Eg har alltid hatt historier svirrande rundt i hovudet mitt, enkelte er betre og vanskelegare enn andre. Historia i «Submarino» er ei svært enkel historie eg meiner eg ikkje har høyrt før. Sjølv om eg ikkje kan samanlikne mitt eige drama med Nicks knallharde historie, eller brorens narkomani, var «Submarino» min kamp, og eg meiner at alle burde ha noko å kjempe for og mot.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jonas T. Bengtsson har dedikert den sterke boka til son sin, Youssef.

- Å dedikere ei bok om grov omsorgssvikt til sin eigen son, er ikkje det litt spesielt?

- Då eg hadde skrive denne boka var det det største eg nokon gong hadde gjort. Difor var det å dedikere den til sonen min det største eg kunne gjere. Så vonar eg at han les den ein dag og blir litt stolt av sin gamle far.

- Du veit, ein er ingenting før ein blir forelder. Før ein blir det, er det som om det ikkje er bruk for ein. Det er enklare å leve som far, legg Bengtsson til.