Feministar er gode på kjærleik

Feministar er gode på kjærleik
Feministar er gode på kjærleik
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du saman med ein feminist, er du mest sannsynleg i eit lukkeleg kjærleiksforhold.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

Er du ein av dei som trur at «feminist» er einsbetydande med det å vere ein uattraktiv, mannehatande, bh-brennande furie? Og at feministar er totalt uinteresserte i kjærleik, i alle fall den tradisjonelle, heterofile kjærleiken til ein mann?

Då fortener du å få fordommane dine utfordra.

Ei amerikansk undersøking viser nemleg at det ikkje er nokon motsetnad mellom romantikk og feminisme, og at feminisme faktisk kan gjere det heteroseksuelle parforholdet betre.

Forskarane Laurie Rudman og Julie Phelan ved Rutgers Universitet i USA undersøkte samahengen mellom det å definere seg sjølv som feminist og det å ha eit lukkeleg parforhold blant 242 collegestudentar og 289 vaksne med meir livserfaring.

Deltakarane i undersøkinga skulle vurdere kvaliteten på sitt eige forhold, sett i samband med semje om likskap mellom kjønna, stabiliteten i forholdet og seksuell tilfredsstilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Både kvinner og menn med feministiske partnarar kunne melde om sunnare og meir stabile forhold og større seksuell tilfredstilling.

Dei to forskarane testa også gyldigheita i den stereotype oppfatninga av feministar som single, lesbiske og seksuelt lite attraktive samanlikna med ikkje-feministar.

Dei fann inga støtte for denne hypotesen blant sine deltakarar.

Faktisk viste studien det motsette: Det er meir sannsynleg at feministiske kvinner er i eit heteroseksuelt, romantisk forhold enn ikkje-feministiske kvinner.