Nye stemmer i Ny Tid

Kohinoor Nordberg er en av Ny Tids nye spaltister. (Foto: Kari M. Hestad)
Kohinoor Nordberg er en av Ny Tids nye spaltister. (Foto: Kari M. Hestad)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kohinoor Nordberg, Håkon Harket, Gunnar Stålsett og Olaf Thommessen er alle nye spaltistar i Ny Tid, som elles ikkje vil gjere radikale endringar for å auke opplaget.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det blir ingen store, radikale omleggingar i Ny Tid foreløpig. Eit magasin som har ein så lang tradisjon, skal ein ikkje gjere brå endringar med, sa ansvarleg redaktør Magne Lerø under dagens pressekonferanse, der magasinet presenterte sin nye strategi etter at Vårt Land har kome inn på eigarsida.

Nye spaltistar både frå Noreg og utlandet, Noregs-nytt frå den arabiske tv-kanalen Al jazeera og bidrag frå politiske ungdomsorganisasjonar er nokre av grepa vekemagasinet Ny Tid no skal ta.

Økonomisk balanse

Magasinet opplevde eit dramatisk fall i opplag i 2007. Etter å ha vore den store opplagsvinnaren året før, fall opplaget fall frå 9258 til 7671. Ifølgje Magne Lerø skal den nedgangen skuldast sviktande laussal. No er målet å kome i økonomisk balanse i løpet av året.

Opplaget til Ny Tid skal i dag vere på 9000, ifølgje redaktøren. Han reknar ikkje med nokon stor opplagsauke i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi har kutta ned på talet eksemplar vi sender ut til forhandlarar, slik får vi mindre kostnader. Å sende ut for mange eksemplar til laussal fører til at ein får mykje i retur, det var det som øydela for Memo. Vi vil no berre sende ut det vi faktisk får selt, men av den grunn vil vi ikkje auke i opplag foreløpig. Vi byggjer sakte opp og satsar på auke i talet på abonnement, understreker Lerø.

- No gjeld det å finne seg sjølv, få ein plattform. Om eit par år kan vi gjere meir dristige satsingar. Vi trur Ny Tid har potensiale til å bli eit mykje større magasin enn det er i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Globalt perspektiv

Eit av satsingsområda til magasinet, er dei nye spaltistane dei har hanka inn.

- Spaltistar frå India, Kina, Russland, Iran skal bidra til å utvide det globale perspektivet og få fram utanlandske stemmer i den norske offentlegheita, kunne Dag Herbjørnsrud, som overtok redaktørstillinga etter Martine Aurdal i februrar, fortelje.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- I tillegg til nye norske stemmer, som Kohinoor Nordberg, Håkon Harket, Gunnar Stålsett, Olaf Thommessen, Kirsti Berg (redaktør i Fri Tanke, red.anm), Nanzneeen Khan-Østrem og forfattar Anne Hege Simonsen.

Kohinoor Nordberg er spaltist i komande utgåve. I samband med kvinnedagen 8. mars har ho valt å skrive om likestilling på ein noko utradisjonell måte.

- Eg har tru på å snu opp ned på ting for at tankane mine skal gå gjennom, seier Nordberg til ABC Nyheter.

- Tittelen på fredagens spalte er «Missekonkurranse versus Misterkonkurranse», der eg tar til orde for profesjonelle Misterkonkurransar, der det bør vere krav om både stram mage og sprettrumpe, seier den engasjerte artisten.

Feminist

I fredagens spalte skriv Nordberg blant anna:

En arena der menn helt klart er satt noe til side er jo nettopp skjønnhetsbransjen og missekonkurransene. Hvorfor skal kvinner ha så mye større mulighet til å tjene ene og alene på sitt ytre? Hvorfor har vi ikke profesjonelle Misterkonkurranser? Det finnes menn der ute som er rene kunstverk i seg selv. De bør på plakaten!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kohinoor Nordberg karakteriserer seg sjølv som feminist og hevdar at vi er langt frå likestilling i dag.

- Eg voks opp på ein barneheim i Bangladesh. Eg veit at om eg ikkje hadde kome til Noreg, og fått utdanning og hatt ei mor som sa rett ut at «det og det skal du ikkje tole», ville eg ikkje ha vore medviten desse tinga. Men eg som bur her har ressursar til å tenkje desse tinga, eg kan få mine tankar fram, seier Nordberg.

Også Håkon Harket er ny spaltist i magasinet.

- Eg skal skrive ei fri spalte, knytt opp til dagsakutelle tema. Det er i alle fall det eg har fått forespeila, seier Harket til ABC Nyheter.

Ny Tid har dessutan inngått ein utvekslingsavtale med den arabiske tv-kanalen Al jazeera, som kvar veke skal kome med oppdateringar i magasinet, blant anna om kva kva tv-sjåarane i arabiske land får vite om Noreg. I tillegg skal reportasjar frå International Herald Tribune bli trykka kvar veke.