Teagan (2) overlevde mirakuløst:Fekk skrutrekkjar inn i hjernen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Toåring fall på ein skrutrekkjar under leik. Den gjekk rett inn i hovudet hennar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Røntgenbildet viser kor djupt skrutrekkjaren gjekk inn i hjernen på toåringen. Faksimile frå Sky News.Røntgenbildet viser kor djupt skrutrekkjaren gjekk inn i hjernen på toåringen. Faksimile frå Sky News.

- Ho er julemirakelet vårt, seier Katie Gislason, mor til vesle Teagan, til Sky News.

På julafta kunne endeleg familien Gislason samlast igjen i heimen, etter at Katie hadde vore ei veke på Mayo Clinic i Rochester.

Dei einaste synlege teikna på den fæle ulukka er eit blodraudt arr over det venstre auget hennar. Det var der skrutrekkaren bora seg inn i hjernen på jenta.

Snubla under leik

Ulukka skjedde då Teagans pappa Neil hadde tatt dei fire døtrene sine med på gudsteneste i St Pauls kyrkje i Cannon Falls, Minneapolis.

- Eg satt med tre av dei i kyrkja då Teagan vandra i veg. Ho var rastlaus og ville ikkje sitje stille, fortel pappa Neil Gislason.

Toåringen forsvann inn i eitt av leikeromma til kyrkja. Der fann ho ein skrutrekkjar. Ho har sannsynlegvis sprunge med den i handa då ho snubla og fall rett på den kvasse delen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av dei vaksne i kyrkja oppdaga toåringen med skrutrekkjaren som stakk rett ut av hovudet.

- Eg sprang fram til ho. Ho stod opp, gjekk omkring og grein ikkje. Det var forferdeleg å sjå. Meiselen satt djupt, fortel Neil Gislason.

Jenta blei ført til sjukehuset der røntgen viste at verktøyet hadde trengt fem centimeter inn i hjernen.

Ikkje varige men

- Eg uroa meg ikkje for at ho skulle få arr, miste rørsleevna, synet eller talen. Eg ville berre at ho skulle overleve, seier Katie Gislason.

Etter fire timar kunne ho puste letta ut. Lækjarane hadde då lukkast med å losne verktøyet utan å operere.

- Dei trur ikkje at Teagan kjem til å få varige men. Det er ingenting feil med ho, seier Neil Gislason.