Den moderne feminismens mor fyller 100 år:

- Beauvoir må ut av Sartres skugge

<p>9. januar 2008 ville Simone de Beauvoir ha fylt 100 år. På bildet: Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir under ei mottaking i Paris i 1974. Det opne, seksuelle forholdet deira skaper framleis overskrifter i Frankrikre, over 20 år etter Beauvoirs død. (Foto: AP/Scanpix) </p>
9. januar 2008 ville Simone de Beauvoir ha fylt 100 år. På bildet: Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir under ei mottaking i Paris i 1974. Det opne, seksuelle forholdet deira skaper framleis overskrifter i Frankrikre, over 20 år etter Beauvoirs død. (Foto: AP/Scanpix)

Hundre år etter den franske filosofen og feministen Simone de Beauvoirs fødsel, er det framleis sexlivet og ikkje arbeidet hennar som skaper overskrifter i franske aviser.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fakta:

Simone de Beauvoir er mest kjend for å ha skrive det filosofiske verket «Det annet kjønn» (1949), der ho analyserer kvinna og «det kvinnelege» i myter, historie, litteratur, kjærleik, ekteskap, barn, alderdom. Ho diskuterer også korleis kvinner kan oppnå ein framtidig fridom.

Det er i «Det annet kjønn» Beauvoir kjem med det berømte utsegnet: «Ein blir ikkje fødd som kvinne - ein blir det». Ein gjennomgåande tanke i essayet er korleis kvinner blir forma til å oppfatta seg sjølve som sekundære i forhold til menn, som den andre. Boka blei svært sentral for kvinnerørsla og blir kalla for den moderne feminismens bibel.

Beauvoir voks opp i ein katolsk, borgarleg familie og hadde ei tradisjonell, streng oppdraging. Ho gjorde opprør mot foreldras ideal i tenåra og byrja å studere filosofi ved det prestisjetunge universitetet Sorbonne. Der møtte ho Jean Paul Sartre i 1929, som blei elskaren og livskameraten hennar. Begge blei sentrale namn blant franske intellektuelle i etterkrigstida. Godt forankra på venstresida, engasjerte Beauvoir seg politisk heile livet. Særleg var ho oppteken av saker som råka kvinner, som frigjeving av prevensjonsmiddel, retten til fri abort og økonomisk fridom for kvinner.

Verkoversikt:

Romanar

Gjesten (L'Invitée), 1943), Pax 2007

Le sang des autres, 1945

Tous les hommes sont mortels, 1946

Mandarinene (Les mandarins, 1954) Den Norske bokklubben 1986

Når masken faller (Les belles images, 1966) Gyldendal 1968

Quand prime le spirituel, 1979

Essays

Pyrrhus et Cinéas (1944)
Pour une morale de l'ambiguïté (1947)
Eksistensialismen og den borgerlige snusfornuft (L'existensialisme et la sagesse des nations, 1948) Cappelen 1968
Det annet kjønn (Le Deuxième Sexe, 1949) Pax 1970
Privilèges (1955)
La Longue Marche (1957)
La Vieillesse (1970)

Memoarar og erindringar

Amerika fra dag til dag (L'Amérique au jour le jour, 1948) Pax 2005

En veloppdragen ung pikes erindringer (Mémoires d'une jeune fille rangée, 1958) Pax 1996

Moden alder (La force de l'âge, 1960) Pax 2004La Force des choses (1963)

En lett og rolig død (Une mort très douce, 1964) Solum 1982

Tout compte fait (1972)

La cérémonie des adieux (1981)

Simone de Beauvoir (1908-1986) har alltid vore ei kontroversiell kvinne. Ho sjokkerte Paris med sine moderne, feministiske tankar, sin kamp for seksuell fridom, sine pikante trekantar og biseksuelle affærar.

Men ifølgje The Guardian blir Beauvoir framleis Folk har tydelegvis problem med at ein kvinneleg filosof også har eit sexliv. trivialisert og underkjent i franske aviser, som aller helst vil skrive om hennar ukonvensjonelle kjærleik og «promiskuøse» sexliv.

(Gå lengst ned i artikkelen for å lese nokre personlege betraktningar rundt Beauvoirs verk. )

Beauvoir nekta å gifte seg og ville aldri ha barn, fordi ho ikkje kunne tenkje seg å leve eit liv utan å få tid nok til å skrive.

