Universitet kan bli verna

Universitet kan bli verna
Universitet kan bli verna
Artikkelen fortsetter under annonsen

48 av Universitetet i Bergen (UiB) sine bygningar i Bergen sentrum kan bli verna.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
SV-biblioteket er ein av bygningane som kan bli verna. (Foto: Universitetet i Bergen)

Prosjektet Statens Kulturhistoriske Eiendommer (SKE) skal kartlegge statlege verneverdige bygningar. 48 av Universitetet sine bygningar i Bergen sentrum er tekne med i forprosjektet.

- Det spesielle med UiB sine bygningar er at dei dannar ein samansett bygningsmasse midt i byen. Ein stor tidsdybde på eit konsentrert område gjer Nygårdshøyden til eit verdifullt kulturhistorisk bidrag, seier seniorrådgjevar ved SKE, Eirik Bø til Studvest.

Synleggjere kulturhistorie

Det er universitetet sjølv som har meld inn dei ulike bygningane til Statsbygg som driv kartlegginga.

- Dette er ein prosess for å synleggjere kva kulturhistoriske bygningar staten sjølv har. Me vart spurde om me ville melde inn dei bygningane som me meiner er kulturhistorisk verneverdige, seier fungerande bygningssjef ved Eiendomsavdelinga ved UiB, Åse Tveitnes til ABC Nyheter, og viser til at det er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar ein eventuell vernestatus vil få for universitetet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye økonomiske utfordringar

Universitetet i Bergen eig til saman 95 bygningar på til saman om lag 318 000 m2. I følgje Studvest budsjetterte Universitetet i 2007 med 18 millionar kroner til planlagd vedlikehald. Tveitnes er klar over at ein eventuell vernestatus vil gi nye økonomiske utfordringar.

- Det er dyrare å vedlikehalde verneverdige bygningar, og me veit ikkje om ein slik status vil føre til ytterlegare midlar, seier ho.

Åse Tveitnes meiner også universitetet vil dra nytte av den prosessen dei no går inn i og meiner ikkje minst det er gledeleg at studentane får opp auga for det miljøet dei går rundt i til dagleg.

Om bygningane får vernestatus blir først avgjort når den endelege rapporten til Statsbygg vert lagt fram.