Doris Lessing vann Nobels litteraturpris

Doris Lessing vann Nobels litteraturpris
Doris Lessing vann Nobels litteraturpris

Får 10 millionar svenske kroner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Nobelprisen i Litteratur

Vinnarane dei ti siste åra:

2006 - Orhan Pamuk

2005 - Harold Pinter
2004 - Elfriede Jelinek
2003 - J.M. Coetzee
2002 - Imre Kertész
2001 - V.S. Naipaul
2000 - Gao Xingjian
1999 - Günter Grass

1998 - José Saramago
1997 - Dario Fo

Oversikt over alle prisvinnarar sidan 1901

Vinnaren av Nobels litteraturpris 2007 blei klokka 13 i dag presentert av Svenska Akademiens leiar Horace Engdahl i Stockholm.

I år gjekk verdas mest prestisjefylte litteraturpris til Doris Lessing.

Ho mottar 10 millioner svenske kroner under Nobeldagen 10. desember i Stockholm.

Som vanlig har spekulasjonane vore mange før årets val. Det var amerikanaren Philip Roth som toppa bookmaker-firmaet Ladbrokes si liste over mest sannsynlege prismottakarar. Ladbroke har tidlegare hatt rett, då dei tippa J.M Coetzee i 2003 og Orhan Pamuk i 2006.

Men i år tok dei altså feil.

Doris Lessing har lenge blitt sett på som ein av vår tids største forfattarar, ikkje minst på grunn av bøkene frå det afrikanske kontinentet.

Juryen trekkjer særlig fram Lessings tre biografiske verk frå slutten av 90-talet i si grunngjeving. Vidare grunngjev dei valet med at 87 år gamle forfattaren er «den kvinnelige erfaringens epiker, som med skepsis, hete og visjonær kraft har tatt en splittet sivilisasjon til gransking».

Sidan Nobelprisen i litteratur byrja å bli delt ut for 106 år sidan er det berre ti kvinner som har fått han. Elfriede Jelinek som vann i 2004 er einaste kvinne som har fått prisen dei siste ti åra.

Svenska Akademien skal berre leggje vekt på litterær kvalitet, men passar også på at prisen ikkje får eit for sterkt europeisk eller amerikansk tyngdepunkt.

I fjor gjekk prisen til den tyrkiske romanforfattaren Orhan Pamuk.


Fakta om forfattaren:

Doris Lessing blei fødd 22. oktober 1919 i det noverande Iran av britiske foreldre. I 1925 flyttet familien til ein farm i Sør-Rhodesia, (Zimbabwe). Lessing skildra oppveksten i sjølvbiografien «Under huden» (Under My Skin: Volume One of My Autobiography) som kom i 1994.

I 1950 debuterte ho med romanen «The Grass is Singing», som handlar om forholdet mellom ei kvit farmerhustru og hennar svarte tenar.

Etter å ha gått på ein katolsk jenteskule, slutta ho på skulen 14 år gammal. Deretter jobba ho som barnepike, telefondame, sekretær, stenograf og etter kvart journalist. Hun publiserte også nokre noveller.

Då andre verdskrig braut ut, gifta ho seg og fekk sonen John og dottera Jean. Ho skilde seg, og etter krigen gifta ho seg på den med den tyskjødiske Gottfried Lessing. Dei to møtte kvarande i ei marxistisk gruppe som jobba med rasespørsmål. Sjølv blei ho politisk aktiv i Southern Rhodesia Labour Party.

Ho har seinare skrive romanar og noveller innanfor fleire sjangrar, blant anna science fiction, og har markert seg som ei sterkt feministisk og samfunnsengasjert stemme.

Lessing har i fleire år vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur.

Kjelder: Gyldendal, NTB

Les meir på Nobelprize.org


Bøker av Lessing som er omsett til norsk:

Det synger i gresset. (1951)

Sommeren før mørket. (1974)

Den gylne notatbok. (1975)

19 noveller. (Noveller, 1975)

En overlevendes erindringer. (1975)

Instruks for en nedstigning i helvete. (1976)

Byen med de fire porter. (1977)

Martha Quest. (1979)

Kattene. (1980)

Ekteskapene mellom Sone Tre, Fire og Fem. (1980)

Sirius-eksperimentene: rapporten fra Ambien II, av de Fem. (1981)

Representantene for Planet 8. (1981)

Et ordentlig ekteskap. (1981)

Innestengt. (1982)

En krusning etter uværet. (1982)

De sentimentale agentene i Volyen-imperiet. (1983)

Jane Somers' dagbøker. (1985/86)

21 noveller. (Noveller, 1986)

Den gode terroristen. (1987)

Ordene våre blir borte med vinden. (Prosa, 1987)

Det femte barnet. (1989)

Mine katter. (1991)

Avgrunnen og andre noveller. (Noveller, 1992)

Under huden. (Selvbiografi, 1995)

Kjærlighetens teater. (1996)

Skyggevandring. (Selvbiografi, 1997)

Mara og Dann: en fortelling. (2000)

Kjelde: Gyldendal


Relaterte saker:

Franskmann og tysker fikk nobelprisen i fysikk

Stamcelleforskere får nobelprisen i medisin

Personvernpolicy