20 år etter sin død blir Simone de Beauvoir framleis rekna som ei av dei mest sentrale tenkjarane innanfor den moderne feministrørsla. (Foto: AP/Scanpix)20 år etter sin død blir Simone de Beauvoir framleis rekna som ei av dei mest sentrale tenkjarane innanfor den moderne feministrørsla. (Foto: AP/Scanpix)

- Årsaka til at det har vore eit så sterkt fokus på Simone de Beauvoirs sexliv, er at ho er kvinne, seier førsteamanuensis i filosofi,Tove Pettersen til ABC Nyheter.

- Folk har tydelegvis problem med at ein kvinneleg filosof også har eit sexliv.

«Penisfiksert»

Då det filosofiske verket «Det annet kjønn» - av mange rekna for det viktigste feministiske verket i det 20. hundreåretet - blei utgjeven i 1949, kom boka på Vatikanets indeks over forbodne bøker og skapte skandale i Paris.

Det første bindet selte i 22.000 eksemplar på ei veke, men kritikken var massiv. Beauvoir blei latterleggjort, og franske journalistar skal ha kalla ho alt frå «inntørka skulefrøken» til «naiv sydame» og «ein hund som tissar på Sartres bukser». (Sitat henta frå Toril Mois innleiing til Pax' utgåva av «Det annet kjønn» (2000)).

Slik skildrar Simone de Beauvoir sjølv mottakinga av verket:

Jeg var utilfredstilt, kald, penisfiksert, nymfoman, lesbisk, jeg hadde hatt hundre aborter, jeg var alt mellom himmel og jord, til og med ugift mor. Man tilbød seg å kurere meg for min frigiditet og tilfredsstille mitt vampyriske begjær.

Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre promenerer på stranda i Copacabana i Rio, september 1960. Dei to heldt saman livet ut, trass i at dei begge hadde andre kjærleiksforhold. (Foto: AFP/Scanpix)Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre promenerer på stranda i Copacabana i Rio, september 1960. Dei to heldt saman livet ut, trass i at dei begge hadde andre kjærleiksforhold. (Foto: AFP/Scanpix)

Sartres skugge

Simone de Beauvoir levde i eit såkalla ope forhold med filosofen Jean-Paul Sartre. Dei hadde begge ei lang liste med partnarar, som inkluderte både intellektuelle (Beauvoir hadde blant anna ei langvarig kjærleikshistorie med den amerikanske forfattaren Nelson Algren) og Beauvoirs unge, kvinnelege studentar. Ei av desse, Bianca Lamblin, skreiv seinare ei memoarbok med tittelen: «A Disgraceful Affair», der ho gjengir kva Sartre sa før han forførte ho for første gong på eit hotellrom i Paris:

«Hotellets kammerpike vil verkeleg bli overraska, for eg tok jomfrudommen til ei jente også i går.»

Simone de Beauvoirs eksistensialistiske filosofi har ofte blitt skulda for å vere ein blåkopi av livskameraten Sartres tankar.

Førsteamanuensis i filosofi, Tove Pettersen, meiner Beauvoir er ein sterkt underkjent filosof. (Foto: UiO)Førsteamanuensis i filosofi, Tove Pettersen, meiner Beauvoir er ein sterkt underkjent filosof. (Foto: UiO)

- Simone de Beauvoir er ein sterkt underkjent filosof. Det er påtakeleg at ideane hennar har blitt så lite undersøkt. Framleis blir Beauvoir omtala som «feministen» eller «forfattaren» Beauvoir, eller i beste fall den «feministiske filosofen» Beauvoir, fortel Tove Pettersen, som til dagleg underviser ved Universitetet i Oslo.

Dagboksnotater

- Det er tydelegvis umogleg å skulle seie noko om kvinner og feminisme og samstundes bli tatt på alvor som filosof. Men heldigvis er dette i ferd med å endre seg. Det er mange unge studentar som har byrja å vise stor interesse for filosofien hennar.

I samband med jubileet blir det stadig vekk publisert nytt materiale, som brev, korrespondanse og dagbøker, som gjev oss innblikk i livet og tankane til den spesielle kvinna.

- Nyleg blei dagboksnotater frå då Beauvoir var 18 år gammal publisert, opplyser Pettersen.

- Dette var tre år før ho traff Sartre, då ho var filosofistudent, og vi kan følgje dei refleksjonane Beauvoir gjer seg under studiane og lesinga av filosofane. Her skisserer ho tankar som ho utviklar seinare i forfattarskapen sin, og som tidlegare har blitt forstått som Sartres idear. No kan vi spore dei tilbake til Beauvoir og tida før ho møtte han, noko som vil setje ein stoppar for spekulasjonane om at Beauvoir ikkje var noko meir enn ein Sartre-elev, fortel Tove Pettersen, som sjølv skal halde foredrag om Beauvoirs eksistensialistiske filosofi under feiringa i Paris denne veka.

Pettersen meiner det er heilt klart at Beauvoir utvikla ein sjølvstendig filosofi. Det at ho viser til Sartre og andre filosofar i sine tekstar, er eit vanleg grep når ein skriv seg inn i ein filosofisk tradisjon.

- Det som er oppsiktsvekkjande, er at om ein tar seg tid til å lese Beauvoir, så ser ein fort at ho har ein annan type filosfi enn Sartre. Hennar eksistensialisme er ganske annleis enn slik ein vanlegvis forstår denne tradisjonen. Eksistensialismen blir vanlegvis knytt til ganske dyster tenking, der omgrep som «angst» og «død» står sentralt. Men hos Beauvoir finn ein ei heilt anna stemning. Ho legg stor vekt på glede som fenomen og set det i motsetnadsforhold til angst.

- Men det er mange kvinner i filosofihistoria har blitt utsett for same behandling, og blitt plassert i skuggen av ein mannleg filosof, seier Pettersen.

Simone de Beauvoir på sine eldre dagar. Bildet frå 1986. (Foto: AFP/Scanpix)Simone de Beauvoir på sine eldre dagar. Bildet frå 1986. (Foto: AFP/Scanpix)


Kva betydning har Simone de Beauvoir hatt for feminismen?


Siri Lindstad, redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett:

- Simone de Beauvoir har eit namn som alle som arbeider med feminisme og kjønnsspørsmål kjenner til. Beauvoir er ein autoritet, ein pilar innan feminismen. Eg las «Det annet kjønn» første gong då eg var sytten år, og eg hugsar det gjorde inntrykk. Då las eg den forkorta utgåva som var tilgjengeleg då. Eg har lyst til å lese boka på ny i samband med hundreårsjubileet.

Bloggaren Drusilla ( Dagens onde kvinner ):

- Da jeg leste Simone de Beauvoirs «Det annet kjønn» som ung kvinne var det for meg en sammenhengende wow-opplevelse. Det er en skremmende bok. Jeg husker jeg leste om hvordan biologien har blitt brukt mot kvinner gjennom historien - til å redusere og begrense: «Hun er en livmor, et par eggstokker, hun er kort sagt en hunn.» Og jeg tenkte: Herregud, dette høres kjent ut. Man kan fortsatt åpne en avis og finne folk som kverner på den samme visa: Jenter er sånn og sånn og det har genene bestemt. Eller kulturen. Uansett er budskapet det samme: Get back in line.

Men Simone de Beauvoir har utstyrt kvinnebevegelsen og kvinner og mennesker generelt med et fantastisk budskap om frihet. Mennesket har potensialet til å forandre verden og til å forandre seg selv. Ja, kvinner har en annen kropp enn menn, og det er bare kvinner som kan føde barn, men hvordan vi organiserer livene våre derfra er ikke skjebnebestemt. Hvordan vi oppdrar barna våre er ikke skjebnebestemt. Vi kan velge å skape en verden uten rosa og blå tvangstrøyer. På slutten av «Det annet kjønn» skriver Simone de Beauvoir: «La meg gjenta dette enda en gang: for å forklare kvinners begrensninger, er det kvinnens situasjon som må påkalles, ikke en mystisk essens. Fremtiden er fremdeles vid åpen... Den frie kvinnen er først nå i ferd med å bli født». Kanskje er det egentlig først nå det holder på å skje?

Seniorrådgivar i Likestillings- og diskrimineringsombodet, Ylva Lohne:

- Simone Beauvoir har sprengd grenser og inspirert kvinner over hele verda med bøkene sine. Fridomen til å velje er den viktigaste bodskapen, sjølv om samfunnet legg ulike føringar på vala for kvinner og menn. Alle har ein ibuande fridom til å velje, og det er gjennom denne fridomen ein kan realisere seg sjølv. Det er derfor viktig å jobbe for å sikre reelle valgmuligheter for alle. Rammene rundt enkeltpersoner kan vere trange og gi lite handlingsrom, noko som fører til systematisk ulikskap på viktige samfunnsområde. Valmoglegheitene er ikkje nødvendigvis dei same for kvinner med minoritetsbakgrunn som for fleirtalet i Noreg.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus